Anmeldelse

Lost Kingdoms II

Tara Grimface er den stolte eigar av ein legendarisk runestein. Slike steinar er svært sjeldne og inneheld umåteleg kraft. Steinen Tara er i besittelse av fekk ho av mora si då ho blei forleten i ein by, for mange år sidan. Sidan den gong har banditten Victor tatt hand om ho, og ho tener til livets opphold ved å plyndre alt som går på to bein. Sjølvsagt likar ikkje Tara denne livsstilen. Ho er for søt og snill til det, men sidan Victor har vore snill mot ho, føler ho at ho skyldar han ei hjelpande hand. Denne hjelpande handa kjem i form av runesteinen hennar. Ved hjelp av denne får ho krafta til å mane fram alle slags fantasimonster. Rundt omkring 200 fantasimonstre for å vere eksakt. Korleis manar ho fram desse beista? Ved å kaste kort.

Lost Kigdoms II (frå no av LK2) er ikkje eit elendig spel, på ingen måte, men det er svært langt frå å vere eit veldig bra spel. Det er eit kortspel, og før kvart brett bør du gå gjennom bunken din, og vere sikker på at du har kort du har bruk for. Kva kort som er fine å ha i ein gitt situasjon er noko du må finne ut sjølv, sidan du blir kasta rett inn i spelet utan å eigentleg forstå kva som skjer (om du ikkje har spelt LK1). Korta finn du på fleire forskjellige måtar. Dei kan ligge i kister, du kan få dei når du gjer deg ferdig med eit brett (kor mange du får er avhengig av kor bra du utførte brettet), eller du kan kjøpe dei i ein kortbutikk.

Sjølve konseptet til LK2 er svært enkelt. På høgre side av skjermen får du opp fire kort, kvart av desse er linka til ein av dei fire frontknappane på kontrolleren. På venstre side av skjermen ligger kortstokken din. Denne består av opptil 30 kort, men om du gjerne vil bruke alle dei 200 korta i spelet, vil det nok glede deg at du kan lage meir enn ein bunke. Det øverste kortet i bunken er synleg til ei kvar tid, og vi får så vidt eit glimt av fargen på korta under slik at du veit kva element som kjem neste gong. Element er ein del av spelet som gir seg ut for å vere viktigare enn kva den eigentleg er. Kort av forskjellige element reagerar ulikt på kvarande. Til dømes vil vatn fungere bra mot ild, eller så blir det sagt.

Overvurderte element
Ild, tre, jord og vann er dei fire elementa som dei fleste korta baserar seg rundt. I tillegg til desse har vi nøytrale og mekaniske kort. Desse er like kraftige mot alle element, og har ingen svakheiter. Einaste forskjellen på nøytrale og mekaniske kort, er at nøytrale kort er sterkare i angrep, medan mekaniske er sterkare i forsvar. Det du etter stor sansynlegheit snart vil merke er at desse elementa ikkje eigentleg har så mykje å seie. Det som betyr noko er kor kraftig kvart kort er. Om du ser ein fiende av ild, og tenker at du skal banke den med vannkortet ditt, kan du bli skuffa.

Om du prøvar å slå ein fiende med eit kort av rett element vil du raskt finne deg sjølv i ein situasjon der du kastar kort som ein besatt for å finne det du leitar etter. Du kastar kort ved å halde inne R-knappen, og å trykke på det kortet du vil bli kvitt. Dette kortet legg seg i bunnen av bunken, og det øverste kortet kjem inn på handa di. For å gjere ting verre blir bunken stokka kvar gong du entrar eit nytt område, så det er aldri lett å vite kva kort du får neste gong. Heile denne prosessen gjer kampen mellom elementa lettare meiningslaus. Korleis skal du kunne vere effektiv i eit område med så og seie berre vann-element, når det viser seg at alle jord-korta dine, som er sterkast mot vann, har samla seg på bunnen av bunken? Resultatet blir at du spring rundt i ring for å unngå fiendane medan du kastar kort for harde livet.

Lost Kingdoms II GC GC

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. juni 2003
  • Plattform: Nintendo GameCube
  • Utvikler: From Software

Forsiden akkurat nå

Til toppen