ANMELDELSE: Borderlands
Anmeldelse

Borderlands

Tidenes våpenfest

Har du først tatt turen inn i audemarka, kjem du aldri tilbake.

Nokre steg på planeten Pandora er som å ta turen inn i ei heilt anna og framand verd. Det er ei svidd audemark der autoverna er laga av gamle bildekk, og bygningar er snikra saman av blikkplater og rustne jernstolpar. Kjensla over å vere aleine er intens. Du kan knapt sjå ei einaste sjel, og du vandrar mellom søppel og bilvrak før eit fiendtleg beist brått hoppar på deg frå sida. I det fjerne kan du høyre nokon hyle med ei stemme som varslar bråk, før ein gjeng i lærmasker stormar mot deg med den intensjon å skyte først, og spørje etterpå.

Eggande rytmar byrjar å fylle øyregangane dine, og den skitne gitaren spelar ein rytme som får det heile til å verke enda meir verkeleg, før det heile treff den perfekte noten i det ein strupesongar legg prikken over i-en. Fiendane fell mot bakken, og musikken ebbar ut, og blir overteken av eit seigt lydbilete der ein og anna tone på gitaren får deg til å innsjå at denne musikken er audemark per definisjon.

Unikt

Det er mykje med Borderlands som umiddelbart dreg deg inn. Verda hentar kanskje svært mykje frå Fallout og Mad Max, men den herlege stilen får samanlikninga til å bli kortvarig. Det er som å vandre rundt i ein levande teikneserie. I staden for skinande overflater og sand som ser ut som plast, kan ein sjå blyantskraveringar og harde linjer i alle overflater. Det er ein veldig moden versjon av teikneseriestilen som gjerne heller blir brukt av japanske rollespel, og den er vanvittig effektiv.

Samtidig er dette berre overflata som flørtar med deg lenge nok til at du får auga opp for kva dette spelet eigentleg handlar om, og det handlar berre om ein ting; konstant motivasjon. Kva du enn gjer i denne verda driv deg vidare. Alle konfrontasjonar og oppgåver gir deg ein premie som aukar drivkrafta di. Alt du gjer gir deg nytt utstyr, nye våpen, meir pengar, og erfaringspoeng som sender deg opp gjennom nivåa, og med det nye eigenskapar du kan bruke for å ta knekken på fiendar.

Borderlands ser kanskje berre ut som eit skytespel i førsteperson, men i realiteten er det eit rollespel. Om du hadde bytta ut kulene med sverd og magi, og skifta kameraet til å sjå alt frå eit fugleperspektiv, hadde spelet brått hatt veldig mykje til felles med Diablo og liknande spel. Kombinasjonen av skyting og rollespel er så sterk, at spelet er både heilt nytt og velkjent, samtidig.

Jobb mot betaling

Historia står ikkje sterkt i Borderlands. Den er der, men det einaste du verkeleg får ut av den, er ei drivkraft som sender deg til nye område. Spelet dreiar rundt basar. Kvar base er heim for nokre få personar, og ei oppslagstavle som gir deg nye oppdrag. Det du først og fremst gjer i desse områda, er å plukke opp oppdrag, og kjøpe det du skulle ha behov for frå forskjellige automatar, før du tek turen ut i fiendtlege område der kulene sit laust.

Når du først er i eit område du skal utføre eitt eller fleire oppdrag i, vil du sjeldan få tid til å sitje stille. Fiendane er over deg heile tida, og dei dukkar opp igjen så pass raskt etter at du først har drepe dei, at når du går gjennom eit område for andre gong, er dei tilbake og klare for å ta deg på ny. Dette er på ingen måte eit problem. Tvert imot er det ein del av spelet som verkeleg sørgjer for at du aldri kjedar deg. Det er alltid ei utfordring, og alltid noko å drepe. Dette betyr samtidig at du alltid vil finne nye våpen, og nytt utstyr. Kvar einaste konfrontasjon er ei potensiell gullgruve.

Dette er ikkje eit spel med eit dusin våpen du held deg gåande med frå start til slutt. Her har du ei samling våpenklassar, og innan for desse klassane er variasjonen enorm. Om du til dømes helst brukar pistol, kan du finne fleire tusen forskjellige pistolar i løpet av spelet. I starten er dei rimeleg svake og like, men gradvis finn du større og større variasjon mellom dei. Ein pistol skyt tregt, medan kulene gir mykje skade. Ein anna pistol skyt raskt med svake kuler. Andre pistolar igjen har elementskade som skadar fiendane over tid. Kombinasjonane er endelause, og dei blir heile tida betre.

Du rekk aldri å bli for komfortabel med eit våpen sidan det ligg noko betre rundt neste hjørne, og dette er eit av spelets absolutt sterkaste kort. I staden for å bli ein irritasjon der du alltid har kjensla av at våpenet du diggar aldri kan bli godt nok, blir det eit enormt sug etter å finne ut kva det neste blir.

Eksplosiv moro

Denne variasjon gjeld andre delar av spelet óg. Til dømes har du skjold, og desse finn du like mange variantar av. Nokre skjold vil vere kraftige og byggje seg opp tregt. Andre er svakare, men regenererer helse. Det handlar heile tida om å finne det som passar deg best, og det er noko du ikkje finn ut av om du ikkje prøvar ut alt spelet har å by på, ein prosess som er uhyre engasjerande. Det er så mykje du kan gjere her, berre ut frå utstyret ditt, at sjølv om historia ligg i bakgrunnen, får du verkeleg kjensla av å lage din eigen krigar. Nokre likar granatar som deler seg for å spreie øydelegging, andre likar granatar som stel helse frå fienden, og overfører den til deg. Valet er ditt.

Eit anna og enda viktigare val, er kva klasse du vil velje. Du har fire til disposisjon, og desse varierer mellom dei kraftige soldatane, og dei som held seg i bakgrunnen. Ingen våpen eller utstyr er låst til ein spesiell klasse, men kva klasse du vel, avgjer kva kategoriar du kan satse på. Vel du jegeren Mordecai, vil du til dømes kunne byggje opp eigenskapane med snikskyttarrifla langt utover det dei andre klassane kan.

Alle kan likevel bruke alle våpen, og bli betre i dei sjølv om dei ikkje samsvarar med klassen. Etter kvart som du brukar eit våpen vil du byggje opp kunnskapane dine om det. Noko som vil gjere deg stødigare og meir effektiv. Dette er eit smart grep frå utviklarane si side som hindrar deg i å få kjensla av du skulle vere låst til spesifikke våpen ved å velje ein klasse.

Kvar klasse har i tillegg heilt spesielle eigenskapar som ikkje nødvendigvis har noko med våpen å gjere. Soldaten kan til dømes setje ut eit stasjonært maskinvåpen, medan kvinna i gruppa kan forsvinne inn i skuggane. Andre eigenskapar gir deg helse kvar gong du drep ein fiende, eller ei ammunisjonsmengde som veks automatisk. Kvar klasse har i tillegg spesielle gjenstandar dei kan bruke, noko som kan gi alt frå ekstra skade med forskjellige våpen, til fleire skattar kvar gong du drep ein fiende.

Samarbeid i himmelen

Det er mange sterke sider i Borderlands, men den sterkaste er utan tvil samarbeidsmodusen. Den har nokre negative sider, men dei bleiknar fullstendig i den store samanhenga. Å spele aleine kan bli ei litt monoton affære, og difor noko som kan få folk til å ikkje heilt sjå kor fantastisk dette spelet er. Du går eller køyrer over store avstandar, og det er mykje fram og tilbake, noko som gjer spelet tidvis repeterande og keisamt. Når du speler med opp til tre vener opnar derimot ei verd av ekstatisk underhaldning seg.

Den store forskjellen på å spele aleine, og saman med andre, er at spelet opnar for heilt nye taktikkar og framgangsmåtar. Ved å bruke dei forskjellige klassanes eigenskapar, kan ein løyse ei utfordring på heilt andre måtar enn det er mogleg når du spelar aleine. I tillegg kan du løyse nokre av dei langdryge oppdraga kjapt. Om du til dømes skal finne forskjellige gjenstandar, kan dette bli ein langsam prosess aleine. Saman med vener er det fort gjort, og ein er umiddelbart klar til å sanke erfaringspoeng, og gå vidare.

I kampane står ein alltid sterkare, enkelt og greitt sidan død ikkje er ei like overhengande fare som det elles er. Blir du «drepen», vil du først hamne på kne, før du får ein sjanse til å kome deg på beina igjen ved å drepe ein fiende. Dette kan ofte vere vanskeleg om du er aleine, spesielt sidan biletet blir mørkt, og du ikkje alltid ser fienden. Med ein ven ved di side, kan kan reinske opp avskummet, eller bevisst få deg på beina igjen. Å «døy» sender deg berre tilbake til eit tidlegare sjekkpunkt, men det blir samtidig ei pause i intensiteten, ei pause du sjeldan får oppleve når du samarbeider med andre.

Mellom bakkar og berg

Alt er likevel ikkje heilt perfekt. Om du spelar på delt skjerm, vil til dømes inventaret bli for stort for skjermen din, og du må skrolle fram og tilbake for å sjå all informasjon. Samtidig er det ikkje ei heilt god løysing på å spele saman med folk med store gap i erfaringsnivå. Heng du deg på nokon langt over deg, får du ikkje gjort mange oppdrag sidan det er berre den som startar spelet som får velje, og han eller ho kan ikkje velje gamle oppdrag om igjen.

Samtidig manglar spelet ein god måte å dele nye våpen på. Pengar blir automatisk delt, men når det gjeld våpen, er det førstemann til mølla. Dette kunne ha vore løyst ved å gi alle spelarar rett til å seie om dei vil ha det. I tillegg kunne spelet hatt godt av ein god måte å byte våpen på. For å byte må ein kaste frå seg våpen, før andre kan plukke dei opp, noko som kunne ha vore mykje raskare og effektivt, spesielt midt i ein kamp. Det er ikkje noko stort problem, sidan alle finn nok å ta av, men du kan ende opp med varierande personlege erfaringar alt etter kor egoistiske dei du speler saman med er.

Eit anna felt som kan blir sett på som eit problem alt ettersom kva du krev frå eit spel, er den kunstige intelligensen. Fiendane skyt mot deg og sørgjer for at du møter ein konstant vegg av kuler, men ut over det har dei ikkje mykje å by på. Dei gjer ingen smarte val, og om dei kan veksle mellom å sitje bak ei kasse, før dei stikk hovudet fram, gjer dei gjerne det.

Konklusjon

Borderlands er eit herleg spel. Det byr på fleirfaldige timar med moro, og den fantastiske kombinasjonen mellom rollespel og skytespel er nesten perfekt. Det er eit spel som er heilt fantastisk når du spelar saman med andre, og byr på ei engasjerande erfaring ein sjeldan ser. Du er på konstant jakt etter nye våpen og nytt utstyr, og dette sender deg ut i den eine kampen etter den andre. Med eit vanvittig stort utval av forskjellige våpen, blir du heller aldri lei.

Spelet har likevel nokre baksider. Den største er eigentleg at spelet mistar litt av intensiteten når du spelar aleine. Ting tar generelt sett lengre tid, og kjensla av å berre traske merkast. Dette er samtidig det einaste som eigentleg plagar meg. Borderlands er eit glimrande skytespel, eit glimrande rollespel, og heilt fantastisk i sosiale lag. Dette er den nye samarbeidskongen, og eg kryssar fingrane for mykje herleg nedlastbart innhald i tida som kjem.

Borderlands er i sal for Xbox 360 (testet), PlayStation 3 og PC. Vi fekk PC-utgåva til anmeldelse, men får ikkje aktivert den på Steam før amerikansk utgivelse i morgen, tirsdag.

Kommentarer (35)

Forsiden akkurat nå

Til toppen