(Bilde: Capcom)

Street Fighter kjem til PlayStation 4 neste månad

Capcom vil lansere den komplette versjonen av slåssespelet.

Allereie neste månad vil PlayStation 4-publikummet få eit nytt slåssespel å bryne seg på. Då lanserast Ultra Street Fighter IV på Sonys konsoll. Det har Capcom avslørt via den offisielle PlayStation-bloggen. Lanseringa vil finne stad 26. mai, og spelet blir då tilgjengeleg via nedlasting.

Ultra Street Fighter IV er den siste versjonen i ei lang rekke utgåver av slåssespelet Street Fighter IV, som blei lansert i 2009. Ultra Street Figher IV på PlayStation 4 vil by på alle figurar, baner og ekstrainnhald som har blitt lansert til spelet på andre plattformer.

I tillegg til dette har utviklarane fiksa ein ørliten lag som har plaga nokre spelarar på PlayStation 3-versjonen av spelet.

PlayStation 4-eksklusiv framtid

Ultra Street Fighter IV slår frå seg på PlayStation 4.
Ultra Street Fighter IV slår frå seg på PlayStation 4. Bilde: Capcom

Street Fighter IV-spela har gjort det godt på både PC, Xbox 360 og PlayStation 4 førre generasjon, men denne generasjonen hoppar Capcom bukk over Xbox One. I desember blei det kjent at Capcom var i gong med utviklinga av Street Fighter V, eit spel som vil bli eksklusivt for PlayStation 4 og PC.

Street Fighter er verdas mest kjende slåssespelserie, men har likevel rikeleg med konkurrentar. I desse dagar lanserer Warner Bros. til dømes Mortal Kombat X, eit spel som lovar å bli det mest brutale og blodige slåssespelet i historia.

Om dette blir for voldsamt for deg kan du eventuelt følgje med på utviklinga av oppfølgjaren til det handanimerte Super Nintendo-slåssespelet ClayFighter, som lanserast neste år.

 

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen