Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Denne månaden får vi alt frå fargerike figurar til skyting og hestar frå apokalypsen.

Klokka er skrudd, kveldane har blitt lange, mørkret er her, og vi har nett lagt bak oss ein heilt suveren månad. Det eine kvalitetsspelet etter det andre har velta over oss, om det så er gamle heltar i Mega Man 11, artige leikar i Super Mario Party, eller ville slagsmål i SoulCalibur VI. Dei fleste har fått sitt, og stortitlar som Assassin's Creed Odyssey og Call of Duty: Black Ops 4 har levert varene. To av våre store favorittar denne månaden var mordeventyret Return Of The Obra Dinn og kortrollespelet Thronebreaker: The Witcher Tales.

I skrivande stund er du heilt sikkert på eventyr i den massive verda til Red Dead Redemption 2, eit spel så stort og omfattande at vi ikkje heilt har blitt ferdig med det. Du kan likevel lese våre ivrige førsteinntrykk.

Men no er det atter ein gong tid for å sjå framover.

Hitman 2

I Hitman 2 kan du konkurrere om å vere den beste leigemordaren.
Nintendo

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 9. november

Skal eg vere heilt ærleg så diggar eg ikkje heilt korleis enkelte utviklarar vel å namngi spela sine. Ta til dømes det neste spelet i Hitman-serien. Eigentleg er det spel nummer sju, men kallar vi det Hitman 7? Neida, vi kallar det Hitman 2 vi, berre for å gjere det ekstra vanskeleg å halde kontrollen.

Nok om det. IO Interactive leverer eit spel som tek opp tråden etter episodiske Hitman frå 2016. Denne gongen har dei droppa episodane til fordel for ei komplett pakke. Nytt denne gong er eit fokus på å la fleire spelarar spele saman eller mot kvarandre. I ein modus skal du konkurrere mot ein anna spelar om å vere den første til å ta ut fem mål. Som om ikkje det var nok får du likvidere ingen ringare enn Sean Bean, skodespelaren som er mest kjend for å døy i alle sine roller.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hitman 2

Fallout 76

Vil du klare å overleve i audemarka?
Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. november

Enkelte vil kanskje påstå at spel aldri kan bli store nok. Blant dei finn vi garantert fleire av dei som jobbar hos Bethesda, og då er det ikkje unaturleg at eit av salspunkta i Fallout 76 er eit kart som er fire gongar så stort som det allereie romslege kartet i Fallout 4.

Det er derimot ikkje alt som skal freiste deg i dette spelet. Vi blir lova eit spel med fokus på samspel med andre (på godt og vondt), som er fullstendig blotta for NPC-karakterar. Altså, alle du møter i verda er andre spelarar, noko som raskt kan by på sine eigne utfordringar sidan du aldri veit om dei du møter har reint mel i posen. Spelet blir altså ikkje eit ordinært rollespel som tidlegare spel i serien, men hentar mykje av sin inspirasjon frå den populære survival-sjangeren.

Les også
Anmeldelse: Hitman 2

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fallout 76

Pokémon: Let's Go, Pikachu! og Eevee!

Pokémon er pent og søtt som alltid.
Nintendo

Plattform: Switch
Ute: 16. november

Pokémon-fansen har venta ei stund på eit skikkeleg Pokémon-spel til Switch, og sjølv om Let's Go ikkje er eit erketradisjonelt Pokémon-rollespel, får vi tru det vil blidgjere fansen. Her får vi reise rundt i den fargerike Pokémon-verda på jakt etter monster, og spelet har henta ein god del inspirasjon frå Pokémon GO. Når du skal fange monster må du riste litt på JoyCon-kontrollaren for å fange dei i Pokéballen din. Vi såg nærare på spelet under årets E3-messa, og likte det vi såg.

«Så når alt kjem til alt, er kanskje ikkje Pokémon Let's Go, Pikachu! & Pokémon Let's Go, Eevee! så dumme likevel. Det som i utgangspunktet virka som ein forenkla og simpel kombinasjon av dei vanlege rollespela og element fra Pokémon GO, har tilsynelatande mykje meir å by på enn det ein skulle tru ved første augekast.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon: Let's Go, Pikachu! og Eevee!

Battlefield V

Soldatar klare til kamp.
EA

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 20. november

Om Call of Duty ikkje fell heilt i smak, er det gjerne Battlefield-serien som gjeld. I år tek vi turen tilbake til andre verdskrig, men fokuset ligg på område som gjerne ikkje har fått mykje fokus tidlegare. Til dømes skal vi ta turen innom Noreg i den robuste einspelarkampanjen. Fleirspelarpublikummet vil som vanleg få sitt, og Battlefield V hiv seg på den særs populære Battle Royale-trenden. Vi likte det vi fekk sjå i vår sniktitt:

««Nordlys» lovar svært godt for kva vi har i vente. DICE har klart å skape ei tilfredsstillande spelverd som gjev spelaren stor grad av fridom, samtidig som dei klarar å utnytte potensialet i slike historier i kortformat på ein god måte. Det er lenge sidan eg spelte eit skytespel der dei ulike våpna oppførte seg – og ikke minst føltest – så annleis frå hverandre.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Battlefield V

Darksiders III

Draksiders-serien er tilbake.
THQ Nordic

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 27. november

Det såg lenge mørkt ut for Darksiders-serien etter at THQ gjekk konken. Tid legar som vi veit dei fleste år, og nokre oppkjøp seinare har Nordic Games omdøypt seg til THQ Nordic, og fått i gong utviklinga av Darksiders III med svært mange av dei same folka som laga dei første spela om bord.

I Darksiders III møter vi Fury. Ho svingar ei pisk for å filleriste fiendane sine, og kan skifte mellom fire ulike former som alle gjev ho ulike eigenskapar. Spelet sender oss inn i ei opa verd du kan utforske, og du må løyse diverse praktiske problem, samt kjempe mot ei rekke fiendar. Vi blir lova færre, men sterkare fiendar i denne omgang, noko som skal gjere kampane meir personlege.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Darksiders III

Ved Tautates!

Den søte dragen Spyro spyr litt eld.
Activision

Vi fyrer laus oppsummeringa av månadens bunnslev med ei skikkeleg gladmelding. Valve er tilbake med eit nytt spel! Ja, du høyrde riktig, det lenge etterlengta kortspelet Artifact hentar figurar frå DOTA 2 og lagar kortmagi av det.

Mindre magi, men meir blod og gørre får vi i Overkill's The Walking Dead. Dette blir ein førstepersonskytar med fokus på samarbeid og å overleve. Om dette blir for intenst for deg vil kanskje det mystiske actioneventyret The Quiet Man vere meir på sin plass. Her blandast levande film med spel i noko som skal bli ei oppleving litt utanom normalen.

Om du treng litt meir fargar i livet kan du glede deg over at Asterix og Obelix er tilbake! Ikkje i eit nytt spel diverre, men i ei oppussa utgåve av Asterix & Obelix XXL 2. Eit noko snodig val kanskje, men ei god oppvarming til XXL 3 som skal kome neste år.

Eit anna oppussingsprosjekt denne månaden er Spyro Reignited Trilogy. Det er nokre år sidan vi sist såg denne lilla dragen, så vi får tru det blir eit triveleg gjensyn. Vidare på «gamle spel på ny»-fronten finn vi Diablo 3 som dukkar opp på Switch. For strategen kan det kanskje freiste meir med Civilization VI som òg dukkar opp på Switch, medan Switch-versjonen av Warframe byr på solide mengder action.

Asterix og Obelix er endeleg tilbake på skjermen.
Microids

Som første steg i å pushe heile Final Fantasy-serien over på omtrent alle plattformer, blir det trivelege eventyrrollespelet World of Final Fantasy Maxima lansert på det meste av plattformer i november. Dette er ein litt utvida versjon av spelet med nesten same namn frå eit par år tilbake.

Eit eldre spel som ingen trudde dei skulle få sjå igjen blir relansert denne månaden. Hellgate: London som opphaveleg blei utvikla av Blizzard-avhopparane i Flagship Studios kjem ut i ei ny utgåve. Det same gjer heile The Settlers-serien som får seg ny lansering i The Settlers History Collection.

Vi skal halde oss med ein fot i fortida ei lita stund til. Sjølv med nokre år på baken er det framleis liv i The Sims 4, og den nye ekspansjonspakka Kjendisfaktor blir tigjengeleg i november. Eit enda eldre fenomen er rollespelserien Underworld som dukkar opp på ny i rollespelet Underworld Ascendant.

For eit komplett toneskifte hoppar vi vidare til den omlag like gamle serien Leisure Suit Larry. Ja, den er tilbake, men dei deformerte figurane frå nokre av dei nyare spela er borte til fordel for eit handteikna eventyr av gamlesorten. Det store spørsmålet blir naturlegvis om dette blir moro, eller berre klamt og litt ekkelt.

Siste fra forsiden