Star Citizen når Kickstarter-mål

Framtida ser lys ut for romsimulatoren.

I førre veke kunne vi fortelje at Wing Commander-skaparen Chris Roberts vurderte å bruke Kickstarter for å få finansiert romskipsimulatorspelet Star Citizen. Originalt var planen å berre bruke ei eiga løysing for å kome nærare spelarane, men sidan denne knela under enorm pågang, såg Roberts seg nøydt til å vurdere andre tiltak.

Det har han òg gjort. For nokre dagar sidan dukka Star Citizen opp på Kickstarter med eit mål om å samle inn 500 000 dollar. Dette målet har dei no nådd, og har 26 dagar på seg til å sanke inn enda større summar, får vi vite via VG247.

På sin eigen portal er han og utviklarteamet på jakt etter to millionar dollar, og er så langt godt på veg mot ein og ein halv million. Det er altså ikkje langt igjen før dei totalt sett har nådd sitt opprinnelege mål.

Kan romsimulatoren få tilbake sin gamle popularitet?
Kan romsimulatoren få tilbake sin gamle popularitet?

Star Citizen er eit svært ambisiøst prosjekt der du kan kaste deg inn i cockpiten på eit romskip for å blant anna ta del i heftige kampar i rommet. Det heile blir bygd opp med CryEngine 3, og utviklarane lovar at overbevisande fysikk sørgje for at vi får oppleve cockpiten til eit romskip på ein heilt ny måte.

Roberts har ikkje som mål å få til alt dette for 2 millionar dollar, men vil heller bruke donasjonane og engasjementet frå spelarane til å overbevise investorar om at dette er eit spel det er verdt å bruke pengar på. Nokon utgjevar er ikkje Roberts interessert i, og legg til grunn at verken Minecraft eller League of Legends trengde utgjevarar for å bli to av dei meste populære spela i dag.

Som ein konsekvens av dette blir Star Citizen eksklusivt for PC. Samtidig skal det etter planen bli mykje meir enn berre eit spel. Om Roberts får det som han vil blir Star Citizen eit heilt univers der du kan spele aleine eller saman med andre. Du skal kunne skape di eiga historie, om det så er som bytejegar, pirat, eller ein pilot som forsvarar folket mot ytre trugslar.

Star Citizen skal om alt går som planlagt lanserast mot slutten av 2014.

Les også: Wing Commander-skaperen avslører Squadron 42
Les også: Tilbakeblikk: Wing Commander

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen