Blogg

Øysteins gitarskule, del 4

Kva skal ein med gitartimar når ein har Scale Runner?

I dag var planen eigentleg at eg som siste ledd i denne føljetongen om Rocksmith skulle skrive om bassmodusen. Slik blei det ikkje. Serien som eg tenkte skulle vere i fire delar, blir til fem, og bass må vente til neste gong.

I dag skal eg snakke om noko heilt anna. Eg skal snakke om det som kanskje er den største oppfinninga sidan vrengpedalen. Eg skal snakke om Scale Runner.

Som eg nemnde i førre innlegg er det ikkje mykje teori i spelet. Det finnest ein del videoar og slikt som gjev deg oversikt over det meste, men sjølv om Rocksmith gjerne vil lære deg å spele gitar, er det på ingen måte det same som å sitje med ei bok som forklarar alt i detalj. Eit spørsmål er jo om det eigentleg betyr noko. Mange gitaristar opp gjennom tidene er fullstendig sjølvlærde.

Kort fortal er Scale Runner eit lite spel du kan låse opp i Rocksmith etter å ha stige litt i gradene. Akkurat dette er litt skammeleg sidan minispelet burde ha vore tilgjengeleg heilt frå start.

Uansett, konseptet er enkelt. På skjermen ser du ein liten fyr som spring langs sterkt farga plattformer. Alle plattformene har farge i forhold til kva farge Rocksmith gjev kvar streng, og i tillegg til farge får du eit tal som viser kva band du skal halde fingeren på.

Det byrjar sakte, og for kvart band du spelar på hoppar figuren til ei ny plattform. Bommar du fell han ned i avgrunnen og du må starte på ny. Gjer du ein god jobb stig farten, og den kan stige kjapt. Frå å gå sakte i starten susar det av garde, og det einaste som bestemmer farten er du. Figuren spring så kjapt som du er i stand til å spele.

Scale Runner er genialt, og nesten verdt prisen på Rocksmith aleine. Før du startar kan du velje både skala og toneart slik at du kan øve på akkurat det du vil.

Kort og godt er det ufatteleg lærerikt samtidig som det er veldig moro. Du gløymer nesten at du spelar gitar. Du gløymer at du faktisk sit og lærer. I staden vil du berre gjere ein betre prestasjon på eit spel som strengt tatt er ganske artig. Bonusen kjem av at neste gong du plukkar opp gitaren får du brått til ting du ikkje kunne i går. No skal eg spele litt meir skala, for så langt er mitt sterkaste inntrykk av Rocksmith at spelet på generell basis lærer deg å spele songar, Scale Runner lærer deg å spele gitar.

Her er dei tre førre bloggene:

Øysteins gitarskule, del 3
Øysteins gitarskule, del 2
Øysteins gitarskule, del 1

Neste innlegg blir nok det siste, då skal eg omsider sjekke ut bass.

I mellomtida kan du ta ein kikk på videoen nedanfor, slik at du kan få eit innblikk i det som må vere den så langt beste, artigaste og mest effektive måten å lære skala på.

Scale Runner

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen