Test

MSI RTX 3070 Gaming X Trio

Dette kan AMD neppe slå

Inngangsbilletten til 4K er langt meir rimeleg enn før.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking

Den nye serien med Nvidia-skjermkort har både imponert og skuffa. RTX 3080 leverer monaleg høgare yting enn toppkortet frå førre generasjon til betydeleg lågare pris, men er håplaust å få tak i. Trøbbel med val av kondensatorar har òg ført til ustabile klokkehastigheiter på ein del av tredjepartskorta.

Det har vore reine berg-og-dalbanen.

No er veslebroren RTX 3070 her. Me har fått bryne oss på MSI sin Gaming X Trio-versjon av kortet, som du kan plukke med deg til rundt 7200 kroner i skrivande stund. Lekkasjar frå Nvidia har hinta til at det blir langt fleire av desse å få tak i ved lansering enn RTX 3080, men det står att å sjå.

MSI RTX 3070 Gaming X Trio har som alle dei andre 3070-korta 8 GB med GDDR6-videominne på 14 GB/s, og støtte for PCIe 4.0. Kortet har 5888 CUDA-kjernar og eit straumforbruk på 240 watt, som matast inn gjennom to 8-pin-kontaktar. Boostklokkehastigheita er 1830 MHz ut av eska.

Håpet har vore at RTX 3070 skal kunne klare RTX 2080 Ti-yting til ein mellomklassepris. Og det gjer det nesten. Men er skilnaden så liten at det er like greitt å kjøpe RTX 3080 i staden? Og kva med dei komande AMD-skjermkorta?

Me undersøkjer.

Design

Gaming X Trio-kjølaren er omtrent identisk med RTX 3090-skjermkortet me testa for ei stund sidan. Utsjånaden er det vanskeleg å sjå noko forskjell på, og det er heller ikkje så mykje mindre som ein kanskje ville forventa. Skjermkortet er faktisk berre 0,2 centimeter kortare enn RTX 3090-varianten.

De kan lese meir om vurderingane våre rundt designet i RTX 3090-testen vår.

SVÆRT: RTX 3070-kortet er eigentleg heilt same storleik som 3090-varianten. Her treng du godt med plass. Designet er fint, da.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med ei vekt på heile 1450 gram og ei lengde på 33,2 centimeter er det eit svært kort. Det betyr stor kjølekapasitet, men potensielt trøbbel for dei med lite plass i kabinettet. Som alltid er det viktig å sjekke at ein faktisk kan få det inn før ein kjøper.

Ta fram målestokken og prøv i veg.

Yting

Testane våre viser at det varierer ein del kor stor forskjellen er mellom RTX 3070 og førre generasjon. RTX 2080 Ti er den mest samanliknbare konkurrenten. RTX 2070 er naturlegvis parkert med god margin, og det sjølv i 1080p der prosessoren er ein klar flaskehals.

BAKPLATE: Som 3090-kjølaren har RTX 3070 Gaming X Trio eit lite vindauge inn til sjølve kortet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

De kan sjå testdata frå åtte ulike spel samt nokre syntetiske testar på neste side. I 1080p er det få forskjellar i anna enn dei nyaste spela, men i 1440p viser RTX 3070 seg som ein kraftig konkurrent.

Det skildrar at ein neppe treng meir enn det komande RTX 3060-kortet viss ein ikkje skal over 1080p.

Med nokre justeringar på innstillingar bør RTX 3070 vere eit glimrande kort for dei som vil spele på 1440p-skjerm med 144 hertz-panel. Det klarar seg ganske godt i 4K òg, og klatrar over den magiske 60-grensa i dei fleste av testspela våre. I Control verkar det riktig nok som om det er litt for lite videominne i 4K, men under 4K bør 8 GB vere nok i årevis enno.

Når det gjeld strålesporing har ikkje Nvidia levert på det veldige hoppet som dei lova, og det kostar framleis altfor mykje yting for å vere verd å bruke, syns eg. Til dømes har ein høgare biletefrekvens i 1440p med alt på maks (utan strålesporing), enn i 1080p med strålesporing på. Då er ei høgare oppløysing å føretrekkje.

I sum er RTX 3070 i praksis eit litt svakare RTX 2080 Ti til rundt 60 prosent av prisen. Dersom testkortet vårt hadde vore nærmare lanseringsprisen til Nvidia ville det vore eit fantastisk kjøp, men med skattar og avgifter er situasjonen ein litt annleis her i landet enn andre stadar. No må det òg bli nemnt at RTX 2080 Ti hadde ein ganske latterleg pris sjølv.

Med amerikanske prisar ville RTX 3070 vore det du får klart mest valuta for pengane med i Ampere-serien, men effekten er ikkje fullt like stor her. Når RTX 3080-varianten av dette berre kostar 2000 meir her i Noreg, får du like mange FPS for pengane med det i 4K. Der snakkar me omtrent nett like mange FPS per krone med 3070 som 3080. Difor skulle eg gjerne sett dette til ein tusenlapp mindre. Men no er det sannsynlegvis 1440p og 1080p som er mest viktig for dei som kjøper dette, og der er det vanskeleg å slå RTX 3070. Det knusar RTX 2080 Ti når det kjem til FPS per krone, og det førre 70-kortet er milevis bak.

No som AMD sitt komande RX 6800-kort sannsynlegvis blir dyrare enn dette, kan RTX 3070 bli den nye vinnaren i mellomklassen – sjølv om det er litt i overkant å kalle dette for mellomklasse når me er heilt oppe på sju lappar.

Testane er gjort på ein PC med ein i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz, ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne.

Overklokking

Dei siste generasjonane har det vore mogleg å dra ein del ekstra kraft ut frå korta ved hjelp av manuell overklokking. Utifrå det eg har erfart med RTX 3080 og RTX 3090 verkar det som det er mindre å gå på denne gongen.

Nytt i år er at eit vern for minnebandbreidda gjer at kortet ikkje alltid krasjar ved overklokking av minne, men at ytinga heller går ned. Det har for så vidt skjedd før òg, men det er blitt endå meir krevjande å finne den rette balansen mellom overklokking av minnehastigheita og klokkehastigheita.

RTX 3070-kortet er så langt det verste dømet på dette. Det er store variasjonar frå spel til spel kva eg får ut av overklokking, der The Witcher 3: Wild Hunt får mest effekt ut av overklokkinga. Der auka eg biletefrekvensen i 4K frå 63 til 67, altså rundt seks prosent.

SKUFFANDE OVERKLOKKING: Med ei straumgrense på maks 104 prosent er det lite å hente når det kjem til overklokking på Gaming X Trio-kortet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I Middle-Eath: Shadow of War var ikkje skilnaden meir enn tre prosent, og i Horizon Zero Dawn gjekk snittbiletefrekvensen ned då eg overklokka. Det skjedde sjølv utan minneoverklokking. I dei syntetiske testane var resultata omtrent dei same som utan overklokking, så difor verkar det ikkje å vere spesielt mykje vits i å bruke tid på overklokking med dette.

Nvidia har introdusert eit eige overklokkingsverktøy til GeForce Experience no, som kan prøve å rekne ut kor mykje ein kan overklokke kortet. Verktøyet kom med forslag om ei auke i klokkehastigheit på heile 135 MHz, men det var naturlegvis ekstremt ustabilt. Så eg har ikkje så veldig tru på den funksjonen.Overklokkinga blei først stabil då eg fekk den ned til 60 MHz over vanleg boost-klokkehastigheit, med 600 MHz ekstra på minneklokka, og straumgrensa auka til 104 prosent.

Ikkje så veldig imponerande, altså. Men det har nok ein del med at Nvidia allereie har skvisa ut det dei kan av skjermkortet, for Gaming X Trio-kortet booster heilt opp til 1980 MHz ut av eska. Med overklokkinga kava kortet seg opp på 2040 MHz.

Samstundes har dette MSI-kortet ei lågare straumgrense enn det Founders Edition-kortet har, så eg er ikkje heilt sikker på om dette er kortet for dei som ønskjer å overklokke. Me har òg fått inn eit RTX 3070-kort frå ASUS TUF, som me kjem tilbake med test på.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Når det kjem til straumeffektivitet må eg berre bøye meg i støvet for Nvidia her. Etter ei veke med bruk har kortet aldri dratt meir enn 236 watt ut av veggen utan overklokking. Då er den høgaste temperaturen eg har sett 63 grader, med ein viftehastigheit på 1350 omdreiingar i minuttet.

KRAFTIG KJØLAR: 63 grader og omtrent null viftestøy fortener applaus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er strålande resultat. Under full last produserer viftene rundt 32 desibel, og det er omtrent heilt stille. Med kabinettet igjen høyrer eg ingenting. Så lenge ein ikkje speler krevjande spel, vil ikkje viftene spinne i det heile.

Med overklokking gjekk maksforbruket opp til 249 watt, og temperaturen opp til 64 på det meste. Viftene kraup opp på 1400 omdreiingar, som gjorde at dei produserte 34 desibel på det meste. Ikkje akkurat enorme skilnadar her, altså.

Det er liten tvil om at MSI har gjort jobben sin.

Konklusjon

Det er ikkje det beste tidspunktet for å vere kjapp på avtrekkjaren med skjermkortkjøp. AMD er i ferd med å lansere sine nye kort, og ser ut til å stå fram som ein verkeleg konkurrent for Nvidia. Samstundes er nok prisen på RX 6800 litt for høg samanlikna med RTX 3070, så eg ser for meg at RTX 3080-eigarar bør sveitte meir enn dei som vil bestille seg RTX 3070.

Uansett kan det vere lurt å vente litt til det kjem testar av RX 6800. Me veit ikkje kva dei norske prisane er enno, og ein del av tredjepartskorta for RTX 3070 er ganske dyre.

Blir det heilt likt ligg Nvidia framfor med ein del betre teknologi, med til dømes Nvidia Broadcast App, Nvidia Reflex, DLSS, 8K-støtte i Shadowplay og (sannsynlegvis) betre yting i strålesporing. Men utan å vite pris og spelyting er det umogleg å seie kva som blir det rette valet heilt enno.

Samstundes er det ingen tvil om at RTX 3070 er eit knallsterkt skjermkort, og spesielt for dei som vil spele i 1440p. Det hjelper òg på at kjølaren til MSI er aldeles ypparleg. Med låge temperaturar, lite støy og høg klokkehastigheit får ein eit skikkeleg godt kort her. Likevel er det ein smule skuffande at ein ikkje får gi meir enn 104 prosent straum til kortet. Det avgrensar kor mykje ein kan overklokke.

Sannsynlegvis er RTX 3070 eit kort som er vanskeleg å slå for AMD. Me kjem tilbake med ein samletest på alle korta når dei er ute, og er det mogleg me justerer karakterane litt då.

8.5
/10
MSI GeForce RTX 3070 Gaming X Trio
Nok ein treff for Nvidia, men her er det kanskje lurt å vente litt.
Flott RGB
Heilt stille på tomgang
Veldig lite viftestøy under full last
Låge temperaturar
Nesten 2080 Ti-yting til ein brøkdel av prisen
Høg klokkehastigheit ut av eska
Låg straumgrense for overklokking
Nvidia lovar meir enn dei burde når det gjeld strålesporing
Enormt kort
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking

Siste fra forsiden