Anmeldelse

Fable III

Det siste eventyret frå Peter Molyneux er ambisisøst, storslaget og vakkert, men uferdig.

1: Side 1
2: Side 2

Nye tankar

Dette kartet er berre eitt døme på det nye menysystemet i Fable III. Sjølv om dei tidlegare menyane etter mi meining fungerte veldig godt, var det tydelegvis ikkje nok for Lionhead. No er alle statiske lister byta ut med ein «heim» du kan vandre rundt i. I hovudrommet finn du verdskartet, men herfrå kan du gå til forskjellige rom som alle har sine funksjonar. Eit rom viser våpna dine, eit anna alle klede og tilbehør. Kvart essensielle element har sitt eige rom, og du kan vandre eller automatisk hoppe mellom dei, og velje kva du vil ha gjennom eit visuelt grensesnitt som fungerer veldig godt. Vil du ha eit spesielt antrekk er det berre å gå bort til det, i staden for å måtte hugse eit namn på ei liste.

Råten er du, men det er prisen for å sjå tøff ut

Det tredimensjonale grensesnittet blir i tillegg vidareført til dei forskjellige butikkane i spelet. Skal du handle går du berre inn i ein butikk og ser på ting før du kjøper dei. Akkurat her kunne eg likevel godt tenkt meg å ha nokre lister. Du kan til dømes kjøpe møblar for å auke verdien på bygningane dine, men kvar møbelforretning har berre eitt av kvart møbel om gangen, noko som gjer det til ein svært lang og til slutt uinteressant prosess å møblere meir enn nokre få heimar.

Erfaringssystemet fungerer på same måte. I staden for å fordele erfaringspoeng på forskjellige eigenskapar vandrar du langs ein veg der du gradvis får tilgang på nye kister. Alle desse kostar poeng du sankar ved å drepe fiendar, få folk til å like deg, men først og fremst gjennom å utføre oppdrag. Systemet er enkelt å bruke, men det går litt utover din totale fridom. Alt frå hårfarge til uttrykksformer og kampeigenskapar blir gradvis låst opp utover i spelet, og du står mindre fri til å velje eller finne ting gjennom utforsking.

Makt og ansvar

Fable III fører vidare tradisjonen med å vere god eller vond. Du har svært få alternativ for grenseland, sjølv om dei av og til dukkar opp. Problemet med å ha mange slike val er at uansett kor gjennomførte dei er, blir det vanskeleg å ikkje sjå korleis det kunne ha vore betre. For å ha det sagt, eg har kosa meg stort med dei moralske vala i Fable III, og det bryr meg strengt tatt lite at det så godt som alltid er svært tydeleg kva ein snill person ville ha gjort.

Eit godt døme på dette er korleis du i den andre halvdelen av spelet blir dronning eller konge. Her må du ta stilling til fleire forskjellige problem. Kvar gong dukkar det opp to personar som skal tale for og i mot ei sak. Skal ein tømme alt vatnet i ein innsjø for å få tilgang på dei massive ressursane som ligg der, eller skal ein ta vare på ei av dei siste naturperlene nær hovudstaden? Skal ein byggje om ei gammal rønne til barneheim, eller skal ein lage bordell for å tene pengar til eit kongerike i nød? Kvar for seg er desse spørsmåla potensielt sett store dilemma ein kan fundere litt over, men dei blir presentert på ein måte som kastar bort all tvil.

Ein og annan størjobb for politiet må til

Vi møter alltid snille personar som snakkar om å ta vare på folk og natur, og dei møter alltid Reaver, ein sleip dritsekk som berre er ute etter å tene pengar, og tidleg gjer det svært klart at han ikkje kunne brydd seg mindre om alt anna enn sitt eige ve og vel. Kva Reaver seier gjennom stemma til Stephen Fry er fabelaktig underhaldning, men om nokon skulle lure på kva ein skulle velje treng ein berre tenkje over kva fyren faktisk seier, samt leggje merke til flammane som omfamnar knappen du må trykkje på for å velje hans standpunkt. Med andre ord er det temmeleg svart og kvitt, men det er likevel stor moro, om ikkje for anna enn den herlege dialogen. Å sjå endringane vala dine har på Albion er i tillegg ei god løn.

Når vi er inne på dialog er eg nøydt til å nemne den spektakulære rollebesetninga i spelet. Som sagt har vi Stephen Fry, men vi får òg strålande prestasjonar frå Bernard Hill, Jonathan Ross, Ben Kingsley, Simon Pegg, og den alltid fenomenale John Cleese med fleire. Dei er alle ekstremt dyktige skodespelarar som passar perfekt til rollene sine, og ikkje minst til Fable-universet. Eg held likevel ein knapp på Jonathan Ross i det som må vere hans beste rolle så langt. Eg kjem til å spele gjennom spelet meir enn ein gong berre for den biten, for å seie det slik.

Konklusjon

Fable III er eit spel eg har så lyst til å elske med heile mitt fulle hjarte at eg er i ferd med å sprekke. Det er den naturlege vidareføringa av serien, og spelet byr på så ufatteleg mykje fantastisk underhaldning at ein nesten ikkje kan be om meir. Men du kan be om meir. Sjølv om spelet er eit makelaust og unikt skaparverk som gjer noko heilt særeige, er det langt frå så polert som det burde ha vore.

Kampane er lette å få tak på, men visuelt slåande

Joda, grafikken er nydeleg, detaljrikdomen er enorm, og sjarmen som slår deg i trynet som ein massiv tsunami er til å bli lam av, men spelet er ikkje ferdig. Dei feil og manglar som er her er ikkje til konstant plage, men dei kjem med jamne mellomrom. Mesteparten av det kunne lett ha vore luka ut med nokre månader til med polering, og alt det andre kunne lett ha vore endra på. Det er ganske ironisk eigentleg – og nesten litt trist – at sjølv om Fable III er det mest ambisiøse og gjennomførte spelet frå Lionhead Studios, er det samtidig det svakaste leddet i Fable-trilogien.

Server meg ei solid oppdatering Lionhead, og eg tek turen til Albion igjen utan å nøle.

Merk: Fable III har ein omfattande fleirspelarmodus vi ikkje har fått testa før lansering.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden