Dragon Quest til DS

I Europa er kjennskapen til Dragon Quest-serien heller begrensa. Av dei åtte spela som så langt er lansert i serien, er det kun fjorårets Dragon Quest: The Journey of the Cursed King som har nådd verdsdelen vår. Vi belønna dette fantastiske rollespelet med ni av ti poeng i vår omtale.

I Japan er situasjonen ein heilt anna. Dragon Quest-serien sin popularitet er større enn kva mastodonten Final Fantasy kan skilte med, og kvart spel sel i bøtter og spann. Med alle gjenskapingane av Final Fantasy-spel som er på veg, var det berre eit spørsmål om tid før det same ville skje med Dragon Quest-serien. I siste nummer av det japanske magasinet Shonen Jump, er endeleg nyheita kunngjort. Dei utvalde spela som kjem ut på ny er Dragon Quest IV, V og VI.

Spela vil få seg ei grafisk ansiktsløfting, men bortsett frå dette er det førebels ikkje kjent kva som eventuelt vil bli nytt i desse versjonane. Vi kan nok likevel reikne med at spela vil ta nytte av Nintendo DS sin trykkskjerm.

Om og når vi får sjå desse DS-versjonane i Europa gjenstår å sjå, men med den konstant aukande populariteten Square Enix sine rollespel har hatt på våre breiddegradar, er det lov å håpe.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen