Sniktitt Nier

Eit uvanleg eventyr

Om du har lengta etter å spele ein gammal og grå krigar har du sjansen no.

Drakengard er eit spel eg aldri heilt har klart å leggje frå meg. Om vi studerer gameplay aleine var det ingenting spesielt, men alt det som låg rundt mekanikkane bygde opp eit univers som var så hardt, brutalt og usympatisk at eg ikkje har sett noko liknande verken før eller sidan. Spelet hadde stygg grafikk, sinnssjuk musikk og ein forbanna hovudperson som oppførte seg som om han skulle rive ut strupehovudet på den første personen som kom nær nok.

Det mest provoserande var derimot dei elementa som i stor grad blei luka vekk i den vestlege utgåva. Element som som incest, og det som lett kunne tolkast i retning av pedofili. For eit medium der «vaksent innhald» betyr blod, gørre og store puppar, var Drakengard for vaksne av heilt andre grunnar.

David og Goliat går aldri av moten
David og Goliat går aldri av moten

Kvifor snakkar eg om Drakengard? Fordi det er laga av Cavia, utviklarstudioet som no er i ferd med å levere oss Nier, eit spel som så langt sannsynlegvis har lurt deg til å tru det er noko heilt anna enn kva det eigentleg er.

Kjærleik

Alle videoar eg har sett frå Nier demonstrerer to ting: Banning og kampar. Det ser definitivt ut til at det er mange kampar i Nier. Svært mange faktisk. Så mange at ein kan lure på om dette er Square Enix og Cavia sitt forsøk på å angripe God of War, Ninja Gaiden og alle dei spela der.

Det er lett å ta feil når ein video lyg deg opp i trynet, og det er difor svært lett å forklare kvifor eg ikkje heilt forstod kva eg dreiv med då eg brått sprang over ei vidstrakt slette omringa av sauer og geiter. Mine første tankar var at dette minna mykje meir om eit rollespel enn eit actionspel.

Nier er ikkje eit actionspel. Det er kanskje eit spel med eit actionbasert kampsystem, men du vil bruke minst like mykje tid på å springe frå ein stad til ein annan, sanke ressursar, snakke med folk, dyrke mat, og kanskje fange ein fisk eller to, som du vil bruke på å krige.

Nier er – med andre ord – ganske langt frå God of War.

Ei menneskeleg kanonkule var aldri ein god idè
Ei menneskeleg kanonkule var aldri ein god idè

Skjerm auga dine

Dette er utan tvil eit av dei styggaste spela eg har sett på lenge, og såleis står det i god stil med Cavia sine tidlegare spel. Det har ein grafisk stil som ser ut til å tilbe null variasjon som om det var ein gud, og dette resulterer i at alt er dekt av gras. Plenen er prikk lik jordet som er prikk lik bakken som er så godt som identisk med fjellet. Det er ikkje mykje grafisk variasjon å spore før du tek turen ut i eit heilt anna område der dei omsider byter ut den eine teksturen med ein annan.

Det einaste som reddar spelet frå å styrte i den visuelle avgrunnen er lyssetjinga. Sjølv om den er eit litt billeg triks gjer den ein del område i alle fall litt interessante å sjå på.

Som ein brutal kontrast til dette har vi ein musikk som tidvis er ubegripeleg vakker. Ei nydeleg stemme blandar seg med etniske trommer, keltiske melodiar og eit og anna strengeinstrument. Det byggjar opp ei stemning som skil seg så hardt frå så godt som alt anna der ute, at det er umogleg å ikkje bli fascinert. Kvart nye område bringer med seg nye tonar, og det går frå den eine høgda til den andre utan teikn til å roe ned. Om spelet endar opp med å resirkulere all musikk når ein kjem eit stykke inn i spelet gjenstår å sjå.

Sånn går det om du henger for lenge med snakkande bøker
Sånn går det om du henger for lenge med snakkande bøker

Pesten kjem

Det er lett å bli fascinert av historia i Nier, og det av fleire grunnar. I staden for å kaste oss ut i enda ein kamp for å redde verda, møter vi i Nier ein gammal mann med kvitt hår. Hans misjon er å redde dottera frå ein sjukdom som sakte er i ferd med å ta livet hennar. Dette er eit veldig interessant utgangspunkt, og det gjer det veldig lett å umiddelbart sympatisere med han. Det tek ikkje lang tid å bli engasjert i historia, og dette engasjementet viser ingen teikn til å dabbe av.

Du møter gradvis nye personar, skapningar og samfunn som blir ein del av historia, og dialogen i dette spelet er imponerande god. Den er velskriven og utlevert på ein måte som overbeviser og hjelper deg med å knyte band til den gamle faren og dei følgjevenene han omsider blir kjend med.

Ikkje berre er personane du møter interessante utifrå kva dei måtte ha å seie, eller kva dei har opplevd, men som både personar og skapningar er dei så spesielle og tidvis kontroversielle at det er bortimot umogleg å ikkje bli engasjert, om det så berre skulle vere for å finne ut kva som eigentleg skjer i denne verda. Eg kan praktisk talt lukte at denne historia kjem til å ta mange uventa retningar, og det er noko eg gledar meg til å finne ut meir av.

La sauen leve!
La sauen leve!

Konklusjon

Nier er eit veldig spesielt spel. Det som i alle videoar fram til no har sett ut som eit heidundrande actionspel med aggressiv musikk og stor blodsprut, er noko heilt anna. Det er eit spel som går framover i eit behageleg tempo. Sjølv om du må hamle opp med både eitt og anna udyr på vegen, vil du bruke like mykje tid på få med deg historia om ein far og hans livstrugande sjuke dotter.

Utanom historia er det ingenting som tyder på at Nier kjem til å bli meir enn eit solid og gjennomført spel. Dei forskjellige enkeltelementa er kvar for seg ikkje mykje å skrive heim om, men dei fungerer heilt greitt, og Nier kan likevel bli eit svært minneverdig spel. Det er lett å bli fullstendig hypnotisert av spelet. Historia har eit godt utgangspunkt, det har gode personar, og musikken er som sendt frå himmelen. Det er kanskje ikkje nok til å lage eit meisterverk, men det er nok til at det er verdt å halde eit vakent auge med.

Nier er i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 (testa) 23. april.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen