Anmeldelse

Dungeon Lords

Stort sett kosar eg meg kvar gong det dukkar opp eit nytt action-rollespel der ditt einaste formål er å drepe enorme mengder med fiendar. Det er ein viss sjarme med slike hjernedaue spel som ikkje krev noko av deg, men kan la deg kose deg ei stund med litt meiningslaus vald. Det var inntil Dungeon Lords dukka opp. Aldri i mitt liv har ei slik avsky vella opp inne i meg kvar gong eg høyrer namnet på eit spel. Det er ei direkte katastrofe som overgår alt eg nokonsinne har opplevd av søppel.

Sett det før, gjort det før
Utgangspunktet er like typisk som for alle slike spel. Ein forferdeleg vondskap truar verda, og du må snekre saman ein liten karakter for å hamle opp med dette. Til og med her viste det seg at Dungeon Lords ikkje held mål. Joda, eg kunne lage karakter, men ikkje pokker om eg kunne få helten min til å sjå ut som eg ville. Joda, knappane for å forandre hår og ansikt var der, eg kunne berre ikkje trykke på dei. Dei lyser, men ingenting skjer. Om ikkje dette lovar bra, så veit ikkje eg. Det var kanskje her min naive optimisme fekk seg ein knekk, sidan eg trass alt hadde gleda meg litt til å slakte monster i ei verd snytt ut av nasa på Gary Gygax (pappaen til Dungeons & Dragons), på ein dårleg dag med influensa.

Herifrå bar det endeleg ut i ein skog, der eg fekk springe rundt litt. Dette var for så vidt greit nok (om vi for ei lita stund ignorerar det faktum at spelet er direkte stygt). Det var først då eg møtte på ein mann i skogen at eg innsåg eg sannsynlegvis hadde dei verste timane i mi historie som journalist foran meg. Fyren snakkar med stemma til ein person eg tippar aldri kom inn på teaterskulen, og derfor drukna sine sorger på ein nærliggande pub (eg vil anta det var der D.W. Bradley (pappaen til Dungeon Lords) fant denne fyren, som strengt tatt burde ha blitt sittande der). Ikkje nok med at eg må lide meg gjennom stemma til dette utskotet, men i tillegg er det ikkje heilt enkelt å skifte samtaletema. Du skjønar, når eg vel å spørje denne fyren om noko før han er ferdig med det han allereie snakkar om, snakkar han brått om to ting samtidig. Trur du dette er ille? Berre vent, det blir verre.

Som gjentatte slag mot solar pleksus
Det er ikkje før ein kjem seg inn i det nærliggande kloakksystemet at ein verkeleg får lyst til å springe til nærmaste våpenhandlar. Dungeon Lords har det vi kan kalle eit "kreativt" system for erfaringspoeng. Først framstår alt heilt greit, og du får ei mengde med erfaringspoeng du kan bruke til å bygge opp karakteren din med. Dette er inntil du dør for første gong. Berre slik at du er advart, du kjem til å dø oftare enn kva du er i stand til å akseptere i dette spelet. Banalt nok har D.W. Bradley (hugs namnet) bestemt at fiendar skal dukke opp igjen kontinuerleg. Dette medfører at du gjerne spring inn i ørten grupper med fiendar samtidig, noko du ikkje er i stand til å hamle opp med. Du dør, og når du dør blir du svakare. Ja, du høyrde riktig, kvar gong du dør mistar du poeng på styrke, intelligens osv.

Det seier seg sjølv at dette ikkje fungerar. Kvar gong du dør, blir sjansen din for å klare neste kamp mindre. Altså, dør du først ein gong, blir det det første steget i ei lang rekke dødsfall som vil få deg til å ende opp med ein karakter som etter kort tid er fysisk svakare enn den du starta med. Om du trur du kan lure spelet ved å hente fram igjen ei tidlegare lagra fil, kan eg for ordens skuld informere om at du då må tilbake til hovudmenyen. Det beste du kan gjere er å drikke helsedrikkar som ein galning og sørge for at du aldri må bøte med livet.

Dette er ikkje alt som gjer spelet vanskeleg. Kampsystemet i er heilt på trynet. Kvar gong du blir slått, vil det hemme deg ei kort stund, noko som gir fleire fiendar sjansen til å slå på deg utan at du eigentleg får gjort noko særleg. Andre ting som kan hindre deg i å gjere noko som helst, er dei forferdeleg irriterande slima som dukkar opp tidleg i spelet. Desse spyr ut giftige gassar som får deg til å hoste og harke over eit større tidsrom enn du sannsynlegvis brukar på å springe to hundre meter. Då står du der og hostar, ute av stand til å gjere noko. Om du ikkje er noko tess med ein boge, er du i alvorleg trøbbel. Du kan kanskje drikke litt helsedrikk no og då, men du må inn i inventaret for å gjere dette (hotkey fungerte ikkje), noko som er enda eit ledd i den uhorveleg lange lista over brutale irritasjonsmoment dette spelet har å by på.

Dungeon Lords Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. juni 2005
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: DreamCatcher
  • Utvikler: Heuristic Park

Kommentarer (74)

Forsiden akkurat nå

Til toppen