Kultspelet Deadly Premonition kan kome til Steam

Utgjevaren tek spelet til Steam Greenlight i håp om suksess.

Deadly Premonition er kanskje ikkje det mest kjende spelet der ute, men det er definitivt blant dei mest spesielle. I rolla som etterforskaren Francis York Morgan må du finne ut kva som eigentleg har skjedd etter at ei jente blei drepen i byen Greenvale.

Sidan spelet heltar inspirasjon frå alt frå Silent Hill til Twin Peaks skal det vel ikkje så mykje tanketvisting til for å forstå at dette spelet ikkje er heilt mot normalt.

York feirar med jazz hands.
York feirar med jazz hands.

Forbetra versjon

Tidlegare i år kom ei Director's Cut-utgåve til PlayStation 3. Den utgåva fekk ein bunke nytt innhald, samt at utviklarane fiksa litt på ein del problemområde som har erga enkelte som spelet Xbox 360-originalen frå 2010.

Blant det nye fann vi oppgradert grafikk, eit forbetra kontrollsystem, samt nye episodar som utvida historia.

I dag har utgjevaren Rising Star Games i ei pressemelding kunngjort at dei har lagt spelet ut på Steam Greenlight i eit håp om å få det tilgjengeleg på Steam. Steam-versjonen vil bli den same som PlayStation 3-utgåva, med det unntak at Steam-versjonen vil få enda meir innhald. I tillegg vil spelet støtte prestasjonar og Steam Trading Cards.

Les også: Blodig action i Drakengard 3
Les også: Anmeldelse: Thomas Was Alone

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen