Bygde 1600-talets London i CryEngine

Universitetsstudentar vann konkurranse.

Tanken om å bruke spel i skulesamanheng er på ingen måte ny, sjølv om det har ein lei tendens til å vere langt mellom reelle tiltak. Studentar ved De Montfort University i England tok det heile eit stykke lenger enn som så.

Ved å bruke historiske kart frå British Library har studentane i teamet Pudding Lane brukt Cryteks CryEngine for å byggje opp London slik det var på 1600-talet, før brannen i 1666. Dette fortel Eurogamer i dag.

Konkurransevinnar

Pudding Lane-gjengen har hatt eit solid auge for detaljar.
Pudding Lane-gjengen har hatt eit solid auge for detaljar.

Den digitale versjonen av London blei skapt i samband med Cryteks Off the Map-prosjekt. Denne konkurransen gjev studentar sjansen til å bruke historiske kart frå kjende landemerke i verda som utgangspunkt for å skape noko spanande i CryEngine. Studentane har vore frie til å lage det dei ville, utan retningslinjer å forholde seg til.

Dommar Tom Harper skildra vinnarprosjektet på følgjande måte:

«Enkelte av desse utsiktene kunne ha passa inn som spesialeffekter i ein Hollywoodproduksjon. Tåka som ligg over byen er fantastisk, og studentane har lagt stor vekt på viktige detaljar på London Bridge, Queenshithe-bygningen på elva, og til og med glitringa på vindaugsråmene.»

Neste stopp på programmet for Pudding Lane bør vere ein interaktive versjon med støtte for Oculus Rift slik at vi kan ta guida turar gjennom gamle London. Ein video frå prosjektet kan du sjå på utviklarteamets Youtube-kanal.

Les også: Slik kan spillgrafikk se ut i tiden fremover
Les også: Neste Monster Hunter brukar CryEngine

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen