ANMELDELSE: Asterix & Obelix XXL 3: The Crystal Menihr

Vil få barn til å gråte

Asterix og Obelix fortener betre enn dette.

Mykje av barndomen min gjekk med på å prøve å teikne like kult som Albert Uderzo.

Det fekk eg aldri heilt til, men gleda han og hans makker René Gozcinnys herlege teikneserie gav meg, held framleis stand. Eg blir naturlegvis litt over gjennomsnittet nysgjerrig når eit nytt spel om desse to karane dukkar opp, sjølv om ein sjølvsagt skal vere forsiktig når nokon prøvar å lage spel av teikneseriar. Det går som regel ikkje så bra, og med det sagt er det er vel ikkje noko poeng i å dra dette ut meir enn nødvendig.

Asterix & Obelix XXL 3: The Crystal Menihr er på ingen tenkjeleg måte eit unntak. Det er tvert imot eit ufordrageleg lite spel eg gjerne ikkje skulle ha spelt. Det verste med det heile er at sjølv om spelet ofte har gjort meg veldig irritert, er det mest ei kjensle av likegyldigheit som heng fast i meg ein stad. Det er dårleg, og fortener eigentleg ikkje å bli skrive om, men her er vi.

Har nokon lest Asterix?

Våre heltar fortener betre enn dette. Foto: Microids

Eg veit ikkje mykje om dei som har laga dette spelet, men Asterix-teikneserien kan dei umogleg ha lest. Kven er Asterix og Obelix eigentleg? Lat oss ta ein historietime for dei som kanskje er for unge til å ha levd då Asterix-hefta tynga ned ei kvar bladhylle i ein kvar butikk over heile landet.

I det vesle Gallia har Cæsar og Roma teke over alt som er, bortsett frå ein liten landsby som held stand takka vere trollmannen Miraculix sin styrkedrikk. Den gjer gallerane supersterke, og kvar gong det kjem romerar for å prøve å ta det Cæsar meiner er hans, drikk dei litt styrkedrikk, og tek seg ein fest. Ein fest i Gallia er romerdasking. Obelix datt opp i gryta då han var liten, så han er alltid sterk. Alltid, og ingenting kan ta han.

Dette er i korte trekk heile essensen ved Asterix. Gallerane elskar å banke romerar. Det er kanskje det beste dei veit. Kvar gong nokon oppdagar ein romarpatrulje i nærleiken som kanskje tyder på at ein invasjon er på veg, flokkar heile landsbyen til styrkedrikkgryta i høgt tempo og med skyhøg iver for å kome i gang med basketaket.

Å banke romerar er moro. Veldig moro, så kvifor har ikkje utviklarane hos OSome Studio gjort eit einaste forsøk på å gjere det moro i spelet sitt? Å banke romerar i XXL 3 er så dørgande keisamt at eg byrjar å lure på kva det eigentleg er eg brukar livet mitt på. Du tuslar gjennom alt for store område der du møter på den eine romaren etter den andre som du må daske med tre-fire klask før dei segnar om. Det er tregt, keisamt, og ingenting tyder på at desse gallerane er så sterke som myten skal ha det til.

Vent, det blir verre

Spesialangrepa er artige, men er ein for liten del av spelet. Foto: Microids

Du får eitt og anna spesialtriks du kan bruke for å livle opp i terrenget. Asterix og Obelix kan slå romerar opp i lufta, dei kan svinge dei rundt i lufta, og dei kan gå laus på fiendane i ein virvelvind av knyttnevar. Enkle kommandoar gjer mykje skade, men sjølvsagt, sjølvsagt kostar dei. Essens, stamina, eller kva du no vil kalle det er ein kostbar ressurs du treng mykje av for å få lov til å bruke dei kraftige angrepa, eller rettare sagt, det einaste som får kampane til å minne om teikneserien dei er baserte på. Mesteparten av tida er du tom, og må daske hundre klask for å få bruke eit spesialangrep igjen, og det er ganske kjipt sidan det er fleire fiendar du ikkje får skade med mindre du brukar eit spesialangrep først.

Frå denne kjipe starten glir vi lett over i eit minst like stort problem. I teikneserien er Asterix, og definitivt og i alle fall Obelix, er ikkje redde for noko. Det er ein grunn til det. Dei er supersterke og toler alt. Ein flammande stein frå ein katapult kan lande på dei og det er bakken under dei det går ut over. 

For min del framstår det som pinleg opplagt at eit kvart spel om Asterix og Obelix bør ignorere romerane som ein reell trugsel. Ein må finne andre måtar å skape utfordringar på. Det blir heilt merkeleg når du spring rundt som Obelix og døyr av berre nokre få stikk med eit spyd. Ja, dette er eit spel, og alle spel må ha utfordringar, men utfordringa til Obelix er ikkje å møte romerar. Å møte romerar er det han, bortsett frå å ete villsvin, lev og andar for. Han elskar det, det er ein leik, men i dette spelet blir det til eit slitsamt ork.

Eg kan slenge på fleire grunnar til at kampane i dette spelet er ei flau affære, som at spydkastarar og bogeskytarar ofte står i flokk og skyt piler og spyd mot deg som kansellerer alt du prøvar å gjere, og tvingar deg til å starte om att eit enormt nivå heilt frå start utan å gje deg ein einaste sjanse til å unngå det. Ingenting ved det å møte romerar i dette spelet er moro, og alt som kunne ha vore gjort dårleg er om ikkje møk, i beste fall fullstendig uinteressant.

Å skli på isen sender deg berre ut i vatnet der du døyr, for tøffe gallerar kan ikkje symje. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Det som kunne ha vore

Det slår meg at om nokon kunne ha laga eit bra Asterix-spel, er det japanske Omega Force. Deira Dynasty Warriors-serie har nesten blitt sin eigen sjanger med spel basert på alt frå Dragon Quest til Zelda i nyare år.

I ein sjanger der du allereie får fiendane til å fly ved å knipse med fingrane hadde Asterix og Obelix glidd rett inn. Dei kunne ha sprunge gjennom frodige galliske skogar, sendt romerane flagrande og med ei enkelt, men effektiv oppskrift hadde vi fått eit Asterix-spel som etter alt sannsyn hadde vore det stikk motsette av kva Asterix & Obelix XXL 3 er; moro.

I staden får vi eit av dei meste keisame spelar eg har vore borti på veldig lang tid. Eit spel der det meste strengt tatt fungerer, men ingenting engasjerer. Ingenting motiverer, og sjølv om eg til dømes kan samle inn diverse ting på dei forskjellige karta finn eg ingen klar motivasjon for å gjere det. Kva er poenget med alt dette? 

Klipp- og lim-samfunnet

XXL 3 ser kanskje ut som eit mobilspel, men det har i det minste kapra Asterix-stilen på ein grei måte. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

XXL 3 er noko av det mest uambisiøse eg har spelt nokon gong. Det finnest mange små studio som klarar å lever imponerande visuelle spel, og ein skulle tru det ville vere enkelt å lage noko som representerer ein teikneserie med eit så reint og tydeleg uttrykk som Asterix. Det går berre til dels. Bakgrunnane fungerer no og då der dei imiterer teikneserien rimeleg godt, og er enkle og reine, men nivådesignet er heilt fantasilaust og gjenbruket så enormt at ein fort blir lei.

Utover det finn vi karaktermodellar som prøvar å blande meir realistisk skygelegging inn i ein elles handteikna stil, og det fungerer dårleg. Verre blir det av eit kamera som sjølv om det ligg langt bak i terrenget aldri let deg sjå det du vil, eller treng for å kunne navigere trygt. Mykje av tida blir brukt på å forstå kvar du er i landskapet, og plattformsekvensar med presisjonshopping er ei frykteleg oppleving.

Tidvis vandrar du rundt omkring i meir eller mindre kjende område frå teikneserien, men kameraet og nivådesignet er så dårleg at ingenting kjem til sin rett. Berre det å kome seg gjennom ein landsby er noko som skrik etter eit lite kart oppe i høgre hjørne. Men nei, det får du ikkje. 

Stemmeskodespelet er ikkje stort betre. Dialogen er dårleg skrive og høyrest ut som det ein tiåring hadde kome opp med om han skulle karikere Asterix. Skodespelet er tamt og livlaust og får meg berre til å tenkje på kor bra Asterix på norsk eigentleg er. Det resterande lydbiletet er livlaust med unntak av slaglydar som raskt vil bli svært irriterande om du har ein subwoofer i huset. Musikken er derimot ikkje så galen, og glir bra inn i dei forskjellige situasjonane og områda Asterix og Obelix reiser til. Når OK musikk er det største komplimentet du kan gje eit spel, har du eit problem.

Konklusjon

Asterix & Obelix XXL 3 tek oss med frå Gallia og rundt omkring i verda. Foto: Microids

Eg veit ikkje om eg kan seie at eg er skuffa. Eg gjekk ikkje Asterix & Obelix XXL 3: The Crystal Menihr i møte med store forventningar om ei oppleving for historiebøkene. Eg hadde derimot eit lite håp om eit spel som i det minste hadde bydd på litt lettbeint humor, og nokre underhaldande møte med stakkarslege romerar. Det er lenge sidan eg har spelt noko så nedslåande kjipt. 

Slå ei fluesmekke i veggen 100 gongar og sjå kor lang tid det tar før du blir lei. Det er omtrent slik det er å spele dette spelet. Det er eit endelaust repetitivt spel som aldri byr på noko spanande, men i staden den eine uinspirerte staden stappfull med identiske romerar som tek alt for lang tid å kverke. Du kan gjere det heile litt mindre tarveleg ved å spele to samtidig, men det hjelp ikkje stort.

Om Asterix og Obelix hadde vore like ubrukelege i teikneserien som dei er i XXL 3, hadde serien vore over før den starta. Styr unna.

Vurdering

"Det er lenge sidan eg har spelt noko så nedslåande kjipt."

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen