Vil du date ei due?

Duedatingsimulatoren Hatoful Boyfriend har fått dato.

Ja, du las riktig. Hatoful Boyfriend er eit spel i den, for europearar i det minste, noko obskure datingsjangeren. Teknisk sett er spelet det vi kallar ei visuell novelle, og vi har sett eit par av desse i Europa tidlegare, til dømes 999: Nine Hours, Nine People, Nine Doors og oppfølgjaren Zero Escape: Virtue's Last Reward.

Der desse to spela byr på noko deprimerande historier er Hatoful Boyfriend eit spel som handlar om å date. Som det einaste mennesket på St. PigeoNations prestisjefulle skule for fuglar, vil du møte eit solid utval fjørkre, og i løpet av spelet må du finne ut kven av dei du vil date medan du samtidig handterer livet som student.

No har spelet fått lanseringsdato, og hos Eurogamer kan vi lese at spelet blir tilgjengeleg for Windows, Mac og Linux frå og med 21. august.

Fekk kultstatus

Fugledating er det nye store.
Fugledating er det nye store.

Å ta på seg rolla som ei jente på ein skule full av fuglar er ikkje akkurat det vi kan kalle dagleg kost i spelverda. Den visuelle novella blei opphaveleg lansert til lite fanfare i Japan i 2011, men vaks raskt i popularitet, og fekk kultstatus på tvers av landegrensene.

Dette fekk fuglevenene hos Devolver Digital til å vise interesse, før dei snappa opp rettane, og tok til med arbeidet for å tilretteleggje spelet for eit vestleg publikum. Då spelet blei kunngjort for Europa hadde Devolver-sjef Fork Parker følgjande ord å kome med:

«Våre studier viser at forbrukarane sitt metningspunkt for romsoldatar og dragar har nådd ein topp, og dei er klare for noko nytt og ferskt. Semirealistiske duedatingsimulatorar er det neste store for bransjen.»

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen