Juni var ein slik månad som vi berre får nokre få av opp gjennom åra. Ny konsollansering med ein herleg ny Switch 2-konsoll var det absolutt høgdepunktet. Kanskje kunne den godt hatt fleire nye spel, men vi lev lenge på Mario Kart World og Bravely Default HD, samt nydelege Switch 2-versjonar av gamle spel.
Ved sidan av Switch 2 har vi fått ei rekke andre spanande spel i juni. I eventyret The Alters fekk vi spele mange versjonar av same mann, medan vi har fått reise til ugjestmilde ørkenplanetar i både Dune: Awakening og Star Overdrive. Ein etterlengta oppfølgjar kom òg denne månaden, i form av Death Stranding 2: On the Beach.
Med det er det igjen tid for å vende blikket framover.
Tony Hawk's Pro Skater 3 + 4
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Nintendo Switch 2, Windows
Ute: 11. juli
Juli byr på noko heilt spesielt for skatefansen – Tony Hawk’s Pro Skater 3+4 er endeleg på veg! Etter den kritikarroste nyutgjevinga av dei to første spela i serien, har forventningane vore høge til ei tilsvarande behandling av dei neste kapitla. Her får vi servert to gamle klassikarar i langt penare drakt, sjølv om nokre endringar òg er på plass. Til dømes er den frie karriæremodusen frå Tony Hawk 4 borte, men til gjengjeld får vi nye baner og ein ny fleirspelarmodus over nett.
Tony Hawk’s Pro Skater 3 vart opprinneleg lansert i 2001, medan Pro Skater 4 kom året etter. Desse spela bygde vidare på det som gjorde dei første så ikoniske – raske komboar, triks på rekke og rad, og ei lang rekke uforgløymelege baner. Musikken var òg kjempeviktig, der spela bydde på mykje tidsriktig musikk frå kjende og ukjende artistar. Akkurat her har ikkje utviklarane fått tilgang på alt frå originalen, og har spedd på med ein del nytt.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tony Hawk's Pro Skater 3 + 4
Eriksholm: The Stolen Dream
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 15. juli
Eventyrspelet Eriksholm: The Stolen Dream tek oss med til den fiktive, industrielle byen Eriksholm. Den inspirert av Skandinaviske byar og arkitektur på tidleg 1900-tal, med eit godt fokus på at ting skal vere akkurat passe utriveleg. Spelet lovar ei tjukk stemning, mykje mystikk, mørke hemmelegheiter og sterke rollefigurar presentert gjennom det som må vere lov å seie er eit imponerande ytre frå eit spel laga av eit lite studio frå Sverige med berre 19 personar.
Spelet er eit isometrisk snikespel der kvar person har unike eigenskapar for klare dei mange hindra som står i vegen. Du startar spelet som Hanna, ei modig ung jente som prøver å finne broren sin Herman etter at han forsvinn under mystiske omstende. Dette startar ei rekke hendingar som får store konsekvensar for både Hanna og byen ho lev i. Etter kvart møter ho fleire personar du etter kvart får kontroll over.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Eriksholm: The Stolen Dream
Donkey Kong Bananza
Plattform: Nintendo Switch 2
Ute: 17. juli
I staden for å slenge ut alle Nintendo Switch 2-lanseringsspela sine på dag ein, har Nintendo valt å porsjonere dei ut over året. Neste spel for tur er Donkey Kong Bananza der vi får leike oss med den populære gorillaen i eit stort, ope spel som byr på mykje øydelegging, og veldig mange bananer. I tillegg får vi bygge opp eigenskapane til Donkey Kong, og utvikle han i løpet av spelet. Vi fekk tatt ein kjapp kikk på det under eit Nintendo Switch 2-arrangement i vår:
«Verda er sjarmerande, Donkey Kong er tydeleg meir animert og uttrykksfull enn på lenge, og nesten alt kan knusast. Vi snakkar krystallbananer, fiendar, bakken, veggane og meir til. Det er ei historie her, men for å være heilt ærleg så var det ei større interesse for å finne ut hva som ikkje gjekk an å knuse, så denne skribenten mista litt fokuset i løpet av økta.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Donkey Kong Bananza
Wuchang: Fallen Feathers
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 24. juli
I Wuchang: Fallen Feathers reiser vi til den krigsherja staten Shu på tampen av Ming-dynastiet. Her møter den kvinnlege piraten Bai Wuchang som må kjempe for å overleve i eit spel som blandar historiske fakta med overnaturlege element. Bai har tilgang på både magi og og fysiske våpen som kan kombinerast eller brukast kvar for seg i møte mot spelets mange overdådige beist. Frå desse monstera kan Bai få tak i nye kostyme. Eit spanande element i Wuchang: Fallen Feathers er galskapen som kan ta over Bai, då blir angrepa hennar sterkare, men ho blir langt meir sårbar.
Som mange andre actionrollespel dei siste åra er Wuchang: Fallen Feathers eit Soulslike-spel. Med andre ord kan vi vente oss eit svært utfordrande spel med fokus på god timing, parrering og å bykse unna livsfarlege angrep. Her blir det forventa at du er klar for ei solid utfordring.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wuchang: Fallen Feathers
Tales of the Shire: A Lord of the Rings Game
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 29. juli
For dei som enno ikkje har klart å vaske den beske smaken av The Lord of the Rings: Gollum ut av kjeften, kan moglegvis Tales of the Shire bli spelet som kan få til akkkurat det. I dette Ringenes Herre-spelet ligg ikkje fokuset på ei oppkonstruert historie i Tolkiens univers, men vi skal i staden ta på oss rolla som ein Hobbit, og kose oss i Hobyssel. Det betyr både ein og to frukostar, og eit solid fokus på å hygge seg og ta livet med ro.
Når du startar spelet lagar du deg ein hobbit, og slår deg ned i ein landsby midt i Hobsyssel. Her skal du leve frå dag til dag, og utføre dei gjeremål ein hobbit må. Som har blitt populært i ei lang rekke spel som Stardew Valley og Harvest Moon – for å nemne noko – skal fiske, lage mat, og sanke ressursar. Sjølvsagt får vi lage vårt eige hobbithol òg. Desse skal ein kunne skreddarsy ned til minste detalj. For den eventyrlysten kan ein sjølvsagt utforske områda rundt landsbyen din.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tales of the Shire: A Lord of the Rings Game
Action og eventyr
Juli er ein uvanleg sterk månad på spelfronten. Det som burde vere ein roleg månad med speltørke er i staden stappa med spanande spel. Til dømes er Pac-Man tilbake i det nye og spanande spelet Shadow Labyrinth, eit spel som blandar Pac-Man med Metroidvania-element.
Vidare finn vi eit flunkande nytt RoboCop-eventyr i RoboCop: Rogue City – Unfinished Business. Her blir det garantert mykje action når maskinhelten må innta OmniTower.
Fleire maskineri finn vi ei det hissige actionspelet Mecha Break, der tunge robotar møtest til adrenalinpumpande kampar. For action i eit hakket annleis format får vi eit lynkjapt todimensjonalt actioneventyr i Ninja Gaiden: Ragebound.
Om det er action du vil ha har du enda fleir eval i juli. Destiny 2 får ei ny utvidingspakke i The Edge of Fate, medan overlevelsegrøssarspelet Killing Floor 3 freistar med sosial zombieslakt.
Meir uhygge blir det i Five Nights at Freddy's: Secret of the Mimic, det eit endoskjelett kan ta form som kva som helst, og gjere seg om til di aller største frykt.
Over til noko heilt anna. Fleire Switch-spel har fått Switch 2-oppgraderingar, og neste spel ut er Super Mario Party Jamboree. Denne Switch 2-utgåva byr på betre grafikk og ei lang rekke nye minispel som nyttar alt frå mikrofon til musekontroll.
Fleire fargerike spel får vi i nyversjonen av to gamle PSP-spel i Patapon 1+2 Replay, no oppussa og oppskalert for moderne plattformer. Om du heller vil ta livet med ro på ryggen til eit massivt beist, kan The Wandering Village vere eit alternativ.
Blir det for slapt, og du i staden ynskjer å nedkjempe massive beist, kan Wild Hearts S vere noko for deg, når dette Monster Hunter-inspirerte spelet tek turen til Switch 2. Atter fleire utyske får vi når Orcs Must Die! Deathtrap kjem til PlayStation 5 i slutten av månaden.
Edens Zero er eit actionrollespel basert på mangauniverset med same namn, medan du i No Sleep For Kaname Date - From AI: The Somnium Files skal løyse ei rekke mysterium som ein dyktig etterforskar.
Heilt til slutt kan vi ta med at minimann mot småkryp-spelet Grounded 2 blir lansert i Early Access-format i slutten av månaden.
Det var alt for juli, sjåast neste gong.