Peter Molyneuxs nye spel er lansert

Kan The Trail setje spellegendas karriere på rett kjøl igjen?

Utan fanfare av nemneverdig sort, har Peter Molyneux-styrte 22cans lansert sitt nye spel The Trail på iOS og Android. I The Trail skal du enkelt og greitt leggje ut på vandring. Målet ditt er å nå fram til byen Eden Falls. Undervegs må du utforske verda, og samle inn ressursar for å byggje utstyr og samfunn.

Spelet er den nyaste ideen frå legendariske spelutviklaren Peter Molyneux, og ser ut til å ha fått god respons frå spelarane. Han hadde lenge ei stor stjerne i spelindustrien, etter å ha stått bak klassikarar som Populous, Dungeon Keeper, Syndicate, og ikkje minst Fable-serien.

Skulle gjenskape gudesjangeren

Legg ut på tur, i The Trail.
Legg ut på tur, i The Trail. Bilde: 22cans

I seinare år har det derimot gått litt nedover får Molyneux. I 2012 lanserte han ein Kickstarterkampanje for gudespelet godus. Med dette spelet skulle han og hans studio 22cans løfte gudesjangeren inn i ein ny tidsalder. Det gjekk derimot ikkje heilt som planlagt. Utviklinga gjekk i stampe, og spelet såg ut til å mangle både mål og meining. Alt som blei tilgjengeleg for folk var ein tidleg versjon av spelet der du kunne forme landskapet for å la innbyggjarane utvikle sine eigne enkle byar.

Etter å ha gått bort frå Godus, lanserte 22cans Godus Wars tidlegare i år. Dette spelet henta grafikken og motoren frå Godus, for å lage eit enkelt strategispel. Utviklinga av dette spelet ser òg ut til å ha stagnert.

I mange år var Peter Molyneux sjef for Microsoft-studioet Lionhead. Etter at Molyneux slutta, gjekk studioet over til å produsere samarbeidspelet Fable Legends. Dette spelet blei kansellert i vår, og Lionhead blei stengt.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen