Destinys første ekspansjon kjem snart

Bungie gjer seg klare til å servere nye oppdrag og nytt utstyr.

Etter lang tids venting blei Destiny endeleg lansert i september. Spelet blei ein enorm suksess for Activision og Bungie, og enda opp med å setje nye salsrekordar etter berre få dagar i butikkane.

I dag har Activision sendt ut ei pressemelding der dei fortel at den første ekspansjonen til Destiny kjem 9. desember på PlayStation- og Xbox-plattformer. Denne vil by på ei solid dose nytt innhald til dei som allereie har kome seg gjennom det Destiny har å by på. I følgje Bungie-president Harold Ryan er dette berre starten på kva vi har i vente:

Er du klar for nye utfordringar i Destiny?
Er du klar for nye utfordringar i Destiny?Bilde: Activision

«Destiny blei skapt som eit levande univers, og det har tillete oss å forbetre opplevinga kontinuerleg etter lansering. Det har òg gjeve oss innsikt i kva spelarane ser etter i nytt innhald. Tilbakemeldingane har fortalt oss at folk vil ha nye aktivitetar, utstyr og våpen, samt fleire Raid. Samfunnet rundt spelet hjelper oss med å forme avgjerslene våre, og det er veldig viktig for oss.»

Til mørke avgrunnar

Utvidinga som har fått namnet The Dark Below byr på tre nye oppdrag der du skal stoppe eit forsøk på å mane fram ein gud som vil øydeleggje jorda. Ved sidan av dette får vi eit nytt samarbeidsoppdrag. Dei som spelar på PlayStation-konsollar vil få eit ekstra samarbeidsoppdrag, samt eit eksotisk våpen.

Alle spelarar vil uavhengig av plattform få nye våpen, nye rustningar, og nytt utstyr. Erfaringsnivået blir auka til 32, og kvar spelar får fem nye Bounty-plassar. Ekspansjonen bilr runda av med eit nytt Raid, og tre nye arenaer for dei som vil kjempe mot kvarandre.

Sjølv om Destiny blei ein gedigen kassasuksess for Bungie og Activision, var vi ikkje heilt imponerte over kva Bungie hadde fått til. Vi meinte spelet var drepande repetitivt og sjelaust.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen