Sytete japanarar

Nyfrelst viking med nedslåande ord om sine landsmenn.

Om du ferdast i spelverda, og då spesielt i den austlege delen av økosystemet. kjem du ikkje unna Tomonobu Itagaki. Den eksentriske karen som tidlegare heldt taumane ved Team Ninja er minst like kjend for sine ord og meiningar som han er for spela han har laga. At han veit kva han driv med er det liten tvil om, han har hausta mange lovord for seriar som Ninja Gaiden og Dead or Alive, sjølv om byttingen Dead or Alive: Xtreme 2 kanskje ikkje er noko å vere spesielt stolt over.

No er han sjef for Tokyo Vikings som arbeider hardt med å få actionspelet Devil's Third klart for lansering ein gong i 2013. Akkurat her har Tokyo Vikings gjort ein noko uvanleg vri for eit japansk utviklarstudio; dei har valt ein vestleg utgjevar i THQ.

Om ein skal lytte til kva han har å seie om sine eigne landsmenn i eit intervju med Gamasutra skjønar ein kvifor:

Itagaki har servert eit par blodbad opp gjennom åra.

– I Japan er det ikkje berre teknologien som manglar. Dei er verken kreative eller oppfinnsame, så dei klagar mykje, og dei seier mykje, men dei gjer ingenting. Før dei seier noko som helst har eg lyst til å seie «Gjer noko!» til dei.

Dette er derimot ikkje det einaste problemet den japanske spelindustrien står ovanfor. Skal vi tru Itagaki er dei næraste for sosiale analfabet å reikne.

– Det er viktig å kunne uttrykke kva du gjer og kva du vil gjere – du veit – å kunne uttrykke deg sjølv. Eg snakkar om sosiale eigenskapar, japanske utviklarar manglar dei sosiale eigenskapane amerikanarar og europearar har.

– Kanskje har dei ikkje humor, eller dei forstår ikkje korleis dei skal tulle litt. Det er kanskje eit problem med haldninga deira. Om dei ikkje utviklar desse eigenskapane kan det bli veldig vanskeleg å lage globalt aksepterte og populære spel som passar for forskjellige kulturar.

Om Itagaki har rett om japanarane, og kjem til å stå fram som ein visdomsbauta er det litt vanskeleg å seie før vi får slå kloa i Devil's Third, men at den japanske spelindustrien har sett betre tider er det ingen tvil om.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden