Anmeldelse

Drakengard

Square Enix er eit velkjent namn. Først og fremst for storslagne eventyrspel, og spesielt Final Fantasy-serien. Felles for dei fleste spela til Square Enix er at dei handlar om samhald, og inneheld ei solid dose godt humør. Drakengard tar eit ganske brutalt brotmed denne mentaliteten.

Side 1
Side 2
Side 3

Enkele, men mangelfulle kampar Kampsystemet er elegant og enkelt utført, og har eigentleg alt du har behov for. Uttallige forskjellige kombo-angrep blir liksom ikkje nødvendig. Det einaste problemet er at du ikkje har noko god form for å søke deg inn på fienden. Frå ryggen på dragen kan du vende deg automatisk mot ein fiende, men når Caim spring på bakken kan kan stå rett inntil ein fiende utan å treffe. Berre fordi han er vinkla litt feil. Med mange fiendar stormande mot deg kan det skape problem, og det er spesielt våpen som ikkje er oppbygd som blir problematiske. Dei er ikkje så kraftige, og rekkevidda er gjerne dårleg. Eit anna moment som kan gjere kampane litt urealistiske er svært begrensa kunstig intelligens. Sjølv om fienden burde sjå deg, reagerar den ikkje før du kan puste den i nakken.

Dragen har eit liknande erfaringssystem. Du vil ikkje få den same enorme følelsen av makt, men dragen blir kraftigare. Dragen sjølv vil ikkje bli oppgradert før du når visse punkt i spelet. Då vil han bli større og kunne skyte fleire ildkuler samtidig. Det å ri på dragen foregår så og seie identisk med Panzer Dragoon-serien. Du kan til dømes merke opp til fleire fiendar før du fyrer av ildkulene dine. Kvar kule vil ikkje bli kraftige med denne taktikken, men du kan plukke ned små fiendar ganske lett. Om du vil gi mykje skade kan du sende avgarde større og kraftigare ildkuler enkeltvis. I tilegg vil du etter eit gitt antal dødsfall kunne fyre av eit supernagrep som tar knekken på det meste i nærheita. Den einaste relevante forskjellen mellom dei to spela er at du har litt større friheit med kvar du vil fly i Drakengard.

Eit grunnkurs i repetisjon Dei første timane du spelar Drakengard kan samanliknast med eit adrenalinrush. Pulje på pulje med soldatar fossar over deg, og ein blir lett oppslukt av det enkle opplegget. Når desse første timane er over, vil derimot realiteten senke seg som ei dødelig stillheit. Ni timar ut i spelet vil du gjere nøyaktig det same som du gjorde på det første brettet. Det blir etter kvart så repeterande at du forbannar den dagen dette konseptet kom til verda.

Det blir ikkje bedre av at ein gjerne vil fortsetje. Historia i Drakengard er kanskje den mest interessant eg har opplevd på ei god stund. Den er svært uvanleg. Den er også fortalt på ein interessant måte. I byrjinga av spelet er det mange flotte filmsekvensar. Seinare blir det litt fleire sekvensar som er rendret ingame. Historia vil også bevege seg framover under eit brett. Folk snakkar, og kjem med informasjon. Spesielt vil den raude dragen Caim rir på kome med ein del innspel om kva ho synest om ting. Av og til gløymer du at du trykker på knappane for harde livet, og gjer det heile automatisk medan du lurer på kva det siste du fekk høyre eigentleg betydde.

Tungvindt navigering Navigasjon er ikkje det lettaste i Drakengard. Du har eit slags kompass, men dette har ingen indikatorar på kva retning du bevegar deg i. Ofte må ein hente fram kartet kvar gong ein vil finne nye fiendar. Kartet gir informasjon om kvar fiendar er, kvar viktige mål er, og kor mykje tid du har igjen for å klare eit brett. Generelt sett har du alltid ein time til disposisjon. Sjeldan vil du bruke så mykje tid, men med tanke på at det er 13 kapittel, og fleire brett på kvart av dei, kan Drakengard bli eit ganske langt spel.

Skulle du etter å ha spelt igjennom Drakengard finne ut at du ikkje har fått nok, har du faktisk ein del val å leike deg med. "Free Expedition" er brett du kan spele når som helst i løpet av spelet for å bygge opp våpen og erfaringsnivå. Det mest interessante er likevel dette: Drakengard har fem forskjellige sluttar. Etter å ha runda spelet ein gong, vil du få tilgong på nye brett. Desse vil igjen låse fram nye sluttar og enda fleire brett. Via desse kapittela vil du bli kjend med andre karakterar som har sine eigne historier og sorg og fortapelse. Absolutt verdt å få med seg.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden