Resident Evil 6 er ferdig

Capcom sprettar champagnen i god tid før lansering.

I nyare tid har Capcom vore veldig flinke til å hyre inn internasjonale utviklarstudio for å vidareutvikle seriane deira. Akkurat no held Spark på med Lost Planet 3, medan britiske Ninja Theory revitaliserer Devil May Cry. Dette frieriet til vesten betyr likevel på ingen måte at dei slappar av på heimebane. Tidlegare i vår kom det fenomenale Dragon's Dogma, og no har dei nett gjort ferdig siste finpuss på Resident Evil 6, kan VG247 fortelje.

I det foreløpig siste Resident Evil-spelet møter vi ikkje berre ein eller to heltar. Spelet er fordelt over fleire kampanjar som alle fortel ulike historier. Vi vil møter gamle kjenningar som Leon og Chris, samt nykomaren Jake. Heile spelet er i tillegg bygd opp rundt samarbeid slik at du heile tida kan ha ein ven med på lasset.

Dei klassiske zombiene vender tilbake.
Dei klassiske zombiene vender tilbake.

I tillegg til å by på velkjend zombieslakt har Capcom introdusert nokre element som er heilt nye for serien. Gjennom nettsida ResidentEvil.net kan du halde styr på din eigen innsats. Om du skulle lure på kor mange zombier du har drept, kor mange gongar du har døydd, og kva våpen og utstyr du brukar mest, kan du sjekke alt slikt her. Utover grunnleggjande statistikk vil du i tillegg kunne delta i turneringar og kampar på nett.

Eg tok ein nærare kikk på Resident Evil 6 under E3-messa tidlegare i år, og var eigentleg ganske nøgd med det eg fekk sjå:

– Det herskar ingen tvil om at action har kome for å bli i Resident Evil-serien, men det ser likevel ikkje ut til at Capcom har ignorert seriens røter. I Resident Evil 6 blandar dei grøss og skrekk på ein måte som lovar svært godt, og vi får spenstige og hektisk action i kamp mot svære monster, side om side med god gammaldags lusking gjennom mørke korridorar.

Resident Evil 6 sprer virus, eder og galle over din lokale butikk 2. oktober.

Les også: Anmeldelse: Lollipop Chainsaw
Les også: Anmeldelse: Resident Evil 5

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen