Nytt Pac-Man-spel på veg

Komande TV-serie får spelkompanjong.

Pac-Man er utan tvil blant dei eldste og lettast gjenkjennelege spelfigurane som finnest. Den gule ballen har sidan starten i 1980 dukka opp i ei mengd med ulike spel. Frå byrjinga der det heile handla om å ete kvite prikkar og kome seg unna sinte spøkjelse, har han dukka opp i alt frå plattformspel til ein komande TV-serie.

Denne TV-serien blir basisen for det neste spelet om den gulen helten. I Pac-Man and the Ghostly Adventures reiser vi til Pac-World der innbyggjarane har levd i fred og harmoni heilt til spøkjelsa frå Netherworld dukka opp. Det er sjølvsagt berre ein einaste person i heile universet som kan redde situasjonen, og det er deg.

Dei seier gult er kult, men det har tydelegvis ikkje denne karen fått med seg.
Dei seier gult er kult, men det har tydelegvis ikkje denne karen fått med seg.

Mange konkrete detaljar om det nye spelet har vi ikkje, men Namco Bandai fortel i ei pressemelding at spelet vil hente fram igjen fleire av elementa frå det originale spelet. Til dømes vil du kunne ete spøkjelse med det Namco Bandai kallar «spanande nye mekanikkar», utan å gå i detalj på kva det betyr.

Ut av dei første skjermbileta å døme ser det ikkje usannsynleg ut at dette blir velkjend plattformaction i tredjeperson.

Når spelet kjem i sal seier ikkje Namco Bandai noko om, men ein skal ikkje sjå bort frå at spelet kjem i sal omlag samtidig med premiera på TV-serien produsert av Marvel Studios-grunnleggjaren Avi Arad. Den finn stad 17. juni.

Pac-Man and the Ghostly Adventures blir utvikla for PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U, eit sideskrollande plattformspel til 3DS er òg på veg.

Les også: Anmeldelse: Pac-Man Party 3D

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen