Slik blir Sly Cooper-filmen

Den første traileren viser Sly og gjengen i farta.

Før Sucker Punch lot deg kontrollere elektriske straumar i inFamous-serien var dei best kjende for spela om den snikande vaskebjørnen Sly Cooper. Spela byr på action og sniking i gode doser, og har jamt over fått solid mottaking hos publikum.

I 2016 tek Sly Cooper steget frå den vesle skjermen til den store skjermen i ein film som førebels berre heiter Sly Cooper. Via PlayStation-bloggen får vi i dag sjå dei aller første bileta frå denne filmen. Her møter vi Sly og dei to venene hans; skjelpadda Bentley og flodhesten Murray. Vi blir vitne til ei vill jakt på smultringar. Eit nobelt mål.

Traileren kan du sjå nedanfor artikkelen.

Ein ung vaskebjørn

Slik ser Sly Cooper ut i sin første film.
Slik ser Sly Cooper ut i sin første film.

Filmen vil fortelje historia om den foreldrelause Sly Cooper som finn ut at han stammar frå ein familie med meistertjuvar. I filmen må Sly og venene hans samle bitane av ei gammal bok som vil fortelje om alle familiens hemmelegheiter. Helst bør dei klare denne jobben før boka fell i dei griske henda/vengene til Clockwerk; ei ond metallugle frå Russland.

Filmen blir regissert av Kevin Munroe som tidlegare er best kjent for å ha regissert Trutles-filmen TMNT frå 2007.

Det ferskaste spelet i Sly Cooper-serien er Sly Cooper: Thieves in Time frå i fjor. Det blei utvikla av eit nytt studio, og fekk blanda mottaking hos oss:

«Om du likte Sly 3: Honor Among Thieves kjem du til å like dette spillet og. Det virkar ikkje som om Sanzaru Games har turt å gjere forandringar i deira Sly Cooper-premiere, i frykt for å få fans på nakken. Tidvis er spelet ganske underhaldande, og spesielt oppdraga som inneber stor grad av sniking er morosame.»

Lurer du på kva andre spel som er i ferd med å bli filmar for tida kan du ta ein kikk på det vi veit om den nye Tekken-filmen, samt ein komande Gran Turismo-film.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen