Anmeldelse

Nights: Journey of Dreams

Eit moderne mareritt

Nokre spel gjer deg deprimert, psykisk ustabil og gir deg ikkje lyst til å nokon gong spele eit spel igjen.

Narren Nights er tydelegvis ein mann, og den mest androgyne skapningen planeten vår har sett. Ein mann? Få meg ikkje til å le. Det einaste som avslører dette tullete faktum er at narren blir omtalt som «han». Alt talar eigentleg dette faktum midt i mot. For det første har han kvinnelege former. «Han» har hofter, smal midje, og mannepuppar som nok vil få misunninga til å sive over meir enn ein transseksuell i Las Vegas. I tillegg til dette er han svært feminint kledd, med tettsitjande klede i skrikande fargar. Augesminka seier vel sitt òg, men det sterkaste bevismaterialet for at «han» er ei kvinne, er nok at «han» definitivt har ei kvinnestemme.

Trailer fra Nights: Journey of Dreams

Vis større

Trailer: NiGHTS: Journey of Dreams #2

Stikkord:
  • spill
  • wii
  • plattform
  • nights
  • journey of dreams


Ikkje misforstå, eg har ingen fordommar mot korkje kvinner, menn, transseksuelle eller androgyne. Tvert i mot. Mangfald er ein bra ting, og vi skulle gjere hatt meir av det. Eg har for så vidt planar om å kjøpe meg eit lårkort skjørt med gullpaljettar. Eg trur det vil falle i smak i arbeidssamanheng.

Nei, ingen fordommar her i garden. Eg har berre denne sterke trua på at det er greitt å stå fram som det ein er. Ingen vits i å skjule kva det, i alle fall ikkje for små born. Det gir inga meining, for små born er gjerne dei einaste som vil få eit langvarig utbytte av dette eventyret i lufta. Du kan seie det slik at dei veit ikkje betre, dei ser ikkje alltid alle dei stygge feila og manglane som vi «vaksne» legg merke til svært lett. Eg veit kva du tenkjer, du tenkjer: «Hah! Du har fordommar mot små born!». Nei da, tvert i mot. Eg er svært glad i små born eg. Stor respekt har eg for dei òg, spesielt når dei synest eg er tøff, noko dei gjer ofte. Men nok om det.

Spreke fargar

Grunnen til at små born kjem til å ha det betre med Nights: Journey of Dreams, enn kva både du, eg og bestefar kjem til å ha, kjem i mange fargar. Du kan seie det slik at dei ikkje bryr seg. Då eg var ung kunne eg sjå den same episoden av Flukta frå Dyreskogen på den rotne VHS-kassetten min opptil ti, kanskje tjue gongar på ein og same dag. Eg var så glad i den serien. Generelt sett var eg svært glad i alt som hadde sterke fargar, artige karakterar, og på eitt eller anna vis var animert. Skodespelarar hata eg, ting som var filma med ekte kamera var direkte humbug, og eg spytta på det.

Det eg vil fram til er at ein liten unge sannsynlegvis vil bli overekstatisk over å få lov til å sjå filmsekvensane i spelet mange gongar. Han eller ho vil heller ikkje bry seg stort om at han ikkje kan hoppe forbi dei, det spelar inga rolle kor lange dei er, eller kor mange gongar dei allereie har rulla over skjermen. Han vil sannsynlegvis berre hoppe i taket av glede over å få sjå den søte ugla snakke til dei små borna ein gong til. Dette til tross for at ungen nett har spelt seg gjennom fleire sekvensar, inkludert eit nesten vellukka slag mot ein gigantisk ball. Det var jo ikkje heilt vellukka, så då er det tilbake til start, inkludert ein filmsekvens eller to (som det ikkje går an å hoppe forbi, sånn om du framleis skulle undre deg).

Vinglepetter edderkopp

Sidan eg personleg ikkje heilt forstår kontrollane i dette spelet, tvilar eg sterkt på om dei små borna vil gjere det heller. Men som sagt, dei vil nok ikkje bry seg stort, dei er lukkelege dei, så lenge dei kan sjå dei fine fargane (merk: eg snakkar om svært små born her, gjerne på spedborn stadiet).

Nights har eit veldig stort problem, og dette kjem nok i den sterkaste fargevarianten av dei alle. Den kjære narren vår veit ikkje heilt kva veg han vil fly, og det er ikkje stort du kan gjere med det. Sonic Team som står ved utviklinga av spelet har valt å fokusere på å gi deg absolutt alle tenkjelege kontrollval. Dette vil sei at du kan spele spelet med Wiimoten, Wiimote og nunchuck, den klassiske kontrollaren eller til og med den gode gamle GameCube-kontrollaren.

Problemet her er enkelt. Utviklarane har lagt tyngde på å la deg kontrollere spelet med alle tenkjelege verkemiddel (eg ventar på Wii Fitness-støtte), i staden for å fokusere på å i det minste gjere ein av dei vellukka. Det vi sit igjen med er ei solid samling halvhjerta produkt. Du innser brått at du har alle kontrollane tilgjengeleg for Wii liggjande i sofaen, og skiftar ut den eine med den andre, alt etter kva situasjon du har hamna i.

Fri som ein fugl utan vinger

Lat oss ta det mest opplagde først. Dei fleste vil nok fyre opp spelet med Wiimoten i handa, og dette fungerar heilt greitt ei lita stund. Utgangspunktet er enkelt: Du flyr på skinner gjennom lufta. Det er eigentleg eit 2D-spel innpakka i 3D. Konseptet i seg sjølv fungerar bra. Det er faktisk ganske moro å fly gjennom lufta i eit høgt tempo, gli gjennom ringar, og suse etter alt som kan gi deg nokre poeng.

Du har det eigentleg ganske fint. Heilt til du skal byrje å ta piruettar og utføre avansert flyging som går ut på meir enn å fly frå venstre til høgre i vassrett tilstand. Du svingar og veivar med kontrollaren, og brått flyr Nights mot venstre. Fortvila innser du at du framleis peikar mot høgre. Kva er det eigentleg som skjer her? Det som skjer er slapt arbeid frå utviklarane, og det gjer Wiimoten heilt ubrukeleg i svært mange situasjonar. Om du ikkje er avhengig av å ta skarpe svingar i ein eller anna retning, går det som regel bra. Skulle du derimot måtte svinge deg rundt litt (noko du sannsynlegvis må heile tida), mistar spelet kontrollen på kvar du eigentleg peikar, og heile greia bli berre rot.

Akkurat dette problemet dukkar ikkje opp med dei andre kontrollmetodane, men der er likevel problem. Først og fremst kjem desse i form av Nintendo sin patent på ubrukelege styrestikker. «Ubrukeleg?!» seier du kanskje, og gjer deg klar til å skyte meg ned som den blasfemikaren eg er. Ja, dei er ubrukelege. I staden for å la deg styre presist i akkurat den retninga du vil, er dei delt inn i åtte retningar. Eg las for litt sidan om ein smart kar som kjøpte seg litt verkty og slipte ned hakka rundt kontrollstikka. Tydelegvis fungerar dette godt nok til at du no kan styre fritt. Om du ikkje gjer dette, vil all akrobatikken du prøvar å utføre, bli forstyrra av desse spora under styrestikka. Hadde dette spelet vore utvikla for Xbox 360 og/eller PlayStation 3 så hadde ikkje dette problemet eksistert, og potensielt sett hadde vi hatt eit betre spel.

Men dette er likevel eit lite problem i den store samanhenga. Å bruke nunchucken (eller Classic Controller eller GameCube-kontrollaren, noko som eigentleg går for det same), er mykje betre og lettare enn å bruke Wiimoten. Det er mykje lettare å ta piruettar i lufta, og generell manøvrering går veldig glatt. Du vil heller ikkje ofte erfare at du brått flyr i feil retning (men det skjer, av ein eller anna grunn som ventar på ei dårleg unnskyldning frå utviklarane).

Eit djupt andetrekk

Med alt det negative om den delen av spelet ute av vegen, gjenstår det heilt på slutten her å fortelje deg, vår kjære lesar, kva dette spelet eigentleg handlar om. Enkelt og greitt handlar det om å fly. Du flyr først for å fange fuglar slik at du kan ta nyklane deira for å låse opp bur. Deretter skal du dytte ein narr i form av ein stor ball. I andre døme må du redde deformerte englar ved å ta piruettar i lufta (Wiimoten bør liggje seks fot under jorda akkurat her), eller du skal skli nedover ei elv i høgt tempo (her er faktisk Wiimoten best, utruleg nok, sidan det tydelegvis ikkje går an å bremse med styrestikke). Visse variasjonar av desse døme kan førekome.

Gjennom spelet reiser du til forskjellege verder der du går gjennom ei rekke forskjellege oppgåver. Den første gangen du gjer noko er det moro, men det er ingenting her som er moro å gjere to gongar. Dessverre blir det heile temmeleg uinspirerande veldig kjapt, og du har både sett det, høyrt det, og erfart fysisk smerte på grunn av det, alt for mange gangar i løpet av alt for kort tid.

Med litt positiv tankegang ser vi at spelet har visse godtgjerande kvalitetar. Til dømes er musikken ganske artig. Spesielt gjeld dette i «basen» din. Dette er teknisk sett ikkje ein base, men i ein mørk liten skog finn du mange dører, og det er herifrå du reiser til dei forskjellege verdene eventyret føregår i. Musikken akkurat her er veldig fornøyeleg og greier no og då å overtale deg til å spele litt til. Dei fargerike verdene er veldig tiltalande, men det er ikkje nok til at det held i lengda. Temmeleg synd eigentleg, for den visuelle stilen er flott, sjølv om den ikkje akkurat er original.

Konklusjon

Nights: Journey of Dreams er ikkje anna enn eit billeg spel utan mål og meining. Du flyr litt i lufta, men du bryr deg aldri om kvifor. Det du bryr deg om er kvifor kontrollane ikkje er betre. Du bryr deg om alt anna du kan sløse bort tida på. Det er underhaldande i frykteleg små doser, og om du skulle ha det moro, kan du banne på at det ikkje vil vare lenge. Ikkje berre har spelet dårleg kontroll, men oppdraga i seg sjølv er kjedelege, og gjentar seg sjølv heile tida. Etter ein time med spelet har du sett alt det har å by på, og det fristar ikkje å halde fram.

Nei, bruk pengane dine på noko smart. Det finnest nok av kvalitetsspel til Wii, Nights: Journey of Dreams er ikkje eit av dei.

Siste fra forsiden