TEST: MSI GeForce RTX 2070 Gaming Z
(Foto: MSI)

Eit glimrande tredjepartskort, men ein smule poenglaust

Dei dyraste RTX 2070-korta kostar nesten det same som RTX 2080.

Nvidia sin nye RTX 20-serie har vore ute i litt over eit halvt års tid no, og tilbodet av spel som byr på strålesporing og DLSS er framleis snevert. I slutten av april skreiv me ein kommentar om dette, der me kritiserte lanseringa frå den gjennomsnittlege forbrukarens perspektiv. Dei nye RTX-funksjonane vil antakeleg spele ei sentral rolle for grafikk i framtida, men det er førebels litt tidleg.

For å sjå meir på det som er mest interessant for oss som speler, yting, har me gått i gang med å undersøke dei ulike 20-serie-skjermkorta. Etter å ha sett på RTX 2080Ti og RTX 2080 er turen kome til toppen av mellomklassen. For å undersøke dette tar me utgangspunkt i MSI sitt GeForce RTX 2070 Gaming Z. Dette går for rundt 6500 kroner, og kjem med to vifter, låge temperaturar og habilt potensial for overklokking.

Ut av boksen booster kortet opp til 1905 MHz, og gjer at ein kan vente å få rundt 5 prosent høgare yting enn med eit referansekort – men forskjellane forsvinn dersom ein overklokkar manuelt.

Design

Som dei fleste andre tredjepartskorta frå MSI, tar dette utgangspunkt i Tri-Frozr-kjølaren deira. Anna enn mindre storleik og to vifter i standen for tre, er utsjånaden omtrent identisk med Gaming X Trio-kortet me testa for RTX 2080. Kanten av kortet har fått nokre skarpe kantar som gir designet litt meir særpreg, men elles er mykje det same. MSI er flinke med utsjånad på gamingprodukt, og eg tør påstå at det er få andre kort som er like kule som denne serien.

TriFrozr-kjølaren er MSI sin basis for alle tredjepartskorta sine. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Storleiken her er som med dei andre korta langt over gjennomsnittet. Lengda er på heile 30.7 centimeter, som gjer at plass kan bli ei utfordring for dei med små kabinett. Det er nokre centimeter kortare enn Gaming X Trio-korta til MSI, men det er snakk om små marginar her. Faktisk er dette òg endå høgare enn Gaming X Trio, som kan gjere at stoplar og liknande i kabinettet kan kome i vegen for å kople til straumkontaktane. Det gjorde det i alle fall for meg, og eg måtte fram med baufila for å gjere nokre modifikasjonar. 

Yting

RTX 2070-korta ligg midt mellom GTX 1080 og GTX 1080 Ti/RTX 2080 når det kjem til spelyting. Distansen varierer naturleg nok frå spel til spel (samt oppløysing), der MSI GeForce RTX 2070 Gaming Z berre ligg 7 prosent bak MSI GeForce RTX 2080 Gaming X Trio i Shadow of War i 4K, til nesten 20 prosent bak i The Witcher 3. I 1080p blir forskjellane noko mindre, men det er på grunn av at prosessoren blir ein flaskehals i den oppløysinga for RTX 2080 og over. Sjølv om RTX 2070-kortet ikkje er heilt kraftig nok til at flaskehalsen blir ein faktor i prosessortunge spel, vil det stort sett vere nok til å tene ein 144 hertz-skjerm i 1080p – eller 240 hertz for dei som driv med skytespel.

RTX 2070 ligg mellom GTX 1080 og RTX 2080 i spel. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

I 1440p vil biletefrekvensen ligge mellom 70 og 100 i krevjande spel frå dei siste åra, som betyr at ein kan kome unna med ein 144 hertz-skjerm her òg med nokre innstillingsjusteringar. Hoppar ein opp til 4K blir saka sjølvsagt noko annleis, men kortet held framleis stand i litt eldre spel. Med overklokking og nokre innstillingsendringar er den magiske 60-grensa innan rekkjevidde.

Til strålesporing er RTX 2070 langt frå valet du vil gå for. Vanlegvis testar eg i Shadow of the Tomb Raider og Metro Exodus, men av ein eller anna grunn krasja Tomb Raider konstant, så eg har berre Metro Exodus til å samanlikne med dei andre RTX-korta med. Der er 1080p den einaste oppløysinga som leverer greie resultat, med ein gjennomsnittleg biletefrekvens på 59 når ein slår strålesporing til «Ultra». Allereie oppe i 1440p dukkar biletefrekvensen under 40 med strålesporing, og då er poenget fullstendig borte. Eg vil òg påstå at det er like greitt å slå av strålesporing og å skru opp til 1440p enn å bruke det i 1080p, for ein får ei langt større auke i biletekvalitet av å oppjustere oppløysinga enn ved å bruke strålesporing.

DLSS gjer ikkje saka spesielt mykje betre. Ein får 20-30 prosent ekstra yting, men med tanke på det store kvalitetsdroppet som teknikken fører med seg på detaljnivå, er det ikkje verdt å bruke. Igjen får ein meir ut av å slå av RTX-funksjonane og heller bruke vanleg oppskalering for å auke oppløysinga. 

Gaming Z har stort potensial for overklokking. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Overklokking

Som nemnt booster MSI GeForce RTX 2070 Gaming Z heilt opp til 1905 MHz ut av boksen. Etter ein del fikling med MSI Afterburner fekk eg skrudd opp klokkefrekvensen med 100 MHz til 2010 MHz og minnefrekvensen med 800 MHz til 7800 MHz. Med straumgrensa skrudd til 111 prosent resulterte det i 8 prosent auka yting i The Witcher 3: Wild Hunt og Assassin’s Creed Origins i 4K, og rundt 5 prosent i Shadow of War.

I lågare oppløysingar får ein mindre ut av overklokkinga, med gjennomsnittleg 5 prosent i 1440p. Der byrjar prosessoren å blande seg inn.

Totalt sett fekk eg ikkje fullt like mykje auke som med RTX 2080 og RTX 2080 Ti, men forskjellane er såpass små at det antakeleg handlar mest om silisiumlotteri-omsyn og optimalisering i dei ulike spela. Uansett er summen eit tredjepartskort som gir gass ut av boksen, og framleis har rom for solide forbetringar. 

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Prislappen på MSI Gaming Z er først og fremst reflektert i kjøleresultata. Desse er imponerande. På same vis som Gaming Trio X køyrer ikkje viftene i det heile på tomgang, slik at skjermkortet ikkje produserer noko form for støy før ein utfordrar det med 3D-applikasjonar. Stort sett vil surfing på nettet og videoinnhald halde temperaturen på skjermkortet under 60, slik at ein ikkje høyrer noko frå det før ein speler.

Viftene held kortet kjølig med lågt støynivå. På tomgang står viftene heilt stille. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Under last er 70 grader det meste kortet har vore oppe på, og det ligg stort sett rundt 67-68 grader. Då drar det 221 watt ut av veggen, og støyar så lite som 33 desibel. Det er omtrent ingenting. Med eit lukka kabinett vil ein ikkje høyre noko lyd i det heile – og knapt noko med eit opent med passiv prosessorkjølar heller.

Med skjermkortet overklokka til 2010 MHz auka straumforbruket til 245 watt, og temperaturen til 73 grader. Dette er ei solid auke frå forgjengar GTX 1070 i straumforbruk, men til gjengjeld får me monaleg høgare yting i 1080p. 

Programvare og RGB

MSI Gaming Z har RGB-element som omringar viftene, samt eit element på toppen som lyser ut frå maskinen. RGB-showet er ikkje i nærleiken like omfattande som på Gaming X Trio, men ein ser det likevel godt i kabinettet på grunn av RGB-panelet på toppen.

MSI Mystic Light har blitt vesentleg betre enn det var. Foto: Skjermdump

Kontrollen over RGB-fargane skjer enkelt gjennom MSI Mystic Light, der ein kan rullere mellom ulike mønster og fargeoppsett. Som vanleg er det regnboge-effekten som gjer mest ut av seg, men ein har ein del alternativ å leike seg med. Eg syns likevel MSI kunne spandert på oss det same oppsettet for RGB som i Gaming X Trio her, med tanke på kor høg prisen er for Gaming Z samanlikna med dei billigare 2070-modellane. 

Konklusjon

RTX 2070 er nok blant dei betre tilboda frå Nvidia denne generasjonen, men lanseringsprisen er igjen nokre tusenlappar høgare enn GTX 1070 då det kom i 2016. Ytingsmessig plasserer RTX 2070 seg mellom GTX 1080 og GTX 1080 Ti/RTX 2080. I spel som er optimalisert betre for Turing enn Pascal er RTX 2070 til og med like kraftig som 1080 Ti, som gjer det til eit godt val for dei som vil makse ut innstillingar i 1080p eller 1440p. 

Men dette gjeld først og fremst billigkorta. Med manuell overklokking kan ein stort sett stryke ut forskjellane mellom dei og dei dyraste tredjepartskorta, sjølv om temperaturar og støynivå vil vere noko høgare på billegare versjonar. Problemet er at når ein må bla opp 6500 kroner for MSI GeForce RTX 2070 Gaming Z, så er det liten grunn til å ikkje berre spare opp 600 kroner ekstra og kjøpe eit RTX 2080-kort. Dei svakaste tredjepartskorta frå Palit og Inno3D til RTX 2080 går nemleg berre for rundt 7100 kroner – og då er det liten grunn til å kjøpe dette.

Tilkoplingane er standardiserte, men nytt for RTX-skjermkorta er USB-C-port for VR. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Viss ein først vil ha eit RTX 2070-skjermkort er det alternativ tilgjengeleg for over ein tusenlapp mindre enn dette. Det same kan for så vidt seiast om RTX 2080, men der er tross alt avstanden opp til neste klasse monaleg større. MSI er langt frå den einaste syndaren her då dei fleste tredjepartskorta ligg i same prissjiktet som Gaming Z, men dei er rett og slett for dyre heile gjengen. Til dømes kan du få Gigabyte sitt WindForce-kort med tre vifter til 1100 kroner mindre enn dette. Då byrjar me å snakke valuta for pengane. 

MSI Gaming Z er eit skjermkort med ein imponerande kjølekapasitet og med minimalt støy, men som framleis berre er litt betre enn konkurrentar som kostar nesten 20 prosent mindre. Då bør ein heller velje ein av dei, eller vurdere å gå opp til eit RTX 2080-kort og få kraftig auke i yting til ein noko høgare pris.  

Les også: Gigakort med juletrelys frå MSI »

Vurdering

"MSI leverer nok ein gong gode resultat, men til ein i overkant stiv pris. "

Pluss

  • Null støy på tomgang
  • Låge temperaturar
  • Minimalt med støy under full last
  • Heftig overklokkingspotensial

Minus

  • Såpass dyrt at det er liten grunn til å kjøpe dette i staden for RTX 2080
  • Strålesporing og DLSS er framleis gimmick, og 2070 er langt frå kraftig nok for strålesporing

Kommentarer (3)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen