Anmeldelse

uDraw GameTablet

Produktet for deg som vil teikne, men ikkje orkar å investere i dyrt utstyr.

Ein konsoll kan brukast til så mangt, og dette er noko som har blitt gjort veldig tydeleg denne generasjonen. Dagane då ein konsoll var til for å spele på – og fint lite anna – er definitivt over. No skal vi høyre på musikk, sjå film, sosialisere, og alt mogleg anna produsentane skulle finne på. THQ tek det heile eit naturleg og velkome steg vidare med sitt nyaste produkt. Eit kunststudio for Wii.

Teiknebrett har stort sett vore reservert PC/Mac-brukarar, men uDraw endrar på dette. Produktet byr på eit solid teiknebrett litt mindre enn to DVD-boksar lagt ved sidan av kvarandre, som gjev deg rask og lett tilgang til nyttige funksjonar via nokre knapptrykk. Brettet er derimot mykje tjukkare enn ein DVD-boks, og gjev deg eit solid og godt grep om verktyet.

Framtidas kunstnarar, sjå her!
Framtidas kunstnarar, sjå her!

Det heile fungerer ved at du legg Wiimoten ned i ei grop på venstre side av brettet. På denne måten får brettet den straumforsyninga det treng, samtidig som du har fleire viktige og hendige knappar lett tilgjengelege for den venstre handa di. Det er klart dette ikkje på nokon måte er ideelt om du er venstrehendt, men du kan likevel teikne utan problem. Å velje funksjonar vil nok derimot bli noko tungvindt.

Klar, ferdig, teikn!

Når alt er kopla opp og klart er det berre å fyre opp vårt vesle kunststudio. Frå hovudmenyen får vi nokre få og enkle val, og det er lett å kome i gong. I uDraw GameTablet brukar du pennen til å navigere gjennom menyar, du kan gjere dine val enten ved å trykkje inn ein knapp, eller ved å presse blyanten ned. Før du går i gang kan du velje mellom to forskjellige modusar. Den eine er fri teikning der du kan lage akkurat det du vil, og den andre gir deg forskjellige ferdigteikna bilete du kan fargeleggje sjølv.

Den mest interessant modusen er utan tvil frihandsteikning, og det er den eg kjem til å gå i detalj på sidan verktya er dei same uavhengig av modus.

Det heile kan vere litt forvirrande i byrjinga, sidan det er ganske mange forskjellige menyar å navigere gjennom. Du har til dømes ein meny for målingstype, ein for å finjustere fargen, og ein for å velje forskjellige fargesett skrudd saman for diverse tema. Du har til dømes eit fargesett for å måle tre, eit for sand, og mange fleire.

Menyane har alle dei viktigaste vala lett tilgjengelege.
Menyane har alle dei viktigaste vala lett tilgjengelege.

Så snart ein har gjort seg kjend med korleis menyane fungerer, og korleis du får gjort dei små endringane i farge og form du kjem til å måtte gjere no og då, blir det heile raskt ein leik. Du kan lett hente fram menyen med eit lett trykk på B-knappen som ligg på undersida av brettet, og det er veldig lett å velje ein ny farge, eller eit nytt verkty. Du har ei rekke medium å velje mellom, og du kan velje mellom alt frå pennesplitt til akvarell. Utviklarane har gjort ein veldig god jobb i å skape truverdige verkty som kan skape veldig naturtru resultat. Det når ikkje heilt opp til Painter-nivå, men det er absolutt godt nok.

Brukarvenleg og effektivt

I tillegg til enkle val i menyane har du fleire smarte funksjonar kartlagde til Wiimoten. Ryggknappen får til dømes opp menyen, medan piltastane endrar storleiken på penselen og forstørring og forminsking av biletet. I tillegg til dette kan du angre ting du har gjort, eller hente fram eit viskelær.

Så langt er alt eigentleg heilt glimrande, og utviklarane skal ha ros for å skape eit teikneprogram eg vil påstå har den lågaste inngangskurva på marknaden. Det er uhorveleg lett å kome i gong, og om du skulle vere i tvil kan du berre ty til hjelpeseksjonen som instruerer deg kjapt i alle funksjonar.

Det er når du først skal byrje å teikne at mange vil rynke litt på nasa. Det er ingen tvil om at dette først og fremst er eit produkt for born, men det er samtidig så fullt av funksjonar at det like godt kan brukast av vaksne. Problemet for sistnemnde er at presisjonen på brettet ikkje er særleg god. Det er direkte vanskeleg å teikne rette linjer, og eit forsøk på å teikne ein karikert versjon av Gamer-redaktør Tangedal enda i storslagen fiasko, og det var ikkje min feil. Om du nokon gong har teikne med til dømes eitt av Wacom sine billegare modellar vil du vite kva eg snakkar om, men dette er verre. Oppløysinga er ikkje god nok, og det sørgjer for at reine linjer og bogar lett får kantar og ufine detaljar. Det er litt demotiverande, for det fekk meg til å fullstendig gje opp alt som heiter reinteikning.

Det tek ikkje lang tid å byggje opp akseptable bilete.
Det tek ikkje lang tid å byggje opp akseptable bilete.

Mykje større suksess hadde eg då eg gjekk meir kunstnarisk til verks med akvarellmåling og krit. Ved å skru ned mettinga på fargen kan du gå meir metodisk til verks, og sakte men sikkert byggje opp komposisjonen din. Teiknebrettet kan by på problem her òg, men i mykje mindre grad enn når du teiknar rette linjer. Det som har plaga med mest er at brettet har veldig vanskeleg for å registrere forskjellen på harde og lette trykk. Om du prøvar å teikne svakt, anten for å få tynnare strek, eller for at fargen skal vere svakare, er det nesten ingenting som skal til før du har ein stor rund sirkel på skjermen i staden for ei ørlita endring av små detaljar.

Overkommelege problem

Manglande presisjon er plagsamt, men det er strengt tatt ikkje eit så stort problem at du ikkje kan arbeide rundt det. Skjer det ein liten feil ligg tommelen likevel nær angre-knappen slik at du kan prøve på ny. Gjennom litt bruk lærer ein seg å leve med dei svake sidene til uDraw, til fordel for kos med dei positive. Dette er eit ekstremt billeg teiknebrett, og ein kan ikkje heilt forvente resultat på linje med Wacom sine toppmodellar. Dessutan er det fullt mogleg å få greie resultat, noko du kan sjå av dei sjølvteikna bileta teksten er krydra med.

I tillegg til dei reint tekniske funksjonane for å lage dine eigne kunstverk, inneheld uDraw GameTablet nokre artige funksjonar for å gjere din kunstnariske kvardag trivelegare. Før du går i gong kan du velje mellom fleire forskjellige lerret, som til dømes stein, tre og vanleg papir. I tillegg til dette kan du velje ein bakgrunn medan du jobbar. Du kan måle eller teikne i alt frå naturskjønne område til eit rotete atelier, og med den avslappande musikken er det lett å la dei kreative genane ta over.

Som du kan sjå er ikkje rette linjer teiknebrettets sterkaste side, og ein må fikle for å få det fint.
Som du kan sjå er ikkje rette linjer teiknebrettets sterkaste side, og ein må fikle for å få det fint.

Diverre kan du ikkje velje storleik på biletet ditt. Dette merkar du eigentleg først om du vel å lagre kreasjonen din på eit SD kort, men då merkar du det til gjengjeld godt. Bileta er veldig små, og er veldig langt frå noko som kan skrivast ut og hengast på veggen, med mindre du er glad i frimerke.

Eit lite plaster på såret er at uDraw GameTablet tek opp alt du gjer når du jobbar. Når du er ferdig med eit bilete kan du sjå ein videosnutt som viser alt du har gjort frå start til slutt. Dette kan faktisk vere ganske nyttig for å sjå korleis du jobbar, og kan hjelpe deg med å utvikle betre teknikkar. Den einaste irritasjonen her er at du ikkje kan velje å sjå bileta dine utan å spole gjennom denne filmen først, noko som er tåleleg bakstreversk.

Konklusjon

uDraw GameTablet er ein nedstrippa versjon av store, tunge, og dyre teiknestudio på PC. Det byr på mange av dei same moglegheitene og funksjonane, men i eit litt nedstrippa og meir leikent format. Det spelar eigentleg inga rolle om du vil gje ungane ein ny måte å boltre seg på, eller berre leike deg litt på eiga hand. uDraw GameTablet er eit glimrande produkt som gjer teikning til ein leik.

Eg gløymde solnedgangen.
Eg gløymde solnedgangen.

Takka vere eit solid og komfortabelt teiknebrett kan du leike deg med alt frå måling til svampar utan å flytte deg frå sofaen ein einaste gong. Det einaste kritiske punktet er sensitiviteten til teiknebrettet. Dette er på ingen måte eit profesjonelt produkt for dei vidarekomne, sjølv om ein dyktig teiknar definitivt kan få imponerande resultat.

Dette er først og fremst laga for dei minste, og til det er dette praktisk talt eit genialt produkt. Det er likevel visse ting som gjerne skulle ha vore betre. Eg er sjølvsagt inneforstått at vi ikkje kan vente veldig høg oppløysing i denne prisklassen, men det er likevel synd at presisjonen kan gå hardt utover resultata.

Kven veit, om dette blir ein suksess får vi kanskje sjå tilsvarande produkt på Xbox 360 og PlayStation 3 med høgre oppløysing. Eg kryssar i alle fall fingrane for det.

Vurdering


uDraw GameTablet Wii Wii 8/10 X360 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. mars 2011
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: THQ
  • Utvikler: THQ

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen