Feature

Misc Games

Rogalands einaste spelutviklar i sluttspurt

Me har snakka med gjengen om utviklinga, einsemda, og dei tøffe rammevilkåra for norsk spelbransje.

EINSAME UTVIKLARAR: Gøran Myrland (43), Yasemin Hamurcu (39), Mikael Fossum (25) og Dexter André Osiander (27) utgjer saman med Nazar Kozak (32, ikkje på bilde) Misc Games AS, det einaste aktive spelutviklarselskapet i Rogaland. Totalt 15 årsverk er med i produksjonen av det nye spela deira, med folk frå heile Europa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er travle dagar for Misc Games på Forus i Sandnes, som nett annonserte at det komande fiskesimulatorspelet deira, Fishing: North Atlantic, kjem i august.

Forgjengaren Fishing: Barents Sea har seld 150 000 eksemplar sidan det kom ut i 2018, og konsollversjonen frå i fjor sel framleis rundt 10 000 eksemplar i månaden.

– Me byrja heilt frå «scratch» med det nye spelet. No har me litt meir erfaring. Me gjorde nokre grunnleggjande feil når det kom til kartstorleik og nivådesign, som gjorde at spelet blei veldig tungt å køyre på eldre datamaskinar. Dette har me lært av, seier dagleg leiar Gøran Myrland.

Kartet i det førre spelet var på 32x32 kilometer. Det nye er betydeleg større.

– Lista er lagt høgt. Kartet vårt i det komande spelet er på 200x300 kilometer, men me har delt det opp i litt mindre blokker. Spelet køyrer utruleg mykje betre, seier Myrland. Han ramsar opp ei rekkje livskvalitetsbetringar, nye fysikksimuleringar og betydelege visuelle oppgraderingar som nokre av høgdepunkta for neste spel.

Det kjem òg ei rekkje nye funksjonar, med fleire fiskemetodar, meir realistisk tidsflyt og mekanismar som er betre forklart enn før. Jørn Lavoll, komponisten for blant anna Teslagrad, har laga eit lydspor på 1,5 timar, og spelet har fått støtte for Simulator Radio (som lar ein høyre på radio over nett, slik som i Eurotruck Simulator og Farming Simulator).

– North Atlantic ser heilt fantastisk ut i forhold til det førre spelet, meiner Myrland.

Inspirert av rørande forteljingar

Sidan 2018 har Misc Games etablert ein lojal fanskare, og ifølgje Myrland har den kreative kontrollen han hadde over det første spelet, blitt ofra for å gjere fans nøgde.

SPENT: Gøran Myrland, dagleg leiar, seier det nye spelet blir større, betre og flottare.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Fishing: Barents Sea var min ide til å byrje med. Men etter kvart som fleire blei med, fekk me eit felles eigarskap til ideen. Det var ikkje berre min lenger. Fishing: North Atlantic er vel eigentleg berre retta mot det spelarane vil ha. Det er trass alt dei som betalar løna vår, og me prøver å spisse spelet så mykje som mogleg mot ønskja deira. Her er det ein balanse, seier Myrland.

Spelarane har vore ein viktig motivasjonsfaktor for å utvikle det nye spelet.

– Me har byggja opp ein god brukarbase, med lojale fans. Det er veldig mange rørande soger frå folk som har brukt spelet vårt til å kome gjennom vanskelege situasjonar. Slik som operasjonar, å ha mista foreldra sine, skilsmisse og liknande.

– Folk som har vore i ulukker og som ikkje kan vere på havet lengre, dei takkar oss for å lage eit spel som lar dei dra ut igjen. Det har gitt oss eit giv til å halde fram.

Les også
Anmeldelse: Fishing: Barents Sea

Einsemd på Forus

Det er to registrerte spelutviklarselskap i Rogaland. Selskapet til Arnfinn Matre, bitHammer, som i 2016 relanserte eit spel frå 90-talet, og Misc Games. Matre opplyser på telefon til Gamer.no at dei ikkje hat gjort noko sidan lanseringa av Ufo Hunter i 2016, men at dei leikar med tanken om å starte opp att.

– Det er litt einsamt, dette. Me har liksom ikkje noko miljø. Miljøet er jo berre oss i Misc, humrar Myrland.

– Me ser jo at det er interesse for spel, men folk kan ikkje så mykje om det. Det gjeld spesielt norske investorar. Viss nokon skal starte i bransjen, så er det ikkje enkelt å få tak i midlar. Då er gjerne det beste alternativet å søke midlar frå til dømes Mediefondet Zephyr eller Norsk filminstitutt.

Likevel syns Myrland det å vere aleine kan ha sine fordelar.

– Viss det skjer noko i spelverda, så er det me som blir kontakta for medieomtale her i regionen.

Han presiserer riktig nok at det neppe er snakk om meir enn fire-fem gongar i året. Det er typisk nokre radiointervju med NRK Rogaland her og der.

Andre bransjar stel ressurspersonane

Myrland trur at oljeindustrien snappar opp mange av dei flinke folka, og at det difor er vanskeleg å byggje eit miljø. Han etterlyser òg meir spesialiserte utdanningar hjå institusjonane som har tilbod innan spelutvikling.

– Det er veldig mange studentar som har lyst til å starte selskap, men det er liksom ingen som får ut fingeren og går i gang. Dei siste åra har det spesielt vore oljebransjen som har tatt alle dei flinke folka på universitetet. Og dei studentane me har snakka med, dei manglar ofte spisskompetanse. Me har ikkje kapasitet til å lære dei opp.

LITE MILJØ: Dei dyktige personane forsvinn til olje- og IT-bransjen, og studentane på spellinjene har ikkje spesialisert kunnskap om spelutvikling.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Myrland trur det ville vore nyttig viss bachelorprogramma først brukte eitt år på generell kunnskap, og så opna for spesialisering innan design, 3D-programmering og så vidare, dei to siste åra.

– Dette er ein knallhard bransje, og det har ikkje vore enkelt å byggje opp Misc, heller. Men me kryssar fingrane for at me kan vere med og bidra i eit miljø etter kvart.

For dei som eventuelt vil starte for seg sjølv og er på utkikk etter midlar, peiker han på gjennomføringsevne som den viktigaste eigenskapen.

– Eg byggja prototypar for å ha noko å vise fram. Ein ide er ikkje verd noko i seg sjølv. Har du noko å vise, skildrar du at du har gjennomføringsevne, og at du er i stand til å sette ideen ut i live.

Einaste av sitt slag

Programmerar Dexter André Osiander (27) kjenner òg på ei viss einsemd etter at han flytta frå studiane på Hamar og nærleiken til Hamar Game Collective.

– Det er definitivt litt einsamt. Eg er vand med å vere i Hamar, og der var det veldig enkelt å kome inn i Game Collective og snakke med folk, dele kunnskap. Der var det jo ein haug med folk. Her er det berre oss. Eg er den einaste spelprogrammeraren i Rogaland, så det er klart det er vanskeleg å få noko nettverk, seier Osiander.

UNIK: Dexter André Osiander (27) er den einaste spelprogrammeraren i Rogaland.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Han var innom Konsoll i Bergen, som er det nærmaste bransjetreffet.

– Det var kjempekoseleg, men det er eit godt stykke unna.

No som Misc Games er i sluttspurten inn mot Fishing: North Atlantic, blir det litt ekstra jobbing. Men det er langt frå like ille som skrekkhistoriene som florerer i bransjen internasjonalt.

– Det er ikkje slik eg kanskje hadde sett for meg då eg studerte. Eg har lest korleis det har vore hos Rockstar, CD Project RED og slike, men det er ikkje på den måten her. Me har klare arbeidsoppgåver, og no er me kjempenærme. Me skal få det til å funke. Det er stressande, men ikkje så ille, meiner Osiander.

Fot i døra til beinhard bransje

Osiander har nyleg gjort ferdig ein bachelorgrad i spelteknologi og simulering frå Høgskulen i Innlandet, og fekk jobben hjå Misc Games i august.

– Dette er den første jobben min som spelutviklar. No for tida er fokuset på å få oss ut av betafasen, og drive «bug»-fiksing i ein fei.

Osiander fortel at han er omtrent den einaste frå klassen som fekk seg jobb, og trur at det er omtrent umogleg å finne noko utan å starte for seg sjølv.

– Dei aller fleste har ikkje funne seg noko jobb. No kom akkurat Tanknarok ut, og dei gjekk i klassen min. Dei er blant dei få som har kome seg inn i spelindustrien, for den er så liten. Du må starte for deg sjølv, eller vere heldig og kjenne nokon.

BEINHARD BRANSJE: Dei som først får foten innanfor døra har ei lys framtid framfor seg (riktig nok med låg løn), men det er krevjande å kome gjennom nålauget.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

27-åringen skildrar nemleg reine Catch 22-scenarioet for å kome seg inn i spelindustrien. Dei store selskapa spør gjerne om minimum fem år erfaring i spelindustrien, men når særs få kjem seg inn utan å starte for seg sjølv, er det omtrent umogleg å få til.

Samstundes er det stort behov for seniorutviklarar, og dei fleste forsvinn ut av bransjen på grunn av lågt lønsnivå.

– Generelt betalar ikkje spelindustrien så veldig bra i forhold til kva oppgåver ein gjer. Då blir det stor mangel på seniortilsette i bransjen, for viss du kan hoppe over i ein anna jobb, gangar du løna med to. Du må verkeleg elske det du driv med, meiner Osiander.

Commodore 64 blei gnisten

Forteljinga om Misc Games starta for drygt 30 år sidan, då Myrland og veslebroren fekk Commodore 64 til jul.

– Eg blei heilt hekta. Etter kvart byrja eg med programmering, og leika med grafikk og musikk. Eg laga spel på fritida, og då eg var rundt 17–18 og jobba på ein trålar, tenkte eg at det hadde vore kult å lage eit spel om kommersielt fiske ein gong i framtida, seier Myrland.

Myrland jobba mange år i IT-bransjen etter ungdommen, men fekk nok av å hjelpe andre med problema deira.

– Eg leika med den ideen i mange år, og til slutt bestemte eg meg for å gjere det.

Myrland hadde ingen kapital då han starta i 2013, og ville i utgangspunktet lage ein demonstrasjon for så lite pengar som mogleg.

– I starten brukte eg Game Maker, og laga spelet i «top-down»-perspektiv. Eg jobba som konsulent på sida. Pengane derifrå brukte eg til å betale 2D-artistar for grafikk, og ein kompis hjelpte meg med programmeringa.

Fekk startlån

Eit møte med ein næringskonsulent i kommunen førte fram til ein introduksjon med Validé, som blei eit støtteapparat framover.

– Me blei tatt opp som inkubatorbedrift av Validé i 2015, og fekk eit konvertibelt lån på 150.000 kroner.

Då var 2D-prototypen framleis ikkje ferdig, men draumen var å byggje noko i 3D.

FRÅ TOP-DOWN TIL 3D: Gøran Myrland var gjennom ein lang prosess før han kunne senke skuldra og sleppe Fishing: Barents Sea laus på verda.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Visjonen var jo å ha den grafiske verda i Nord-Noreg og Hammerfest til å boltre seg i. Med fjell og heile pakka. Så då hoppa me over til Unreal Engine. Først kjøpte me berre nokre «assets».

Deretter kom Mikael Fossum inn i biletet, som skulle jobbe med 3D.

– Han jobba gratis for oss i to år. Først kunne han litt 3D, og lærte seg meir og meir på vegen. No er han utruleg dyktig, meiner sjefen.

Publiseringsavtale og PR

– Så skjedde ting litt gradvis. Me fekk ein publiseringsavtale med tyske Astragon Entertainment i 2016, og ein del omtale rundt det. Noko som igjen gjorde at me fekk nokre telefonar frå norsk fiskeindustri.

Det heile toppa seg med lansering av Fishing: Barents Sea i februar 2018, og selskapet vise til imponerande salstal. Misc Games gjekk med eit solid underskot for 2019, men framtidsutsiktene er gode.

– Me har investert alt me har tent i det nye spelet, og så fekk me jo ein svensk investor i oktober i fjor. Covid-19 gav òg ein god boost då folk sat heime og ville spele, avsluttar Myrland.

Fishing: North Atlantic kjem til PC i august.

Siste fra forsiden