Neste Dead or Alive får gratisversjon

Team Ninja prøvar nye knep for å nå eit større publikum.

Gratisspel har blitt svært populære blant både utviklarar og utgjevarar den siste tida. Mange MMO-spel har gått frå å tvihalde på abbonementsmodellen, til å omfamne at spelarane får eit basisprodukt gratis, og deretter må punge ut for å kjøpe nye ting til spelet sitt.

Denne modellen har vakse i omfang for langt fleire sjangrar enn MMO-spela, og fleire og fleire spel let deg kome i gong utan å betale noko, for så å krevje pengar for å låse opp nytt innhald.

Siste selskap ut med eit gratisalternativ er Team Ninja, skaparane av slåssespelserien Dead or Alive. For kort tid sidan kunngjorde Team Ninja Dead or Alive 5 Ultimate, som er ein litt forfriska versjon av det solide slåssespelet Dead or Alive 5. Det Team Ninja ikkje fortalde oss i første omgang er at denne nyversjonen vil prøve å snu heilt opp ned på korleis vi spelar slåssespel.

Gratis inngang

Dead or Alive 5 Ultimate kan lastast ned heilt gratis, fortel Siliconera. Grunnpakka til spelet gjev deg tilgang på dei fire kampkjempene Kasumi, Ayana, Hayate og Ryu Hayabusa. Sjølv om du berre får styre fire krigarar sjølv, vil du kunne møte alle dei resterande krigarane frå det fulle spelet, samt velje fritt mellom alle banene i heile spelet.

Om du vil ha tilgang på fleire krigarar kan desse låsast opp for ein så langt ukjend sum pengar. For at du skal kunne vite kva du kjøper når du omsider vel å utvide krigarsamlinga di, vil spelet kome med ulike prøveperiodar der du kan få gratis tilgang på ulike krigarar i ei veke om gangen. Likar du det du ser kan du velje å kjøpe krigarane for å bruke dei permanent.

Sjølv om spelet kjem deg i hende gratis vil du like fullt kunne spele på nett mot alle andre Dead or Alive 5 Ultimate-spelarar. Samtidig vil du få tilgang på treningsmodusen frå PS Vita-versjonen Dead or alive 5+. Det einaste du ikkje får tilgang på med dei fire krigarane du får gratis er historiemodusen som må kjøpast.

Det einaste skåret i gleda så langt er at gratisversjonen av Dead or Alive 5 Ultimate så langt berre er kunngjort for PlayStation 3, men utgjevaren Tecmo Koei er i samtaler med Microsoft om få spelet lansert på Xbox 360. Sjølv om spelet blir tilgjengeleg i gratisform på PlayStation 3, vil det framleis bli mogleg å kjøpe fullversjonen.

Les også: Devil May Cry-studioet byr på mobilslåssing
Les også: Anmeldelse: Dead or Alive 5

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen