Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Har du tid til overs etter månaden, fortener du ein medalje.

2K Games, Sony, Square Enix, EA, montasje Gamer.no

Kvar blei det siste året av? Eg synest å hugse eg sat akkurat her, med nøyaktig den same drikkeflaska og skulle finne på noko vittig å seie om starten på haustskredet, som om det var i går. Det einaste som har endra seg er at eg no høyrer på Gojira i staden for Ghost.

Nok om det, lat oss snakke om september.

Godt og blanda oppsummerer det heile ganske greit. Vi har fått gode og dårlege opplevingar, og nokre midt på treet. Av særs akseptabel kvalitet kan vi nemne World of Warcraft: Legion, eit utviding som ser ut til å ha gjort det meste riktig. Konami har òg gjort mykje riktig med Pro Evolution Soccer 2017, medan Microsoft har stått bak herlege opplevingar i Forza Horizon 3 og ReCore.

No er tida inne for å ta i mot oktober med opne armar, og vi startar med ei ørlita konsollansering!

PlayStation VR

På tide å grave fram igjen PlayStation Move.
Sony

Plattform: PlayStation 4
Ute: 13. oktober

VR har fått svært mykje merksemd dei siste åra, etter at trenden for alvor blei sparka i gong med Oculus Rift. Fleire andre aktørar har satsa på VR, og blant dei finn vi Sony. Med PlayStation VR satsar dei på å by massane på ein noko billegare inngangsbillett til den virtuelle verda. Etter at vi såg nærare på maskineriet, ser vi fram til å sjå kva den nye og virtuelle kvardagen kan bringe:

«Eg har tidlegare testa både HTC Vive og Oculus Rift, og eg tør påstå det ikkje føltest som noko særleg nedgradering å gå over til PlayStation VR. Sony ser ut til å ha skapt ei teknologisk oppleving som potensielt kan konkurrere med VR-briller til opp mot ti tusen kroner – som også krev ei datamaskin til minst same prisen for å køyre – på ein tre år gammal spelkonsoll».

Les meir om PlayStation VR

Mafia III

Kva er vel betre enn bilar, sol og lukta av krutt?
2K Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 7. oktober

Den tsjekkiske Mafia-serien har gjort det svært godt i spelverda. Det er kanskje ikkje så rart, sidan mafia-tematikken aldri heilt går av moten. Med Mafia III kastar utviklarane fedoraen ut vindauget, og sender oss ut på eventyr i ein ny tidsperiode, ei ny setting, og heilt nye utfordringar. Sidan spelet heiter Mafia III, kan vi naturlegvis vente oss lefling med lovstridige aktivitetar. Det vi såg på årets E3-messa lova i alle fall godt:

Les også
Anmeldelse: Battlefield 1

«Mafiosoane frå førkrigstida har blitt byta ut med raseproblematikken og politisk striding i dei amerikanske sørstatane på 1960-tallet som gjev gangstersjangeren ei aldri så lita vitamininnsprøyting. Bilane, omgjevnadane, måten folk pratar på og ikkje minst lyden av spelet set umiddelbar stemning og understrekar at dette er eit annleis gangsterspel enn kva vi har sett tidlegare.»

Gears of War 4

Med Grimm og gru.
The Coalition

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 11. oktober

Om du hadde fått nok av dei eksplosive eventyra til Marcus Fenix etter Gears of War 3, var du ikkje aleine. The Coalition, det nye Microsoft-studioet som har fått ansvaret for å føre Gears of War-serien vidare, har tenkt nøyaktig den same tanken. I Gears of War 4 har vi difor spola tida 25 år framover. No er det ikkje lenger Marcus Fenix, men sonen hans, JD Fenix som står i sentrum.

Saman med eit par vener endar han opp i det som garantert betyr eit akutt behov for mange ferske våpenmagasin. Utviklarane lovar Gears of War-action i kjend stil, men samstundes vil dei vende tilbake til dei mørkare grøssarrøtene til det første spelet i serien. Om døde fiendar framleis vil danse rundt som heliumballongar når du sparkar dei, det gjenstår å sjå.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gears of War 4

Battlefield 1

Luftballong i krig. Det kan du ha i tankane neste gong du trur alt var betre før.
EA

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 21. oktober

Svenske DICE kan umogleg ha mykje ferietid. I fjor slapp dei Star Wars-spelet Battlefront, og i år er dei klare med ein tur langt tilbake i tid. Nærare bestemt snakkar vi om første verdskrig, og det er ein historietime vi ikkje har fått mykje av dei siste åra. Vi kan vente oss ei kjend DICE-oppleving, og våre første inntrykk gav meirsmak.

«Det følest hakket annleis, nettopp på grunn av dei mange visuelle og fysiske endringane som har blitt gjort. Krigen er litt røffare, både på grunn av dei smått middelalderske og brutale metodane som var tilgjengelege på den tida, men også på grunn av ramma som omfamnar opplevinga. Sandstormar og drapstog dukkar dynamisk og velvillig opp undervegs i kampane, og er med på å halde opplevinga spanande».

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Battlefield 1

Sid Meier's Civilization VI

Alt er fryd og gammen fram til det står i fyr og flamme.
2K Games

Plattform: Windows
Ute: 21. oktober

Etter ein heisatur ut i verdsrommet, landar Civilization-serien trygt på jorda igjen med Sid Meier's Civilization VI. Atter ein gong står historiske periodar i sentrum, og du vil få sjansen til å følgje utviklinga til ei rekke kjende kongedøme. Blant dei finn vi Noreg med Harald Hardråde i spissen. Som vikingane blir skipsfart naturlegvis ein essensiell del av strategien, og plyndring av passifistiske munkar blir mest sannsynleg eit dagleg gjeremål.

Utover dette lovar utviklarane hos Firaxis ei rekke forbetringar for å gjere spelet meir imøtekomande. Byar skal vakse på ein meir naturleg måte, og du vil få forme dei etter eigne ynskje. Når du skal ut på verdskartet for å bryne deg på diverse utfordringar, vil du i tillegg kunne setje saman ulike grupper, til dømes ved å sende nokre krigarar for å passe på oppdagarane dine.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sid Meier's Civilization VI

World of Final Fantasy

Slike søtsaker kan ein få sukkersjokk av.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, PlayStation Vita
Ute: 28. oktober

At Square Enix elskar å putte Final Fantasy-heltane sine inn i alle moglege spel – gjerne på mobil – for å få fansen til å bruke litt meir av sine hardt opptente pengar, er ikkje noko nytt. World of Final Fantasy ser derimot ut til å bli noko langt meir gjennomtenkt enn til dømes makabre Final Fantasy: All the Bravest. I World of Final Fantasy reiser vi til verda Grymoire der mange kjende Final Fantasy-figurar bur.

Spelet er eit forsøk på å nå eit ungt og vindt publikum. Stilen er fargerik og leiken, i motsetning til ein del nyare Final Fantasy-spel. Kampane blir på si side turbaserte, til glede for fans av eldre spel i serien. Om du saknar den fantasifulle stilen Final Fantasy-spel hadde før i tida, skal du ikkje sjå bort frå at dette blir spelet du har venta på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på World of Final Fantasy

Så mykje gammalt

Robotglede i solnedgang.
EA

Knapt ein månad går forbi utan at vi finn ein svært solid bunke med spel som allereie har vore lanserte til ei eller anna plattform. Denne månaden er svært langt frå å vere noko unntak. I oktober får vi nærast ei overdose av eldre spel i nye innpakningar, men vi startar med eit spel som ikkje har vore på konsoll før.

Om du elskar hårete skapningar med spisse tenner, får du passet ditt påskrive denne månaden. Nesten eit år etter lansering på PC, landar endeleg Warhammer: End Times – Vermintide på konsoll. Her blir det intens samarbeidsaction der målet ditt er å knuse så mange rottemonster som mogleg. Haustkos altså.

Vidare ser vi ei rekke gamle spel på ny. Fjorårets Xbox One-eksklusive actionspel Rise of the Tomb Raider lanserast på PlayStation 4, medan Batman: Arkham Asylum og Batman: Arkham City kjem til PlayStation 4 og Xbox One i samlepakka Batman: Return to Arkham. Den gamle travaren Duke Nukem dukkar opp i jubileumsspelet Duke Nukem 3D: 20th Anniversary World Tour, og det første Darksiders-spelet blir pussa opp i Darksiders: Warmastered Edition.

Det oppussingsprosjektet flest ventar på er likevel mest sannsynleg The Elder Scrolls V: Skyrim Special Edition. Skyrim blei svært populært for nokre år tilbake, og no er det tilbake, penare. Det er vel streng tatt alt som skal til for å selje nokre millionar eksemplar.

Lanseringa av VR-brillene PlayStation VR kjem sjølvsagt med nokre eksklusive titlar, og blant dei finn vi spel som Battlezone, Until Dawn: Rush of Blood, RIGS MEchanized Combat League og Batman Arkham VR.

For deg som meiner Minecraft blir i styggaste laget.
Square Enix

Lista med spel i oktober er lang, og vidare på den finn vi rykande ferske Skylanders Imaginators. Her kan du for første gong lage dine eigne Skylander-figurar, noko som burde glede mange. Om du likar å skape ting får du fleire alternativ i oktober. Square Enix har kasta seg på Minecraft-basillen, og bringer oss Dragon Quest Builders. I dette spelet skal, du som i Minecraft, byggje ting med blokker, men i den fagerike Dragon Quest-verda.

Frå Japan får vi eit par spel til denne månaden. Exist Archive er eit actionrollespel frå skaparane av Valkyrie Profile-serien, og dette spelet ser ut til å bli nøyaktig i same gate som den serien. Enda meir action finn vi i slåsserollespelet Dragonball Xenoverse 2.

Før vi rundar av tenkte eg vi kunne roe ned med nokre poteter i Farming Simulator 17. Nøgd? Strålande, då er vi klare for siste spel.

Om du trudde vi hadde gløymt Titanfall 2, tek du grundig feil. Ein kan berre ha så mange skytespel blant dei fem spela vi trekk fram kvar månad, før ting ser noko ubalansert ut. Det betyr absolutt ikkje at vi ikkje gler oss til Titanfall 2. Vi likar robotar. Vi likar skyting. Og vi prøvar å like parkour. Slikt blir det fest av. Håpar vi.

Det var alt for oktober. Sjåast om ein månad.

Siste fra forsiden