Way of the Samurai 4
Anmeldelse

Way of the Samurai 4

Spelet der du kan vere nøyaktig det sjofle dydsmønsteret du vil.

Å lansere Way of the Samurai for eit europeisk publikum midt i haustrushet er eit nesten hårreisande dumt trekk. Det praktisk talt garanterer at dette spelet berre tilgjengeleg via nedlasting forsvinn i mengda. Dei einaste som vil plukke det opp er dei som har venta på det. Kanskje ein og annan person med nøgd lommebok og mykje tid vil kike på det, men eg vil tru det stoggar der.

Det er ei skam. Ei skam høyrer du meg? Lik sin forgjengar (som i motsetning til dette spelet dukka opp på Xbox 360) er Way of the Samurai 4 eit spel som let deg lage di eiga historie. Dette actioneventyret er den virtuelle versjonen av dei gamle bøkene som ba deg hoppe til side 42 for å halde fram historia etter at du valde å opne døra til høgre. Sjølvsagt er det mange gongar meir avansert enn som så, men du skjønar teikninga.

På tide å pryle nokre pyser.
På tide å pryle nokre pyser.

Ein leksjon i fridom

Dei som påstår vestlege spel gjev oss mykje fridom til å gjere som vi vil, og at japanske spel er alt for lineære, har aldri spelt Way of the Samurai-serien. Her er poenget å spele gjennom spelet mange gongar. Vi får servert ei kort historie som går over nokre dagar, men i realiteten varer i ei handfull timar, og den kan utarte seg høgst ulikt kvar gong. Vi blir kasta inn i ein japansk by i det britane er i ferd med å gjere seg kjende. Konfliktane er naturlegvis store. Mange ynskjer den vestlege kulturen velkommen, medan andre vil drepe alle dei skitne utlendingane. Stor dramatikk må du forstå, sjølv om spelet på ingen måte tek seg sjølv høgtidleg. Ikkje at ein kan forvente så alt for mykje alvor frå eit spel med ein karakter under namnet Melinda Megamelons.

Du startar i det små. Du vel deg ein kropp, du vel deg eit andlete, ei frisyre, og om du vil gå i klede eller ikkje. Vala er ikkje store, men dei er der, og før du veit ordet av det sit du i ein liten båt på veg mot land. Alle gjennomspelingane kan du gjere på same lagring, og om du held alt samla vil alt du skaffar deg av verdiar for kvar gjennomspeling bli vidareført til den neste. Der du startar med berre tre val i kvar kategori, vil du etter kvart få tilgang på langt meir for kvar nye historie du startar. Samtidig får du snasne samuraipoeng etter kor bra du spelar som du kan bruke til å låse opp enda meir forfengjeleg dill.

Kva handlar så dette spelet om? Det er såre enkelt må du skjøne. Du er ein samurai, du kjem til denne fagre byen som er sterkt prega av vestleg kultur, og du vel deg ein plass i samfunnet. Enkelt og greitt. Heilt frå start skjer det ting som let deg velje kva side du vil halde med. Ingenting er derimot endeleg, og du kan be om unnskuldning når du vil, eller berre ta livet av ein såkalla alliert om du skulle kjenne behovet.

Du er enormt fri til å stake din eigen kurs, og det er så uhorveleg mange val å rote seg bort i at sjølv om eg har prøvd, så har eg ikkje greidd å knekkje spelet til de punktet der det ikkje får ein konklusjon som på ein eller annan måte gjev meining. Du avgjer dine handlingar på fleire vis. Gjennom filmsekvensar kan du på visse punkt avbryte heile greia ved å trekkje sverdet og gå til angrep. Nokre gongar får du direkte val som deler historia i to, og andre gongar kjem det berre an på kven du snakkar med. Går du til ein ven av britane og takkar ja til eit oppdrag blir du uven med engelskhatarane. Det omvendte er sjølvsagt òg gjeldande, men det er sjeldan du når punktet der du ikkje kan snu kursen.

Kjære lesar. Møt Melinda Megamelons.
Kjære lesar. Møt Melinda Megamelons.

Slaraffenliv

Du kan gi blanke i historia om du vil. Rundt omkring i det vesle området rundt byen finn du folk som leverer ut sideoppdrag. Berre å gjere desse kan ta ein del tid, og sørgje for at du går glipp av ting som dyttar historia vidare. Historia går utan deg, men bak ryggen din, og for å bli ein aktiv part i den må du innvolvere deg sjølv. Om du vil kan du gå gjennom heile spelet berre ved å gjere sideoppdrag. Rundt omkring i byen finn vi blant anna ein gammal mann som vil du skal hjelpe dei fattige, blant anna ved å røske tak i ein fanatisk hygienefreak som hatar skitne folk. Eventuelt kan du bli ein tjuv, eller hjelpe ein konstabel med å rydde opp i avskummet som vandrar gatelangs.

Ein slik open spelestil er diverre ikkje utan sine problem. Døgnet går av seg sjølv, og viktige hendingar skjer på bestemte tider. Går du glipp av dei er dei borte for alltid. Dette gjer sjølvsagt spelet meir interessant, men er du riktig uheldig kan du ende opp med å gå glipp av veldig mykje på rad, og dermed vandre rundt på måfå utan å få gjort noko produktivt. Det er ein ufatteleg uinspirerande situasjon, og spelet som stort sett er fascinerande og kreativt, blir dørgande keisamt rett og slett fordi du ikkje anar kva du skal ta deg til.

Uansett korleis du vel å spele kjem du til å gå glipp av mange ting som du berre får erfare om du spelar gjennom spelet fleire gongar. Til dømes blei eg ikkje sjef for den lokale dojoen før etter å ha spelt gjennom spelet nokre gongar. Som sjef for ein dojo er det i di beste interesse å finne nokon som kan trene disiplane dine, og ikkje minst må du hyre inn potensielle krigarar ved å pryle dei opp først.

Kamp skjer i to former, og både du og alle andre har to helselinjer. Den eine er den reelle helsa, medan den andre er vitalitet. Om du angrip i revers, altså med flatsida av våpenet, vil du ikkje drepe nokon, berre tømme vitaliteten. Dette tillet deg å vise din dominans, eller å be dei om å bli med i dojoen din. Kjempar du på vanleg vis vil du omsider drepe fiendane dine.

På tide å gjere stakkaren til ein disippel.
På tide å gjere stakkaren til ein disippel.

Kampsystemet er like dynamisk og fritt som resten av spelet. Du finn eit mylder av ulike våpen rundt omkring i spelet som alle kan oppgraderast eller brytast ned til råmateriale du kan byggje nye våpen med. Nye teknikkar kan lærast enten gjennom kamp, eller frå bøker enkelte fiendar mistar når dei dør. Sakte, men sikkert byggjer du deg opp og blir ein betre og betre samurai med ein bag full av triks.

Å pryle opp fiendar er likevel ei noko delt affære. Det er lett å misbruke kampsystemet. Eventuelt gjennom å berre hamre dei same knappane om igjen, eller ved å konstant bruke dei same angrepa som alltid funkar. Å sparke bein under ein fiende før du køyrer sverdet gjennom han feilar aldri, og det er lett å ty til slike skitne knep. Ein kan sjølvsagt la vere å bruke skitne triks, men skitne trisk får gjerne jobben gjort fortare, og møter du mange fiendar samtidig er det eit lett val å ta.

Puss for ein suss

Noko å vere obs på er at alle våpen blir i dårlegare forfatning etter bruk. Kvart slag sender det eit lite steg mot å bli øydelagt, og om dette først skjer er ein full reparasjon dyr. Det er difor lurt å ta med seg ein slipestein, litt olje og andre pussemiddel slik at du kan sørgje for at våpenet ditt er i god stand. Det er likevel ei grense for kor mykje du kan bere med deg, og du vil raskt nå eit punkt der du må ta eit val om kor mange nye våpen du skal plukke opp, og kva utstyr og gjenstandar du vil drasse på. Å leggje frå seg litt i dojoen er ikkje ein dum tanke.

Way of the Samurai 4 er langt frå eit vakkert spel. Det er ingen tvil om at budsjettet er lite, og at ressursane har blitt brukt på å gjere spelet så valfritt som mogleg. Aquire har likevel gjort det dei kan for å byggje opp eit visuelt spanande spel. Dei ulike områda du vandrar rundt i visar den markante forskjellen mellom gamle japanske landsbyar og dei nye murkompleksa britane har introdusert. Det blir eit massivt kulturkrasj det er moro å spasere i.

Samtidig finn du mange sære folk som alle er portretterte på ekspressive og karikerte måtar. Dei fleste av personane som vandrar gatelangs er derimot ein gjeng med kloner som ikkje byr på mykje spanande, sjølv om du kan få deg ein midnattsdate med ei lokal frøken. Din eigen person kan du kle opp som du vil, og eg blei spesielt nøgd med ein versjon av med sjølv der eg sprang rundt i kimono, lause bukser og stråtatt. Frå hofta hang ei flaske med sake, og fiskestanga slang eg på ryggen.

Litt makk må ein ha.
Litt makk må ein ha.

Konklusjon

Way of the Samurai 4 bringer ikkje mykje nytt til serien, men gjer alt i si vande form. Vi får eit uhyre fritt og ope eventyr du kan spele gjennom slik du vil, så mange gongar du vil. Du er for det meste fri til å gjere akkurat det du vil, alliere deg med dei du vil, og ta del i historia i den grad du ser det fornuftig.

Spelet si største styrke kjem gjennom korleis dei ulike vala du gjer formar historia. Kvar gjennomspeling blir ulik den førre, og sjølv om det sjølvsagt finnest grunnpilarar du alltid må gjennom, er dette nok til å motivere deg til å prøve på ny. Det kan derimot bli hakket for stilleståande no og då. Den store utfordringa uteblir, og etter nokre gjennomspelingar blir det litt vel mykje gjentaking. Way of the Samurai er likevel eit tidvis herleg spel som i likskap med sine forgjengarar gjer ting på sin eigen måte. Det er ikkje for alle, men om du likar sære spel fulle av val, er dette midt i blinken.

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Way of the Samurai 4

Way of the Samurai 4 PS3 PS3 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. oktober 2012
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Rollespill, Eventyr
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: NIS America
  • Utvikler: Aquire

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen