Kingdom Under Fire: The Crusaders

Fire kampanjar, fire heltar
Historia er delt inn i fire delar. Du har to motståande sider, menneske og den mørke legionen (som består av mørke alvar og orkar). Dei to første kampanjane har du tilgang på umiddelbart, og tar føre seg første del av historia sett frå to forskjellige vinklar. Når du har runda desse kan du få tilgang på to nye kampanjar som aukar vanskelegheitsgrada drastisk. Kvar av sidene har rikeleg med forskjellige typar krigarar å velje mellom, alt etter kva du likar. Du vil finne alt frå simple fotsoldatar, magikarar som kastar lyn og meteorar frå himmelen, til folk som kan setje feller for å fange fienden.

Helten du kontrollerar vil alltid ha to medhjelparar, som kan bety veldig mykje i kamp. Du kan påkalle desse når som helst, forutsett at du har nok poeng til det. Desse poenga får du ved å gi skade til fienden, og kan i tillegg nyttast for å bruke forskjellige ferdigheiter, som helbreding. Til å byrje med har dei ganske spinkle angrep, men etter kvart som du oppgraderar dei kan dei vise seg som formidable dødsmaskiner. For å vere mest mogleg effektiv i kamp er det lurt å finne ledaren for hæra du kjempar mot. Dette er ikkje alltid like lett. Når du er i ei klynge av folk som svingar med våpena sine, blir det raskt vanskeleg å finne ledaren, men dette er eigentleg ikkje noko negativt. Hadde du hatt ei pil over ledarane hadde spelet blitt for enkelt, og heile opplevinga av å vere i krig hadde ikkje blitt like overbevisande.

Alle heltane har eit solid antal komboar å velje mellom. Som standard har du tre angrep, eit svakt, eit hardt, og eit spesialangrep om du har bygd opp nok poeng. I tillegg kan du trykke på B for å dukke unna eit angrep, eller kontre ein fiende. Ved å trykke inn forskjellige komboar endar du raskt opp med å gi temmeleg mykje meir skade. Om vi ser på den mørke alven Lucretia, vil ein raskt sjå fordelen med å bruke desse komboane. Om du spring rundt og trykker på X heile tida, gir du lite skade. Sender du ho ut i ein destruktiv kombo derimot, vil du få sjå ho suse gjennom alle fiendane på skjermen i ein virvelvind av hud, hår og stål. Dette ser så spektakulært ut at ein nesten blir lamslått.

Som ein film
Lamslått er kanskje eit svakt ord for korleis det faktisk følest å sitte der med kontroll over fleire hærer i eit gedigent slag. Tenk deg følelsen av å springe over ei tørr ørkenslette. Du ser fienden i det fjerne, og går til angrep. Bogeskytarane stoppar på ei høgde og sender volly etter volly mot fienden. Kavalriet stormar mot fienden, og infantriet brøler sine krigsrop. Medan du nærmar deg målet ditt, kjem enorme ørner stupande ned frå himmelen og kastar fienden fram og tilbake, før alt bryt saman i eit usannsynleg intenst inferno. Om ikkje det var nok sender fienden sine ildsprutande dragar mot deg, som om ikkje ørkenen var varm nok frå før.

Det sjukaste er at du kan sjå alt dette skje. Alt skjer framfor auga dine, og det ser heilt fantastisk ut. Har du nokon gong hatt ein draum om å vere midt på kampsletta i ein storslagen film, kjem du ikkje nærmare enn dette. Til ei kvar tid kan du sjå opp mot hundrevis av figurar på skjermen samtidig, og når dei er så godt detaljerte som dei er, blir det vanskeleg å ikkje la seg imponere. Grafikken i Kingdom Under Fire: The Crusaders er veldig stilfull, og alt er veldig godt deigna. Det er ingenting som ser overflødig ut, eller som følest lite gjennomtenkt. Karakterane ser enormt bra ut, og er veldig godt framstillt både i design, fargelegging og animasjon. Lyseffektene er også utmerka. Alt glimar og skinar som ein forventar det skal gjere, og når ein vandrar i ørkenen følest det verkeleg varmt.

Kingdom Under Fire: The Crusaders

Xbox
Slippdato: 29. oktober 2004
Sjanger: Strategi
Utvikler: Phantagram Interactive
Utgiver: Microsoft

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen