Kroken på døra for Epic Mickey-studioet

Warren Spector må sjå seg om etter ny jobb.

Det er harde tider i spelbransjen. Rett etter at THQ gjekk i oppløysing har vi fått eit nytt offer i jakta på profitt. Deus Ex-skapar Warren Spector sitt studio Junction Point har stengt dørene, får vi vite via Polygon.

Junction Point blei oppretta av Warren Spector og Art Min i 2004. Sidan då har dei levert spela Epic Mickey til Wii, og Epic Mickey 2: The Power of Two til det meste som kan krype og gå av plattformer. Det første spelet i Epic Mickey-serien var ein rimeleg akseptabel suksess, men Epic Mickey 2 har sett veldig labre salstal.

Det er berre å vinke farvel til Epic Mickey.
Det er berre å vinke farvel til Epic Mickey.

Konsekvensen av dårlege salstal er ofte at utviklarane går under, sjølv om dei er eigde av eit stort konsern som Disney. Dette er heller ikkje første gong Disney har stengt studio dei ikkje ser på som lønsame. I 2011 blei både Turok-studioet Propaganda Games og Split/Second-utviklaren Black Rock Studio stengde.

Warren Spector var sjef for Junction Point, samt visepresident for Disney Interactive. Han har gjennom si mangeårige karriere ved sidan av Deus Ex og Epic Mickey vore involvert i seriar som Wing Commaner, Ultima, system Shock og Thief. Kva han vil gjere framover er enno uvisst, noko han gjer ganske klart på LinkedIn-profilen sin.

Steninga av Junction Point kjem i følgje Disney som eit resultat av omstrukturering. I ein kommentar til Polygon fortel dei følgjande:

«Det var med sorg vi informerte teama våre i dag om endringane i organisasjonen vår, som inkluderer stenginga av Junction Point Studios. Desse endringane er ein del av vår kontinuerlege innsats for å tilpasse oss ein marknad i stadig endring. Vi er svært takksame for dei kreative bidraga Warren Spector og Junction Point har kome med via Epic Mickey og Epic Mickey 2.»

Tilpassinga Disney-konsernet snakkar om inkluderer blant anna Disney Infinity. Dette er eit stort nytt konsept der Disney-figurar frå ei mengde ulike seriar og filmar møtast i ei kreativ samling spel der du kan skape mykje av opplevinga sjølv.

Les også: Ukens podcast: Gamle Disney-spill fra Capcom
Les også: Disney kjøper Lucasfilm

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen