ANMELDELSE: Bayonetta
Anmeldelse

Bayonetta

Sex, hår og popmusikk

Dette spelet dreg det så langt at du enten vil gapskratte eller ringe Ottar.

Bayonetta er ei dame som er så til dei grader seksualisert at ho som eit resultat blir fullstendig fråstøytande. Utviklarane hos Platinum Games har tøya strikken lovleg langt for å presse fram ein kropp som køyrer alle proporsjonar og såkalla ideal så langt ut på viddene at det vi står igjen med er ei dame som trass hennar endelause insinuasjonar om at ho er alle menns våte draum, blir heilt feil.

Dama har eit pent ansikt gøymt bort bak briller og ein hårfrisyre som berre får monsterdama til å bli enda skumlare. Ho er sikkert tre meter høg, har eit ulovleg velforma hofteparti, bryst frå ein dyr klinikk i Los Angeles, og bein så lange at dei einaste samanlikningar eg kan tenkje fram blir middels til grovt perverse.

Noko anna blir veldig vanskeleg der überangrepa etterlet frøkna sjølv så godt som naken medan håret hennar formar støvlar, hanskar og brutale beist. Du skjønar, «lærdrakta» hennar er i realiteten laga av hår. Bayonettas hår.

Ekshibisjonismens kunst

Ser vi reint bort frå overflatiske kvalitetar som kropp, blir neste stopp kven dama er som person, og det er ikkje så lett å like det ein ser her heller. Ho når umiddelbart fram med si «på alle måtar betre, vakrare og tøffare enn deg»-haldning, og du blir lettare sjarmert. Etter kvart som timane går er det likevel lett å stå igjen med eit inntrykk av ein person som er litt for full av seg sjølv i forhold til kva ho eigentleg har å by på.

Ho er litt usmakleg, og dette veks i kraft for kvar time som går. Når ein endar opp med å ikkje ha sympati med hovudpersonen, blir det litt vanskeleg å la seg engasjere av dei tallause filmsekvensane som på veldig pompøst vis gjer sitt beste i å overbevise deg om at Bayonetta berre er kul.

Sjølv om Bayonetta i seg sjølv kanskje ikkje er alt det ho trur ho er, er det definitivt veldig mykje rundt ho som er verdt å merke seg. Designet på spelet er fantastisk, sjølv om grafikken ikkje alltid er den mest imponerande. Historia er meiningslaus, sjølv om den kastar ei pompøs heks inn i eit frontalangrep på himmelen. Den er fortalt på ein så stilisert og kreativ måte full av overdådige og absurde situasjonar at ein berre le med. At musikken er ei blanding av ei solid dose metal, klassisk og skremmande lystig popmusikk (!) set i tillegg ein solid prikk over i-en.

Perfeksjon

Å spele Bayonetta er ein draum. Dette er utan tvil det spelet som så langt kjem nærast i å perfeksjonere eit kampsystem i typisk tredjepersons-vinkel. Gløym Devil May Cry, og legg til side Ninja Gaiden. Om du verkeleg vil vere eitt med ein digital figur, og samtidig få ei markant kjensle av meistring uavhengig av om det er første gong du spelar eit slik spel, har du berre eitt alternativ: Bayonetta.

Bayonetta er etter forholda eit typisk actionspel. Det legg ikkje stor vekt på skyting, og satsar i staden på slag og spark i eit vanvittig tempo. Mange har gjort dette før, men i Bayonetta er det heile så polert at det er direkte umogleg å ikkje få til noko. Du kan hamre inn kampar på måfå og likevel få til dei mest vanvittige angrepa som gjerne endar i ein gigantisk støvel som tråkkar fienden ned i grusen. Spelet gir deg eit nytt angrep for kvar tenkjelege knappekombinasjon, og om du skulle lure på om noko vil ha effekt, er det berre å bryne seg på øvingsmodusen som er bygd inn i kvar lastesekvens.

Det er som sagt lett å få ei sterk kjensle av meistring, men å verkeleg meistre spelet krev mykje arbeid. Det er eit enormt hav av forskjellige komboangrep i spelet, og det tek mykje øving å få dei mest avanserte til å sitje godt i henda.

Dei kraftigaste angrepa krev nøyaktig timing og at du er hundre prosent konsentrert om det som skjer på skjermen. Om du nøler i brøkdelen av eit sekund med å trykkje inn ein knapp, kan du vere trygg på at angrepet feilar. Ikkje at dette er noko stort problem. Medan du hamra inn det tiltenkte angrepet ditt har Bayonetta allereie utlevert minst fem-seks latterleg kraftige slag og spark, og du kan vere trygg på at så lenge du held fram med å trykkje inn knappar, vil du få sjå dei eksplosjonane du lengtar etter.

Pisk på bar hud

Bayonetta krev eit ekstremt høgt fokus frå spelaren, og det minste feilgrep kan bety at døden ventar rundt neste hjørne. I starten går det meste veldig greitt, men etter kvart som timane går blir utfordringa rimeleg brutal. Du blir kasta som ein ping pong-ball frå den eine kampen etter den andre, og det heile skjer i eit så vanvittig tempo at du praktisk talt brølar «Time Out!» mot skjermen, slik at du kan roe pulsen i nokre minutt – og få tilbake pusten – før du kastar deg ned framfor skjermen igjen. Tru meg når eg seier du kjem til å bli utmatta.

Her kjem samtidig eit svært viktig element i Bayonetta inn i biletet; «Witch Time» (eller «Bullet Time» om du snakkar finsk). «Witch Time» får tida til å stå nesten stille i nokre sekund, og du kan nytte den ved å rulle unna eit angrep i nøyaktig siste liten. Dette blir raskt eit veldig viktig element som vil redde deg ut av mange situasjonar. Samtidig gjer det kampane enda meir engasjerande. Om du ser at ting ikkje heilt går din veg, og greier å få til litt «Witch Time», kan du raskt snu ting fullstendig på hovudet i så stor grad at du sender ein skinande engel med hovudet først inn i ein giljotin (eg tullar ikkje).

Opp og ned

Alt er likevel ikkje fryd og gammen, og Platinum Games demonstrerer etter kvart at sjølv om dei meistrar denne sjangeren fenomenalt bra, står dei framleis fast i ein del gamle konvensjonar. Eg kan både forstå og akseptere at utviklarar har ei trong til å lange vanskeleg spel, men nokre gongar blir det for dumt. Det mest umiddelbare feilgrepet i Bayonetta er at «Witch Time» har ein tendens til å bli utilgjengeleg mot akkurat dei fiendane det hadde vore mest praktisk mot. Utan å vite noko på førehand, endar du opp med å rulle og hoppe i eit stadig aukande tempo medan frustrasjonen får musklane til å spenne seg.

Etter kvart må du oppgitt akseptere at nei, sjølv om dei fiendane du nett tok knekken på kunne bli offer for «Witch Time», er desse nye fiendane (som for øvrig er heilt identiske med dei førre) fullstendig immune. Det er slikt som ikkje gir meining. Ja, spelet blir vanskelegare, men Bayonetta er meir moro når eg får lov til å bruke alle eigenskapane til den langbeinte dama. Eg er meir interessert i å ha det moro enn i å rive ut håret mitt. Å rive ut håret er ganske smertefullt, spesielt om det er like langt som mitt.

Snøskred

Dei første timane med Bayonetta er så ekstatiske og vanvittig underhaldande at det er lett å oversjå mykje av det som nok vil setje ein solid bjelke i hjula for mange. Å nekte deg å bruke «Witch Time» er ein ting, men det finnest fleire feilgrep i spelet.

Ein av dei vanlegaste er eit kamera som ikkje heilt veit kva det vil. Stort sett får du styre kameraet som du vil, men i enkelte tilfelle vil eit enormt beist gjere det vanskeleg å sjå noko som helst, kameraet trekk seg tilbake slik at det blir vanskeleg å sjå kva som skjer. Det er frykteleg ergeleg når kameraet er grunnen til at du døyr, og dette kan skje meir enn ein gong i Bayonetta.

Dette sender oss umiddelbart over på eit prehistorisk helsesystem som ikkje gjer deg nokon tenester. Du finn lite helse medan du spring rundt i dei overdådige områda, og i staden må du gjerne til underverda for å handle inn nokre grøne kjærleikar på pinne.

Som regel får du berre dra på handletur etter å ha vore gjennom eit halvt dusin med kampar som i kva som helst anna spel hadde blitt sett på som sjefskampar. Vel framme i den lokale baren i ein liten forstad til helvete kan du endeleg handle inn litt snop, berre for å innsjå at du maks får kjøpe ein kjærleik som fyller opp helsa fullstendig, og toppen tre av dei hakket mindre potente gledene på pinne.

Det blir litt tragikomisk.

Bayonetta elskar å kaste deg frå den eine sinnssjuke og enormt underhaldande konfrontasjonen etter den andre, men gløymer fullstendig å tenkje over at mange av desse møta kan vere direkte livsfarlege. Eg forventar ikkje å få eit helsesystem som i Halo-serien, men kom an! La meg i det minste bruke den etter kvart enorme pengebingen eg har til noko fornuftig. Det finnest garantert dei som ikkje kan klage over dette sidan dei vilutfordrast til fingrane blør, men for andre potensielle kjøparar blir det nok litt i overkant.

Ein ting må likevel seiast. Sjølv om spelet provoserer deg til døde, greier du ikkje gi opp. Du tek i mot grisebank om igjen og om igjen heilt til du etter mykje om og men presterer å rive kroppsdelane frå beistet som har stogga framdrifta. Slik sett kjem det noko positivt ut av noko negativt. Du blir pressa til å bli betre, og det å merke korleis Bayonetta gradvis blir ei forlenging av deg sjølv er fantastisk.

Det går ikkje an å setje ein pris på den kjensla du får når du endeleg – etter fleirfaldige nederlag – har knust ein to kilometer høg demon frå Guds fagre himmel.

Konklusjon

Bayonetta er eit enkelt val å ta om du likar Devil May Cry, Ninja Gaiden og til dels God of War. Det er eit spel som perfeksjonerer kampsystema i desse spela og gjer det til noko vanvittig intuitivt og handterleg. Dei første timane er som å kome til spelhimmelen og eg skal innrømme at eg innleiingsvis undra meg over om vi allereie i januar skulle få eit av årets beste spel.

Den tanken har eg derimot slått frå meg. Bayonetta er knall underhaldning, men det har ei rekkje frustrasjonselement som øydelegg moroa her og der, og kan gjere spelet unødig irriterande. Eit ustabilt kamera og eit håplaust helsesystem er berre to ting. At spelet trass nokre stygge nedturar likevel når så høgt opp på skalaen seier svært mykje om kor vanvittig underhaldande spelet er når det let deg gjere akkurat det du vil. Bayonetta har kanskje det beste kampsystemet nokon sinne. Om vi får ein oppfølgjar som rettar opp i dei andre detaljane, snakkar vi om ein evig klassikar.

Bayonetta kjem i sal førstkommende fredag, 8. januar, for Xbox 360 (testet) og PlayStation 3.

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen