Anmeldelse

Resident Evil 4

Endeleg er det her, spelet alle tilhengjarar av skrekk-sjangeren har venta på i årevis. Det er tid for ei orgie i skrekk og gru.

Side 1
Side 2

Litt treig for å vere machomann Tette og klamme forhold kan ofte vere vanskelege å handtere, og Resident Evil 4 er absolutt ikkje noko unntak. Det er ein av dei få stadane i spelet kameraet faktisk kan bli litt problematisk, samtidig er det med på å bygge opp stemninga. Du er for opptatt med å skyte det som er framfor deg til å oppdage kva som kjem frå sida, og du ser ikkje alltid det du burde få med deg. Det som kan bli ei irritasjonsmoment i kampar er at Leon bevegar seg litt sakte. Skal du gå baklengs for å halde auge med fienden medan du bevegar du vekk, går det forferdeleg sakte. Om du vil kome deg unna raskara, må du gjerne snu deg for å springe. Noko som ikkje er lurt sidan du aldri skal snu ryggen til noko som helst i Resident Evil 4. Ditt oppdrag er å redde Ashley, og med ryggen til fienden er det ikkje så vanskeleg for dei å stikke av med ho.

I byrjinga av Resident Evil 4 er det heile som å kome til himmelen, men trass ei fantastisk stemning, blir det etter kvart litt for langdrygt. Du vil etter kvart bli ferdig med spelet, noko som kanskje ikkje er den beste tanken du kan ha. Det er ikkje eit spel du vil skal vare til evig tid. Du innser at spelet kanskje har vart lenge nok, og det er på tide med ei avslutning. Resident Evil 4 er eit langt spel, og kunne kanskje ha vore kortare. Av og til kan det verke som om spelet har blitt dratt ut litt ekstra, berre for at det skal vere lengre. Samtidig kan bosskampane av og til følest litt repetive. Dei følgjer stort sett eit gitt mønster, og når du først har lært deg dette, synk vanskelegheitsgrada ein god del.

Ein mot alle, alle mot ein Dei feila Resident Evil 4 måtte ha er likevel lette å tilgi. Stemninga i spelet er noko av det mest nervepirrande og stemningsfulle eg nokon gong har vore borti. Å sjå ein heil landsby kome mot deg med fakklar og høygafflar kan sende frysningar nedover ryggen på den barskaste av oss. Når du står der utan ammunisjon, og kan sjå at dette er dine siste sekund, kjennest det som om noko synk saman inni deg. Du kan kjenne håpet forsvinne, og du legg nesten kontrollen frå deg sidan du veit at alt håp er ute. Du kjenne kanskje omtrent akkurat det same som du ville ha gjort om du hadde stått der, konfrontert med ein landsby som alle er ute etter deg.

Store delar av æra for at Resident Evil 4 har blitt som det har blitt går til Capcom sine designarar og animatørar. Dei har gjort ein enormt bra jobb med å bevise kva ein kan presse ut av ein GameCube. Riktignok er visse område begrensa, og du kan kun gå der kartet seier du kan gå, men i Resident Evil 4 lar du det ikkje plage deg. Alt er så spektakulært nydeleg, på sin groteske måte, at du blir dratt vidare, enten du vil det eller ikkje. Eksplosjonane i Resident Evil 4 er kanskje noko av det penaste eg har sett, og det er like moro kvar gong å skyte fiendane i forskjellige kroppsdelar for å sjå reaksjonen.

Samtidig blir spelet løfta enda eit hakk av gode lydeffekter. I byrjinga er det nesten ikkje musikk, bortsett frå dei ubehagelege lydane som kjem når ein fiende har sett deg. Er det noko som kan gi deg panikk, så er det dette. Du ser aldri kvar dei er før dei er nesten oppe i ansiktet ditt. Lydane av kva våpen du no enn vil bruke for å hamle opp med det som måtte kome mot deg, er også realistiske, og har riktig porsjon med trøkk. Skodespelet er jamt over godt, og karakterane kjem fram på ein tilfredstillande måte. Det einaste som skurrar er eigentleg at fiendane ropar ut dei same strofene om igjen i det uendelege, noko som kan bli litt slitsomt i lengda.

Konklusjon Resident Evil 4 er kanskje det definitive skrekkspelet på ein konsoll i dag. Det er eit bevis på at det framleis er mogleg å lage spel som kan halde deg i høggir, og få svetta til å presse seg fram i panna. Du vil kanskje finne små ting du irriterar deg over i spelet, men ingenting øydelegge det å stå klemt inn i eit hjørne, med berre ei hagle mellom deg og den sikre død. Det skal vere vanskeleg, det skal vere farleg, og det er ikkje meininga at du skal klare alt på første forsøk. Du er trass alt kun eit menneske, og du er absolutt i stand til å dø, noko du vil få oppleve meir enn ein gong. Capcom har definitiv fått til det dei ville med Resident Evil 4, og det er eit strålande eksempel på at når dei vil, er Capcom kongane på haugen. Kosar du deg i skumle omgivelsar, bør du slå av lyset, skru opp lyden, og glede deg til påska.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden