(Bilde: Telltale Games)

Ny Game of Thrones-episode neste veke

Korleis vil det gå med Forester-familien?

Den fjerde episoden av Telltales Game of Thrones-serie kjem neste veke. Det har utviklarstudioet sjølv stadfesta. Episoden har fått namnet Sons of Winter og byr på enda fleire utfordringar for familien Forester.

Episoden vil bli lansert på PC og Mac 26. mai, før PlayStation- og Xbox-versjonane blir lanserte dagen etter. Dei mobile versjonane av spelet ser dagens lys 28. mai.

I Game of Thrones-serien til Telltale Games møter vi mange kjende personar frå TV-serien basert på bøkene til George RR Martin. Utviklarane har likevel valt å by på ei anna historie enn den folk flest kjenner til, og set fokuset på familien Forester som lenge har vore allierte med Stark-familien. Handlinga går føre seg mellom sesong tre og fire av TV-serien.

Sterk start på eventyret

Smiler aldri folk i Westeros?
Smiler aldri folk i Westeros? Bilde: Telltale Games

Vi tok ein kikk på den første episoden av Game of Thrones då den blei lansert, og meinte det heile såg ut til å bli ein essensiell del av Game of Thrones-universet:

«Telltales versjon av Game of Thrones sparkar i gong med ein av dei mest brutale sekvensane i seriens historie, og klarar med det å stadfeste seg sjølv som eit godt alternativ til HBOs storsatsing. Samtidig er det viktig å merke seg at ein nok bør ha sett ein del av TV-serien om ein faktisk skal forstå noko av det som skjer på skjermen.»

Game of Thrones er berre ein av svært mange prosjekt hos Telltale Games for tida. Nye episodar i Tales from the Borderlands er under utvikling, og dei jobbar i tillegg med ein ny The Walking Dead-sesong, spel basert på Marvels superheltar, og eit spel basert på Minecraft-universet.

 

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen