ANMELDELSE: The Awesome Adventures of Captain Spirit
(Foto: Square Enix)

På gripande eventyr med sjarmerande superhelt

Essensen til Life is Strange blir godt ivaretatt i prologen til sesong 2.

Det er allereie tre år sidan vårt første møte med Life is Strange-universet, den gongen i pittoreske Arcadia Bay i nordvestlege USA. Tidsreiseparadokseventyret med Max og Chloe var ein av mine store favorittar tilbake i 2015, med si innfløkte historie som franske Dontnod handterte på særs elegant vis. Fjorårets forløpar Before the Storm var rett nok ikkje heilt av same kvalitet, men det var likevel eit velkoment gjensyn med Blackwell Academy, sjølv om vår kjære Max ikkje var med denne gongen.

Vekka pappa, eller ikkje vekka pappa? Det er spørsmålet. Foto: Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Om Max eller Chloe blir å sjå i andre sesong av Life is Strange, kan me førebels ikkje seia sikkert. Det me veit, er at den nye sesongen – som skal dukka opp i løpet av hausten – finn stad i det same universet som me allereie kjenner. The Awesome Adventures of Captain Spirit er namnet på prologen til det nye eventyret.

Far og son

Her blir me kjent med vesle Chris, som har eit alter ego i superhelten Captain Spirit, og faren hans, Charles. Dei to bur i eit lite hus i ei snødekt lita bygd ved namn Beaver Creek. Det blir tidleg klart at Chris’ mor er død, samt at pappa Charles har eit ganske dårleg skjult alkoholproblem – eg gjettar på at det sistnemnde er ei følgje av det førstnemnde. Likevel kjem det tydeleg fram at han er svært glad i sonen sin, og alle forhold tatt i betraktning ser dei ut til å ha eit rimeleg godt og nært forhold.

Som Chris kan du utforska huset gjennom å sjå på og interagera med ting, og ved enkelte anledningar kan du òg ta i bruk Captain Spirit sine «superkrefter». Desse tilfella skapar ei lita sidehistorie, som du kan runda spelet heilt utan å røra, men som er vel verdt å bruka litt tid på å utforska. Captain Spirit har nemleg ein fiende ved namn Mantroid å stoppa, og gjennom dei handlingane du utfører som den vesle superhelten, får du eit innblikk i Chris’ fantasi som òg seier noko betydningsfullt om den verkelege Chris og hans erfaringar i livet.

Snowmancer, ein av Captain Spirits mange nemesisar. Foto: Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Sjarmerande persongalleri

Både Chris og Charles er på sedvanleg Dontnod-vis skildra på ein sjarmerande og truverdig måte. Nettopp persongalleriet var jo òg ein av dei store styrkene til Life is Strange sin førstesesong. Gjennom dialogen dei to imellom, og ikkje minst gjennom Chris sine små replikkar til seg sjølv undervegs, får me blitt ganske godt kjent med dei to med tanke på kor lite tid me tilbringar med dei.

Det er ein god del tristesse mellom linjene her, men framstilt gjennom auga til Chris får alt liksom eit litt anna skjær. Det er ein underfundig sjarm ved observasjonane hans, anten han nå ryddar opp ølboksar etter faren, vågar seg inn i det skumle rommet til «the Water Eater» – varmtvasstanken – eller finn eit blad med nakne damer på i skapet til faren.

Utforsking blir belønna

Det går ganske sikkert an å runda Captain Spirit på godt under halvtimen – men då forsvinn eigentleg storparten av poenget. Spelet går som nemnd hovudsakleg ut på å sjå på og interagera med ulike ting i huset, for slik å læra meir om Chris, om Charles, om mamma Emily og – ikkje minst – om Captain Spirit og erkefienden Mantroid. Styrken til spelet ligg nettopp i oppdagingane du gjer, dei små aha-opplevingane som gir deg nok ein bit i det puslespelet The Awesome Adventures of Captain Spirit utgjer.

Du kan sjølv velja visse aspekt ved korleis Captain Spirit skal sjå ut. Foto: Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Jo meir du utforskar huset og det vesle uteområdet rundt det, jo meir fullstendig blir biletet ditt av denne historia, og jo meir interessant blir dermed spelet. På min andre runde gjennom episoden anslår eg at eg brukte i overkant av ein times tid, og på den tida fekk eg utført det aller meste av det eg hadde gått glipp av på den første runda. I løpet av dei to-tre timane eg då har brukt på dei to gjennomspelingane, føler eg meg rimeleg sikker på at det er svært lite eg ikkje har fått med meg.

Konklusjon

Det er risikabelt å snoka i pappa sitt skap. Foto: Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Det eg då sit igjen med, er at eg føler meg klar for ein ny sesong med Life is strange. Eg sit igjen med ein prolog som igjen set ein rimeleg høg standard for historia Dontnod har lyst til å fortelja – akkurat slik me er vane med frå den kanten. Her berører franskmennene opptil fleire samanfletta og svært ømtålege tema, og det tilsynelatande på ein veldig delikat måte, som gir uttrykk for at dei i høgste grad tar problemstillingane på alvor. Her er ingen sjokkeffekt, ingen billige eller overkommuniserte poeng, berre solid, sjarmerande og tidvis gripande historieformidling.

Likte du første sesong av Life is Strange, er dette ingenting å lura på: Spelet er gratis – spel det sporenstreks! For sjølv om mange nok kjem til å sakna Max, Chloe og resten av Arcadia Bay-innbyggjarane, er det mykje som tydar på at essensen i spelet er godt ivaretatt. Me vil få servert opptil fleire nye figurar som me kan trykka til vårt bryst. Me vil få ei ny historie som me vil gi oss eit og anna rusk i auga undervegs. Og, for dei som måtte lura, me vil få nye overnaturlege krefter å leika oss med. Dontnod, eg er klar. Gi meg sesong to!

Har du ikkje spelt Life is Strange sesong 1? Kva ventar du på? Det er eit fantastisk spel! Eller vil du sjå kva anna Dontnod har å by på? Ta ein kikk på splitter nye Vampyr.

Vurdering

"Likte du første sesong av Life is Strange, er dette ingenting å lura på."

Kommentarer (10)

Black Week

onsdag

Følg salget på Gamer.no

Vi har oversikten over alle de beste gaming-tilbudene under hele Black Week og Black Friday.

Se alle tilbudene

Forsiden akkurat nå

Til toppen