FEATURE: Desse spela gler vi oss til i september
Feature
(Foto: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i september

Pathfinder får sitt fyrste CRPG-spel, Dragon Quest-serien er tilbake og Spider-Man landar straks.

Det er ein grunn til at spela er få om sommaren (ok, færre då). Når kvardagen er tilbake, og mørkret tek deg, det er då du treng noko å glede deg til. Den er over no, sommaren, og det er ei stund til neste gong. Medan vi ventar er det difor godt at vi har ei solid mengde med godsaker i vente. Nokre av dei har vi allereie smakt på dei siste vekene, i form av suverene spel tom Two Point Hospital og Dead Cells, men det er berre den spede byrjinga.

Allereie i september kjem mange spanande spel, sjølv om det kanskje er ei overvekt på den historietunge fronten.

Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age

Dragon Quest XI by på ei vakker og fargerik verd. Foto: Bilde Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 4. september

Dragon Quest-serien er godt mogleg den eldste rollespelserien frå japan som framleis er ved god helse. Det første spelet i serien dukka opp allereie i 1986, eit godt år før Final Fantasy-serien dukka opp, og har kome med nye utgåver med jamne mellomrom. Felles for spela i denne serien er at fleire av dei same skaparane av serien har vore med heile vegen.

Etter mange år med eksperimentering der serien har dukka opp på både DS og som MMO, er serien no tilbake ved sine røter. Dragon Quest XI blir eit tradisjonelt japansk rollespel med turbaserte kampar i ei stor verd du kan utforske som du vil. Serien har i tillegg fått seg eit solid grafisk løft som bør vere til stor glede for fansen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age

Spider-Man

Spider-Man er alltid så kul han. Bilde: Sony

Plattform: PlayStation 4
Ute: 7. september

Marvel-universet både er og blir i vinden, og då passar det godt om vi får eit skikkeleg godt spel basert på dei fargerike superheltane. Spider-Man har lenge vore ein favoritt når nye superheltspel skulle lagast, og i år får vi eit hektisk actionspel frå den erfarne gjengen hos Insomniac Games. Her blir det mange ville kampar, og du får svinge deg gjennom byen slik berre Spider-Man kan. Vi likte veldig godt det vi såg under årets E3-messe:

«Spider-Man anno 2018 ser ut til å ha alt det treng for å lukkast som eit spanande og engasjerande superheltspel: eit massivt rollegalleri, flott grafikk, eit kult kampsystem og, ikkje minst, eit fantastisk traverseringssystem som lar deg svinge, springe og hoppe rundt i spelets opne verd med enorm flyt og smidigheit.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Spider-Man

Shadow of the Tomb Raider

Lara møter mørket. Bilde: Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. september

No er den her! Den mørkaste timen. Det er i alle fall det Square Enix hevdar Lara Croft skal få bryne seg på i sitt nyaste eventyr. Dette blir mørkt og grimt, og sidan ho skal inn i den tjukkaste jungelen ser eg føre meg det blir ei blodigle og ein flått eller to med på laget. Denne gong skal ho stoppe dommedag, og det er ikkje lite berre det. Vi kika på det under E3-messa, og likte det vi såg, men er litt usikre på om det vil klare å kapre nye fans:

«Actionsekvensane bryt opp innhaldet fint – skytinga sit som den skal og snikinga har fått opptil fleire forbetringar. Sistnemnde passar ypparleg med spelets mørkare verd, som igjen reflekterer eit langt dystrare eventyr for Lara. Shadow of the Tomb Raider verkar å fri til seriens eksisterande fans, med meir av det som gjorde forgjengarane gode, samt nokre spanande nyvinningar.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Shadow of the Tomb Raider

Valkyria Chronicles 4

Soldatane er klare til kamp. Bilde: Sega

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Nintendo Switch, Windows
Ute: 25. september

I Valkyria Chronicles 4 reiser vi igjen til det fiktive kontinentet Europa, der krigen mellom to fraksjonar pågår. I spelet møter vi ei heilt ny gruppe soldatar som må hive seg ut i krigen. Valkyria Chronicles-serien blandar strategi med action i tredjeperson på ein ganske fiffig måte. Spelet er turbasert, men du styrer figurane som du gjer i eit typisk action spel, men brukar poeng for kvar ting du gjer. Når du går tom, må du vente til neste tur.

