Microsoft kjøper Gears of War

Har oppretta eige studio for å arbeide vidare med den populære serien.

Du trudde kanskje at Gears of War var eit Microsoft-varemerke på like linje med Halo og Fable, men då tok du i så fall feil. Serien har frå starten av vore eigd og utvikla av Unreal Engine-skaparane hos Epic Games, men ved sidan av ein PC-versjon av Gears of War 1 helde seg eksklusivt på Xbox.

Det kjem serien til å halde fram med. I dag har Microsoft via Xbox-nettsidene sine kunngjort at dei har kjøpt alle rettane til eksisterande og framtidige produkt med Gears of War-namnet. Det inkluderer ikkje berre spel, men potensielle andre former for underhaldning òg.

Nytt studio på plass

Gears of War-serien er langt frå død.
Gears of War-serien er langt frå død.

Etter at Microsoft og Bungie for nokre år sidan skilte lag sette Microsoft i gong arbeidet med å skru saman 343 Industries, eit utviklarstudio som utelukkande fokuserer på Halo-universet. Etter suksessen med Halo 4 ser det ut til at Microsoft ser på dette som eit vellukka val, og har stifta eit eige utviklarstudio som framover vil ha ansvaret for Gears of War-serien.

Dette studioet heiter Black Tusk Games, og mange vil sikkert dra kjensel på dette namnet. Under E3-messa i fjor blei det vist ein kort video frå dei, men den viser seg berre å ha vore ein kreativ test, og har ingenting med Gears of War å gjere.

Black Tusk er ikkje utelukkande samansett av Gears of War-ferskingar. Erfarne Rod Fergusson som inntil sommaren 2012 jobba hos Epic Games har hoppa om bord  i Black Tusk-skuta, og vil vere med på å drive serien vidare. Microsoft fortel vidare at dei vil samarbeide tett med Epic Games for å sørgje for at Unreal Engine-integreringa vil vere på det nivået Gears of War-fansen forventar.

Når vi får dei første detaljane om det neste spelet i Gears of War serien vitast ikkje, men dei første detaljane skal kome seinare i år. Kanskje under E3-messa i juni?

Det førebels siste spelet i Gears of War-serien var Gears of War: Judgment frå Bulletstorm-utviklarane People Can Fly. Det var i følgje vår dom eit ganske ujamt spel.

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen