Jurassic Park: Operation Genesis

Mange, men like dinosaurar
I JP:OP har du 25 forskjelige rasar å velje mellom. Dessverre er det dårleg variasjon blandt desse. Fleire av rasane tilhøyrer same familie, og på avstand ser dei derfor svært like ut. Du har til dømes fire forskjellige Hadrosaurar, tre forskjellige Ceratopsar, og Stegosaurus har sin gode ven Kentrosaurus med på laget. Dei er veldig like i storleik og form, og ni rasar blir praktisk talt ikkje meir enn tre. Hadde spelet hatt 40 rasar slik Blue Tounge originalt ville, hadde ikkje dette vore noko problem, men nokre av desse artane kunne med fordel ha vore ofra for andre dinosaurar med meir særpreg. Dei dinosaurane som er med, er uansett veldig flotte å sjå på. Ingen kan med handa på hjartet sei at dinosaurar har sett betre ut i eit spel.

Det er ikkje berre kvaliteten på teksturar og modellar som er bra, kreativ animasjon yter mykje i å bringe desse fantastiske dyra til live. Ved å trykke på ein dinosaur vil kameraet låse seg fast til denne, og du kan observere den i nærmare detalj. Ved å låse seg fast til ein stor kjøtetar av typen Achrocantosaurus, kunne underteikna med glede sjå ein dinosaur som gjer det alle normale dyr gjer. Ved ei anledning lente det store dyret seg opp til eit tre for å klø seg litt på ryggen. Treet såg ut som om det skulle kollapse av belastninga når som helst. For ein person som ikkje er spesielt interessert i dinosaurar høyrest dette kanskje litt tamt ut, men auget for detaljar som Blue Tounge har lagt inn arbeidet fortener ståande applaus. Det er greit nok med flotte modellar som går rundt utan mål og meining, men det blir noko heilt anna å sjå dei reagere på miljøet, bevege seg i flokkar, og kjempe om territoriet. Sjølv om teksturane og animasjonane på dinosaurane er veldig bra, så er ikkje resten av spelet av same kvalitet. Bakken har veldig enkle teksturar utan detaljar, og det er ingen skyggar i spelet. Spesielt turistane har svært enkle modellar, utan detaljar. Vatnet ser veldig bra ut, men du må ha eit veldig bra skjermkort for å få denne effekta på PC-versjonen. Om du ikkje har eit monster av ei maskin, kan nokre av dei små dinosaurane bli vanskelege å sjå på avstand, og ting har ein tendens til å bli litt grumsete.

Det største problemet til JP:OP er kanskje den såkalla realismen some er lagt inn i spelet. No er det vanskeleg å seie kva som får eit selskap til å invistere millionar i å lage ein park på ei aude øy langt ute i havet, utsett for naturkatastrofer. Det som skapar problem er at det er du som må lide av dette. La oss sei du nettopp har utvida din park for å oppnå eit realistisk formål. Du vil la alle dinosaurane leve i harmoni. Dette krev ganske store område, og du brukar ein del pengar på å utvide gjerda dine. Du har din Tyrannosaur for å ha ein attraksjon for spennings-søkarar, og du har dine flokkar med forskjellige planteetarar. Etter å ha utvida har du litt lite pengar, men sånt stabiliserar seg etter kvart. Det er då det skjer, før du veit ordet av det får du advarsel om ein virvelvind på veg rett mot parken din. Denne kan sjølvsagt ikkje gå stille forbi i utkanten, neida, den skal rett gjennom dei mest befolka områda av parken og snappar med seg nokre turistar og dinosaurar i slengen.

Etter å ha rasert mesteparten av parken din, sit du der. Du har minus på kontoen, og parken er ingenting anna enn ei slagmark. I tillegg har Tyrannosauren og alle andre dinosaurar fri tilgang på smågodt i form av turistar. InGen er sinte på deg fordi du ikkje avverga katastrofa, og turistane tenker seg ikkje om to gongar for å forlate parken. Å reparere parken tar tid, og pengar, og når du endeleg har fått orden på parken skjer det ein gang til. To virvelvindar på mindre ein ein halv time faktisk speletid er nok meir enn dei fleste kan akseptere. Det er enkelt og greit ikkje moro i det heile tatt. Det er frustrerande, og det er lett å bli forbanna. Ved å gå inn på kartet kan du få fram prognoser for været tre månadar framover, så du kan orientere deg om at slike situasjonar skulle oppstå, men du kan ikkje gjere stort anna enn å spare pengar, for ein virvelvind vil øydeleggje store delar av parken din uansett.

Å bygge ein dinosaur
Når vi først er inne på problem, så er ikkje naturkatastrofer det einaste som plagar dette spelet. Dinosaurar kan døy når som helst, og trass i at du blir opplyst om dødsårsak, er det ikkje alltid like lett å vite kva som fører til at nettopp denne dinosauren måtte bøte med livet. Du får ingen god forklaring i verken manualen eller vegvisaren på korleis du skal ta deg av eit slikt problem, så det er ikkje alltid like lett å vite kva du skal gjere for å unngå at andre dinosaurar lid same skjebne. Om du har gitt dinosaurane dine store område med vatn, planta nok paleo-tre, for å gi dei spesielt tilpassa mat, og plassert ein del fòr-maskiner rundt omkring, blir det litt surt å få beskjed om at dinosaurane dine døyr på grunn av feilernæring.

Ei anna dødsårsak som kan bli eit stort problem er at ikkje ein gong dinosaurar lev evig. Som ein generell regel er det ikkje lurt å ale fram dinosaurar før DNA-rekka deira er på 100%. Når kvaliteten på DNA for ein dinosaur har nådd 50% kan du byrje å ale opp denne rasen, men ved 50% lev ein dinosaur sjeldan lengre enn i eit halvt år. Ved 100% lev dei gjerne opp til fem år. Det er med andre ord lurt å vente med å bygge ein dinosaur til DNA-rekka er god nok til at den vil halde seg i live ei stund. Det er heller ikkje særleg lurt å bygge mange dinosaurar samtidige, om du gjer det har dei ein lei tendens til å døy når økonomien din er på den svake sida. Å miste åtte Triceratopsar er ikkje alltid like hyggeleg.

For å få nye rasar må du finne DNA, dette kan gjerast på to vis, enten ved å sende ut arkeologar, eller ved å kjøpe på dino-marknaden. Alan Grant, som av uforståelege grunnar brått har ein av dei viktigaste posisjonane i heile parken, tar seg av gravinga etter DNA-rike fossil rundt omkring på kloden. For kvar park du bygger får du tilgang fem utgravingar. Når du byrjar med ein ny park, har du kun tilgang på eit utgravingsfelt. Etter kvart som du går opp i gradene for å nå det siste målet, å få ein fem-stjerners park, får du tilgang til nye område, og kan utvide dinosaur-samlinga di. På sine reiser rundt omkring i verda finn Alan Grant fossile dinosaurar, eller rav. Rav har den høgste kvaliteten, men du kan aldri vite kva dinosaur du får. Knoklar er av litt dårlegare kvalitet, men du får til gjengjeld vite kva dinosaur du endar opp med. Som ein tommelfingerregel bør du kun bruke rav når ingen av dinosaurane har nådd 100%, eller står du i fare for å kaste vekk noko som du kunne fått pengar for på dinosaur-marknaden.

Forsiden akkurat nå

Til toppen