Det strategiske potensialet er stort, og det innfridde i alle fall i det første spelet, som fekk ei nylansering for eit par år tilbake. Ved sidan av dei engasjerande kampane, stiller spelet om med ein særeigen visuell stil som får det heile til å sjå litt ut som om det er måla med akvarell. Om du er på jakt etter litt taktisk action denne månaden, kan dette vere spelet å sjå etter.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Valkyria Chronicles 4

Pathfinder: Kingmaker

Pathfinder inviterer til eit godt, gammaldags eventyr. Bilde: Deep Silver

Plattform: Windows, Mac, Linux
Ute: 25. september

Dei klassiske PC-rollespela fekk seg ein opptur etter storsuksessen Pillars of Eternity, og det er vel å forvente at fleire vil hive seg på. Pathfinder: Kingmaker er eit ferskt rollespel som òg hentar inspirasjon frå gamle kjemper som Baldur's Gate og Fallout. Utviklarane har fått med seg ingen ringare enn Obsidian-veteranen Chris Avellone på laget, noko som bør love godt for historia.

Spelet er basert på det Dungeons & Dragons-baserte penn og papir-rollespelet Pathfinder, og vil by på ein isometrisk synsvinkel der du kan pause kampane for å planlegge dine neste trekk. Eit viktig element i Pathfinder: Kingmaker er at du kan ta kontroll over land, og korleis du vel å styre dei vil kunne føre til dramatiske endringar i verda.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pathfinder: Kingmaker

Her kjem fotballen

FIFA 19 lovar meir av sporten du elskar. Bilde: EA

Om du trudde vi no hadde gløymt det som for mange er årets store høgdepunkt – FIFA – tek du grundig feil. Men no har det seg slik at det kjem eit nytt spel kvart år, og underteikna tok ei redaksjonell avgjersle på å heller gje den plassen til eit spel som kanskje ikkje er sikra å tene inn mykje pengar allereie. Åkke som, FIFA 19 er på veg, og nytt for i år er først og fremst at EA har sikra seg UEFA Champions League-lisensen som tidlegare låg hos Konami og deira Pro Evolution Soccer-serie.

Om fotballen ikkje heilt gjer det for deg kan det kanskje smake med litt basketball i NBA 2K19. Serien feirar 20 år i år, og det gjerast blant anna med eit samling musikk handplukka av rapparen Travis Scott.

Vi legg sporten bak oss, og fokuserer i staden på ein sunnare aktivitet; VR. Gode, gamle Zone of the Enders The 2nd Runner: Mars får ny lansering denne månaden. Her blir det action i rommet i 4K, og med VR-briller på slep. Vi tippar det er best å ikke ete store måltid før du gyv laus på denne karusellen.

Litt, men berre litt rolegare tenkjer vi det går føre seg i Claws of Furry. Her spelar du ein ninjakatt. Kanskje det søtaste påfunnet nokon sinne. Denne ninjakatten skal ut på tur i eit heidundrandes sideskrollande eventyr av beat em up-sorten. Du veit, Double Dragon og slikt. Pent er det i alle fall.

Ninjakatt i lekker framtoning. Bilde: Terahard Ltd

For dei som vil ha litt mindre action og litt meir kontroll kan vi by på Star Control: Origins. Dette er ein oppfølgjar til ein serie romstrategispel som starta på tidleg 90-tal. Star Control: Origins skjer i eit alternativt univers, og i dette universet skal du reise på oppdagingsferd, krige, og kanskje til og med prøve å kome overeins med andre utanomjordiske artar.

Switch får litt smågodt i september, spesielt i form av Broken Sword: The Serpent's Curse. Spelet har riktig nok vore ute på andre plattformer i fleire år no, men for dei som ikkje har fått med seg George Stobbards ferskaste eventyr, er dette ein glimrande sjanse. Om dette likevel ikkje skulle freiste, kan du kanskje prøve deg på spelet med det smakfulle namnet Labyrinth of Refrain: Coven of Dusk. Dette er ein klassisk grottekravlar med turbaserte kampar, og veldig fargerik grafikk.

Heilt til slutt kan vi ikkje gløyme Life is Strange 2. I denne oppfølgjaren til det populære episodiske tenåringsdramaet møter vi Sean. Han er på flukt frå politiet, noko som alltid er starten på noko godt. Om du spelte The Awesome Adventures of Captain Spirit, vil vala du gjorde der bli frakta over til Life is Strange 2.

Det var alt for denne gongen. Om du er frådande ueinig, eller ser noko som manglar, må du ikkje vere redd for å gje oss litt kjeft i kommentarfeltet.

God speling.

FIFA 19

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen