– Neste Xbox krev Internett

Framtida kan bli mykje strengare enn vi er vande med.

I desember dukka Wii U opp i butikkhyllene, og blei med det den første nye konsollen på marknaden sidan Wii lanserte i 2006. Vi har framleis til gode å få vite kva Microsoft og Sony jobbar med, men ryktemølla har stige dramatisk i intensitet den siste tida.

I dag melder EDGE at ei sikker kjelde har kome med informasjon om korleis den neste Xbox-konsollen vil fungere. Mest oppsiktsvekkjande er at maskina i følgje kjelda vil krevje Internett for å kunne brukast. Vi snakkar altså ikkje om å berre måtte logge på ein gong for å få låst opp eit spel, men eit absolutt krav kvar gong du vil bruke maskina. Om dette er sant byggjer det i så fall opp om rykte som har gått i lang tid.

Om Microsoft har tenkt å kome med ei løysing for dei som eventuelt ikkje har Internett, eller skulle få uventa nettverksproblem blir det ikkje sagt noko om. Dette er derimot ei svært viktig og interessant problemstilling som kan få store konsekvensar for brukaren.

Ingen brukte spel

I tillegg til å krevje internettoppkopling vil Microsoft gjere det dei kan for å få slutt på bruktspelmarknaden. Både utgjevarar og konsollprodusentar har vore negative til at folk sel spela sine vidare slik at butikkane tener pengar i staden for dei som lagar spela. Spela til den komande Xbox-konsollen vil i følgje EDGE kome med aktiveringskodar som gjer ein kopi av eit spel ubrukeleg for andre enn kjøparen. Det kan med andre ord sjå ut til at det blir slutt på å låne spel til vener.

Ved sidan av dette vil maskina kome med ein Blu-ray-spelar som kan lese plater på 50 GB. I tillegg vil den ha ein harddisk som blir langt større enn dei som har vore tilgjengelege til Xbox 360. Utover dette vil deen neste konsollen kome ein ny og forbetra versjon av Kinect.

Sjølv om EDGE stolar på kjeldene sine, er likevel ingenting heilt sikkert enno. Det er venta at både Microsoft og Sony vil avsløre sine komande konsollar i løpet av våren, i god tid før E3-messa i juni. Sony har på si side innkalla til pressekonferanse 20. februar der mykje tyder på at dei vil vise fram PlayStation 4.

Les også: Sony: – Hvorfor være først ute med ny konsoll?
Les også: – Neste generasjons konsoller er uinteressante

Kommentarer (129)

Forsiden akkurat nå

Til toppen