Overnaturleg mordmysterium får dato

Square Enix gejr seg klare til å mørkleggje sommaren med Murdered: Soul Suspect.

Om du er av sorten som gjerne bryner deg på oppgåva med å løyse eit mord, kan Murdered: Soul Suspect godt mogleg vere spelet for deg. I dette spelet møter vi etterforskaren Ronan O'Connor. Det heile startar med at han mistar livet på brutalt vis, før han vaknar opp som eit spøkjelse og må bruke resten av spelet på å finne ut kva som eigentleg skjedde.

Spelet blir fult av overnaturlege element, og du må handtere utfordringane med metodar som skil seg ein del frå dei fleste andre spel. Blant anna kan du gå gjennom veggar. Fokuset er hovudsakleg på å finne spor og knyte dei saman for å finne vegen vidare. Her og der må Ronan ta turen inn i levande skrottar for å sjå det dei ser, og høyre kva dei tenkjer. Ein og annan kamp mot sinte spøkjelse tek òg sin bit av kaka.

Klart for sommarslepp

Det er ein dårleg dag på jobben når du finn ditt eige lik.
Det er ein dårleg dag på jobben når du finn ditt eige lik.

I dag har Square Enix via bloggen sin fortalt at Murdered: Soul Suspect vil bli lansert 6. juni. Du vil kunne velje mellom versjonar til Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One.

Vi fekk sjansen til å ta ein tidleg kikk på spelet i fjor. Sjølv om vi ikkje fekk lov til å prøve det sjølv, såg vi potensiale i det overnaturlege mysteriet:

«Spelet oppfører seg på mange måtar som eit tradisjonelt eventyr i tredjeperson, men det du faktisk gjer i denne verda minnar mykje meir om eit gammalt peik-og-klikk-eventyr. Mekanikkane Airtight har skrudd saman for å la deg løyse mysteriet spelet byr på ser samtidig temmeleg solide ut, og bør kunne by på ein del hovudbry.»

Tradisjonelle peik og klikk-eventyr har hatt ein oppsving dei siste månadane. I desember lanserte Revolution den første halvdelen av Broken Sword: The Serpent's Curse, medan Double Fine lanserte første halvdel av sitt Kickstarter-finansierte prosjekt Broken Age i januar.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen