Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Monsterslakt og mannevond verdsdominans står på sjemaet denne månaden.

Montasje Gamer.no

Vinteren er over! Det må vere lov å feire litt at sprengkulda er forbi og dagane blir berre lengre og lengre. Heldigvis har vi hatt nokre gode spel å kose oss med i kulda, leia an av Nintendo med eit herleg gjensyn med Super Mario 3D World + Bowser's Fury. Little Nightmares II var ikkje stort verre, og bydde på ekstremt stemningsfull skrekk.

Eit hakk lengre nede på stigen finn vi Persona 5 Strikers, som gav Persona-fansen litt å leike med i månaden som var. Eit PlayStation 5-eksklusivt spel fekk vi òg i Destruction AllStars, men det blei litt for mykje av det same i lengda for vår smak.

Men no skal vi sjå framover mot ein særs variert månad.

Stronghold: Warlords

Plattform: Windows
Ute: 9. mars

Beinhard strategi i nye Stronghold.
Firefly Studios

Stronghold: Warlords skulle eigentleg ut til folket i løpet av januar, men blei i siste liten utsett til mars for litt ekstra finpuss. Det er sikkert på sin plass sidan serien feirar 20-års jubileum i år. Den gamle og trauste europeiske middelaldersettinga er byta ut til fordel for ein tur til dei austlege delane av Asia, der vi møter alt frå mongolar til kinesarar og japanarar. Dette nye kulturelle bakteppet er sjølvsagt spanande, men minst like spanande er introduksjonen av krigsherrar.

Rundt om kring på karta, om du så spelar gjennom historia, eller mot andre på nettet, vil du her og der møte på krigsherrar. Desse kjem med ei rekke fordelar, og dei kan brukast til å sende deg ressursar, eller angripe fiendar. Du må naturlegvis beskytte desse for å sikre deg kontroll over dei, eller risikere å miste dei, samt fordelane dei kjem med. Det heile lovar å puste gode mengder nytt liv inn i serien, og det blir spanande å sjå korleis det heile fungerer i praksis.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Stronghold: Warlords

Monster Hunter Rise

Plattform: Switch
Ute: 26. mars

Capcom

Om du er ein av dei som grein litt på nasa då Monster Hunter for første gong blei ein megasuksess med Monster Hunter World, var det kanskje fordi du er Nintendo-fan. Serien der du jaktar og slaktar både drakar og monstrøse dinosaurar har for det aller meste vore noko du må til Nintendo for å få erfare, men med med Monster Hunter World var det slutt på den moroa.

No er derimot Monster Hunter-serien tilbake der mange vil seie den høyrer heime, og med Monster Hunter Rise satsar Capcom på å skape ein ny suksess. Denne gongen får vi eit mykje meir vertikalt spel enn før, der du både med gripeklo og nye ridedyr raskt skal kunne kome deg både opp og ned på kort tid medan du jagar etter alskens blodtørstige og imponerande monster.

Les også
Anmeldelse: Stronghold: Warlords

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monster Hunter Rise

It Takes Two

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 26. mars

It Takes Two ser ut til å bli eit fargerikt eventyr.
Hazelight

It Takes Two er det tredje spelet frå Josef Fares, den tidlegare regissøren bak filmar som Jalla! Jalla! og Kopps. Som i dei tidlegare spela hans handlar det også denne gong om at to personar må samarbeide om å kome seg ut av ein kinkig situasjon. I It Takes Two møter vi kjærasteparet Cody og May som har blitt forvandla til dokker av slem magi, og må bruke resten av spelet på å bli seg sjølve igjen.

Det er best å ha nokon å spele med om du skal bryne deg på dette eventyret, for It Takes Two er utelukkande laga for to spelarar, enten gjennom sofaspeling på delt skjerm, eller over nettet. Spelet hentar inspirasjon frå eit mylder av sjangrar, og vil by på ein heilt haug med absurde utfordringar ein regelrett vere to for å ordne opp i.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på It Takes Two

Evil Genius 2: World Domination

Plattform: Windows
Ute: 30. mars

Endeleg eit nytt basebyggespel.
Rebellion

I Evil Genius 2 tek du på deg rolla som –gratulerer, du gjetta det, premie til deg – eit vondskapsfullt geni. På ei tropisk øy skal du byggje deg din underjordiske base, medan du driftar eit kasino som skalkeskjul oppe på landjorda. Frå ditt kyniske hi planlegg du å ta over verda medan du sender agentar ut i verda for å bryte lova og gjere deg rikare, medan du på heimefronten utviklar nye teknologiar og prøvar å stoppe lovas lange arm frå å infliterere leiren din.

Vi var litt lunkne i vår mottaking av orginale Evil Genius heilt tilbake i 2004. Det var litt tregt, litt irriterande, men du verda som det fekk timane til å gå. At det skulle kome ein oppfølgjar heile 17 år seinare hadde vel ingen trudd, men no er den her. Forhåpentlegvis har dei nye utviklarane luka ut dei irritasjonsmoment som var på plass i originalen, og leverer oss eit herleg gjensyn med basebyggesjangeren.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Evil Genius 2

Narita Boy

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 30. mars

Narita Boy byr på neonlys og 80-talsnostalgi.
Studio Koba

I Narita Boy har konsollen Narita One og det medfølgjande spelet Narita Boy blitt ein enorm suksess, men alt er ikkje berre veldstand. Inni den binære koden er det trøbbel i gjære. og Narita Boy må plukke opp Technosverdet for å redde den digitale verda frå den visse undergang.

Narita Boy er eit sideskrollande actionspel med eit intenst kampsystem kraftig inspirert av klassikarar frå 80-talet. Estetikken er òg henta derifrå, og blandar nostalgisk pixelgrafikk med moderne effekter for å skape noko som kanskje er meir ei tolking av 80-talet, enn ein kopi av det. Narita Boy lovar mykje å sjå på med handteikna bakgrunnar og animasjonar, og vi blir lova at kampsystemet både vil vere krevjande og gjevande for den som kjem seg gjennom strabasane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Narita Boy

Tilbake til den gong då

Meisterlege Yakuza: Like a Dragon kjem til PlayStation 5.

Som vanleg byrjar vi med å ta tak i alt det som har vore ute i ei eller anna form før. Yakuza: Like a Dragon får endeleg etter fleire månadar sin PlayStation 5-versjon, sjølv om det ikkje burde bety så alt for mykje sidan PlayStation 4-versjonen fint kan spelast på PlayStation 5. Kanonspel er det uansett, så få ut fingeren.

Eit anna spel som kjem til neste generasjon er Mortal Shell: Enhanced Edition som dukkar opp på PlayStation 5 og Xbox Series S/X. Ei anna «Enhanced»-utgåve får vi når Sea of Solitude lanserast på Switch, og meir Switch-moro skal det bli når Kingdoms of Amaulur: Re-Reckoning, Tales From the Borderlands, Apex Legends og Plants vs. Zombies: Battle for Neighborville dukkar opp på Nintendos konsoll.

Om du heller vil finne noko å bruke din nye neste-generasjons konsoll på, diskar Square Enix opp med Marvel's Avengers. Om superheltar ikkje er noko for deg, passar det kanskje betre med at Tony Hawk's Pro Skater 1 and 2 kjem til neste generasjon. Det same gjer Crash Bandicoot 4, som òg dukkar opp på Switch.

Fleire spel på nye plattformer skal det bli. Ei Overcooked-samlepakke er på veg til det meste av plattformer, medan kontroversielle POSTAL Redux kjem til PlayStation 4. Slåssespelet Samurai Shodown kjem i tillegg til Xbox Series S/X, men snodig nok – for eit japansk spel i alle fall – ikkje til PlayStation 5.

Og med det kan vi endeleg slengje frå oss fortida, og skine eit bittelite lys på nokre få heilt flunkande nye spel. Først ute er det ganske mørke og dystre skrekkspelet Mundaun som blant anna reklarmerer med teksturar som er handteikna, på papir. Med blyant.

Maquette blir ei langt meir fargerik affære. I dette eventyret skal du løyse gåter i ei verd der alt både er enormt og bittelite på ei og same tid.

Heilt til slutt tek vi meg eit nytt spel i den sjarmerande Harvest Moon-serien. I Harvest Moon: One World skal du ikkje uventa dyrke planter og lage deg eit godt liv

Det var alt for denne gong. Nyt våren.

Siste fra forsiden