Blogg

Øysteins gitarskule, del 2

Gjennom rocktober skal eg guide deg gjennom Rocksmith frå Ubisoft.

Her kan du lese første del av gitarskulen.

Der rauk ein streng gitt. Det slo meg no at det er ikkje så ofte ein spelar spel der ting kan gå i stykke, men slik er det altså med Rocksmith. Eg veit ikkje med deg, men for min del er det noko som berre blir veldig riktig med at strengen ryk midt under den støyande soloen på Where is My Mind av Pixies. Denne låtar er overraskande vrien, men først og fremst sidan heile skjermen lyser opp sidan du skal spele på alle strengar samtidig ganske ofte.

Eg kan vel seie det som slik at mi største utfordring så langt er ikkje songane i seg sjølve. Eg har møtt veggen nokre gongar, men det som kontinuerleg gjev meg hovudbry medan eg står der, er å forstå kvar eg skal putte fingeren.

Du skjønar, når du spelar ei låt ligg gripebrettet ditt pent bretta ut over nedste del på skjermen. Fint det. Kvar streng har i tillegg fått sin eigen farge. Enda betre. Og når du skal spele på ein streng dukkar ein kloss opp på skjermen som viser kvar du skal putte den.

Dette verket har eg kalla «hugleik», og det kan bli ditt for 76 000 kroner.
Dette verket har eg kalla «hugleik», og det kan bli ditt for 76 000 kroner.

Alt dette er fryd og gammen i teorien, men det har vist seg meir enn ein gong at eg slit hardt med å snappe opp nøyaktig kvar fingrane skal, fomlar litt, rotar det til, og låser meg fast i ein litt vond syklus der eg naglar fleire parti på ei låt, men likevel alltid blir forvirra og usikker på eitt.

Dette får oss ganske galant over på dagens tema: Problem

Luktar det sur sokk, eller er det berre meg?

Okay, Eg har oppdaga ein del ganske teite ting no. Eller, teite er kanskje ikkje ordet. Ein leksjon i sjølvdestruksjon er vel heller ordlyden eg er på jakt etter. Det har med sære designval å gjere, og i Rocksmith er det både ein og annan ting som ikkje gjev meining.

Det eg først og fremst tenkjer på no er korleis progresjonen fungerer. Kvar gong du går vidare på «reisa» di for å blir rockestjerne eller gitarhelt, tek du eit event om gongen. Det vil seie at du får eit knippe låter å øve på, kanskje ein teknikk eller to å terpe på, og når dette er gjort er du klar for å spele konsert på ei virtuell scene.

Alt greitt der, men det er snodige omvegar som gjer dette vanskeleg. Skulle du til dømes øve på ein song, gjere deg ferdig, og velje å gå vidare slik at du kan spele andre låter, då forsvinn den originale låta. Har du først kvalifisert deg til ei låt ved å spele den opp til høg nok poengsum blir den fjerna frå eventet inntil du vel å framføre den som eit ledd i ein konsert.

Kan ikkje spele rock i fargar. Går ikkje an.
Kan ikkje spele rock i fargar. Går ikkje an.

Det er frustrerande. Kva om eg må stoppe opp og slå av maskina før eg er ferdig med eit event? Kva om eg vil øve meir før eg bryner meg på konserten?

Joda, eg kan det, men gjennom omvegar. Eg må inn på songlista, og bla meg alfabetisk gjennom heile sulamitten til eg finn låta. Det er uhyre tungvindt. Kva med ein liten søkefunksjon i det minste?

Om du går inn på songlista i staden for å øve på songane gjennom eit event får du derimot mykje meir å bryne deg på. Å gå inn på individuelle songar let deg øve på dei så godt som fram og tilbake. Du kan gå gjennom dei frå enkel versjonar til meir avanserte, og i Riff Repeater kan du repetere enkelte element heilt til dei sit som støpt. Det er ein veldig smart funksjon som kjem godt med når det midt i ei låt dukkar opp nokre sologreier som du ikkje forstår bak eller fram på sidan fargerike firkantar flyg over skjermen raskare enn du klarar å oppfatte kva nummer dei ligg på.

Det er i slike stunder det gjer seg med at spelet skrur ned farta fordi du er elendig. Men kvifor er ikkje Riff Repeater tilgjengeleg frå event-menyen? Det er jo du verkeleg vil trenge den. Første gong du får deg ei låt, og må bryne deg på utfordrande ting.

Eg har ein ting til å klage over i dag. Eg har ikkje funne nokon måte å låse vanskegrad på, og det plagar meg. Det er herleg å heile tida få ei høgre utfordring, og samtidig meistre denne, men eg vil helst ikkje bli introdusert for nye notar i ei allereie (for meg) avansert låt midt under ein konsert. Det er urettferdig!

I godt lys ser alle kule ut når dei spelar gitar. Kanskje eg heller skal starte rockelysskulen?
I godt lys ser alle kule ut når dei spelar gitar. Kanskje eg heller skal starte rockelysskulen?

Spørsmål og svar

Eg fekk nokre spørsmål sidan førre innlegg, og tenkte å svare på dei no.

Om Epihphone Les Paul Special II (herlege namn på desse gitarane, ikkje sant?) er noko å satse på kjem veldig an på kor mykje du vil satse. Om du berre har lyst til å prøve deg litt på gitar for å sjå om det er noko for deg, er det surt å svi av pengane på ein dyr gitar som aldri blir brukt. Skal du ha veggpryd er Special II ein av dei penaste billeggitarane eg har sett, så den biten er kurant.

Epiphone Les Paul Special II.
Epiphone Les Paul Special II.
Ein nærare kikk på vidunderet.
Ein nærare kikk på vidunderet.

Utover det så er det ein ganske lett gitar, og den er tynnare i kroppen enn ein vanleg Les Paul. Samtidig er den lettspelt, og lyden er heilt grei. Spør du meg er det tull å bruke pengar på ein dyr gitar om alt du vil er å lære. Dette er ein knakande god gitar for prisen, så om budsjettet skulle vere stramt er det ikkje noko å lure på.

Angåande musikkteori så har eg funne veldig lite som minnar om slikt. Det er i alle fall ingenting å lese sånn bortsett frå den infoen som blir deg fortalt kvar gong ein nye teknikk blir introdusert. Dette er ikkje eit spel som lærer deg teorien, dette handlar utelukkande om praksis. I staden for å lese, får du leike. Eg har så langt låst opp tre spel i Guitarcade, og her kan eg skyte ender og flytte klossar som i Tetris ved hjelp av strengane.

Det er ikkje teori akkurat, men det hjelper deg til å byggje opp muskelminne, og å bli raskare på gitaren.

Eit anna spørsmål som har dukka opp er om dette passar for dei som aldri har tatt i ein gitar før. Til det vil eg seie at om du er i den båsen, så er det først og fremst deg spelet er laga for. Dei som aldri har spelt før, og så har vi folk som meg, som har spelt, men aldri nok til å bli skikkeleg god.

Kan eg bli skikkeleg god? Anar ikkje, eg har ikkje blitt det enno, men eg merkar definitivt framgong, og spelet sender meg stadig opp i nivå og byr på hardare utfordringar. Tida vil vise.

Utover det så inneheld spelet ein Bassmodus, og den vil eg sjekke ut litt seinare.

PS- Her har eg nett skifta strengar, og så ryk ein til. Er litt usikker på om Epiphone Les Paul Special II kanskje har ei strengforbanning kvilande over seg.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen