ANMELDELSE: Dungeons & Dragons

Stor, men uferdig moro

Dark Alliance hadde hatt godt av litt meir tid i bakaromnen.

Av og til kjem eit spel som tek opp tida di og byr på enorme mengder moro, men som når ein tenkjer litt over situasjonen har hakket for mange ankepunkt til at det når heilt opp til toppen av den metaforiske kransekaka. Dungeons & Dragons: Dark Alliance er, trasig nok, eit av dei spela. 

Det har mykje gåande føre seg. Det byr på intens og engasjerande moro der opp til fire spelarar kan reise ut på tokt i rollene som ein av fire legendariske heltar frå Dungeons & Dragons-universet Forgotten Realms. Vi får karakterbygging, samarbeid, og ei endelaus jakt på betre og feitare utstyr som kjem som resultat av plyndring av kister og maltraktering av ulike fantasimonster. Alt som det skal vere altså, men noko skurrar.

Kvifor slikt hastverk?

DEt er ikkje noko å seie på utsikta. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Det er klart det er vanskeleg å produsere feilfrie spel. Det er ein grunn til at mange spel kjem med tekniske problem attåt, mykje skal testast, mange feil skal lukast ut. Det er hakket lettare å lokalisere potensielle skavankar om ein sender spelet ut til flest mogleg folk for å teste det. Ein sjeldan feil har tross alt lettare for å vise seg om ein lar tusen personar med ulike maskine og konfigurasjonar teste det, enn om ein testa det same med brøkdelen så mange deltakarar.

Dark Alliance hadde hatt godt av ein ør lite testperiode. Ein offentleg beta. Noko som helst for å berre gje dette spelet ein sjanse til å verkeleg skine før det blei slengt ut til folk som ikkje veit betre enn at dette spelet mest sannsynleg er ferdig sidan det tross alt kan kjøpast for pengar.

Men Dark Alliance er ikkje ferdig. Lista med frustrasjonar er alt for lang. På sitt verste får ein ikkje plukke opp gjenstandar nødvendige for å fullføre eit oppdrag, og på sitt mest trivielle lurer spelet deg til å tru du har ein statuseffekt på deg som gjekk bort for lenge sidan. Det er mange feil her, alt for mange til å liste opp, men det er ikkje berre ting som garantert kjapt vil bli fiksa som skurrar. Enkelte fundamentale designval gjer livet mykje vanskelegare enn det treng å vere.

Ta til dømes den elementære låsemekanismen. Den er der for å la deg berre ha det moro med å gå frå den eine fienden til den andre i eit heidrundrandes tempo. I eit slikt spel kan den ha mykje å seie, men her er den nesten ubrukeleg. Du skiftar kva fiende du er låst på med den same analogstikka du brukar til å sjå deg rundt, og kvar gong du prøvar å berre få litt oversikt over kva som skjer har du ikkje berre sett rundt deg, du har brått låst deg på ei eksplosiv tønne langt unna, og i kampens hete er du brått langt unna dei fiendane du er der for å kveste. Det er heilt fullstendig håplaust, og det er betre å berre styre unna låsemekanismen.

Fett når det funkar

Barbaren Wulfgar er ein personleg favoritt. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg er bombesikker på at Dark Alliance kjem til å bli eit fantastisk produkt om nokre månaders tid når utviklarane har fått tid til å fikse og forbetre spelet. Formelen er i utgangspunktet nøyaktig det eg ser etter i eit slikt spel. Det er eit tredjepersons actionrollespel der du tek på deg rolla som ein av fire heltar, før ein legg ut på eventyr. Når alt klaffar er det heilt rått, men det blir ikkje skikkeleg moro før ein har fått låst opp ein del spenstige angrep. Alle inntek sine roller, og byggjer opp om kvarandre. Bogeskytaren støttar temaet frå relativ avstand, medan dei andre krigarane spring inn og deljar frå seg meg ei vaksande liste med strengt talt uhyre kule angrep.

Spesielt likar eg å spele barbaren Wulfgar. Måten han slenger den opnebert tunge hammaren med heile kroppen og kastar seg inn i kampane passar mitt adrenalinsøkande hjarte perfekt. Kampsystemet nyttar velkjende formlar, men gjer ting likevel litt annleis. Det handlar ikkje så mykje om å trykkje inn angrep i rett rekkjefølgje for å utløyse kombar, men meir om å bruke riktig angrep til rett tid. Nokre gongar treng du å slenge den hammaren i bakken for å denge laus på ei gruppe fiendar, andre gongar er det betre å ta springfart før ein kastar seg ut i ein snurrebass der hammaren kjem først, blodet etter.

Eg elskar det, og eg storkosar meg når eg hamnar i eit team som faktisk kommuniserer og hjelp kvarandre gjennom dei stadig større utfordringane. Her kjem likevel, dessverre, eit anna av problema med Dark Alliance inn. Skal du kose deg, skal du strengt tatt ha litt flaks. Helst bør du ha ei gruppe med vener som alle ligg nokonlunde likt i løypa, elles må du berre håpe at spelet finn bra folk til deg. 

Det er berre fire heltar i dette spelet, og sjølv om meir er på veg, er det for lite, og sjansen er stor for at du ikkje får spele nettopp din favoritt fordi nokon andre allereie har tatt den. Ikkje eit stort problem kanskje, men verre blir det når du som godt efaren krigar på høgt nivå hamnar på lag med ferskingar på nivå ein eller to. Det skjer ofte, litt for ofte, og greit nok, eg er med på å hjelpe nye spelarar fram, men mykje av moroa i Dark Alliance kjem frå å få tak i nytt, betre og sjeldnare utstyr, og det blir vanskeleg når matchmakinga ikkje fungerer, og rutinemessig set saman spelarar på høge og låge nivå. Stort med val for å sortere kan du berre gløyme.

Mykje av tida mi har gjeve meg kjensla av å vere ein slags barnehageonkel som går gjennom dei same to-tre nivåa om igjen og om igjen medan eg hjelper småtassane med å bygge opp karakterane sine.

Eit alternativ er sjølvsagt å spele aleine, men spelet legg ikkje skjul på at dette er og blir eit samarbeidsspel. Det er heilt legitimt, men det hadde vore greit om einspelarmodusen var meir enn ein ettertanke. Spelet er bygd opp og balansert for fleire spelarar, men vi får ikkje ein gong eit val om å inkludere AI-styrte figurar når vi spelar aleine. 

Det er ikkje alltid så lett å ta gode skjermbilete midt i ein kamp. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Det er fett, eg lovar

Ein kan lett få inntrykket av at alt eigentleg er feil med dette spelet, men fullt så gale er det definitivt ikkje. Eg storkosar meg, stengt tatt. Det er, som sagt, nøyaktig det eg ser etter. Det er ein forenkla versjon av Dungeons & Dragons som vågar å gjere noko litt anna. I staden for å utelukkande fokusere på den lange historia og korleis ein skal bygge ein karakter, slik dei fleste spel basert på penn og papir-rollespelet gjer, fokuserer Dark Alliance på det sosiale aspektet. Fordelig av byte, og bygging av karakterar gjerast mellom slaga, slik det no stort sett er i spelet Dark Alliance hentar sin inspirasjon frå.

Eg likar det, eg likar formelen, og eg likar dei digre, lekre områda vi spring rundt i. Nokre gongar er det så ein blir litt forbløffa over kort pent spelet no og då er, men det beste er kanskje alle monstera og korleis utviklarane har bragt dei til live. Dei har verkeleg personalisert desse utyska med både artig dialog og kul musikk som får alt til å berre klaffe. Når ein spring rundt på desse todvis ganske svære nivåa er det som å ta turen inn i nokon andre si verd.

Men eg skulle så gjerne ynskje det var meir å gjere her. Du skal ikkje spele mange kveldane før gjentakinga set inn. Dei same oppdraga blir gjort om att og om att, karakterane er maksa ut, og alt som eigentleg gjenstår er å finne betre utstyr, noko som naturlegvis blir ei utfordring når spelet ikkje prioriterer å matche deg med spelarar på ditt eige nivå.

Ein når mål litt for fort, og det er litt lite å bite tenna i før dei lova utvidingane etter kvart dukkar opp. Spelet skal få sofaspeling på delt skjerm seinare i sommar, men burde allereie vere på plass. Fleire karakterar og oppdrag kjem seinare i år, men igjen, burde allereie ha vore på plass.

Konklusjon

Mellom slaga kan ein oppgradere karakterane og utstyr. Foto: Wizards of the Coast

Det skjer ikkje ofte, men no go då kjem eit spel som eg synest er kjempestor moro, men som det ikkje er mogleg å sjå mellom fingrane på. Eg likar Dungeons & Dragons: Dark Alliance. Det er eit spel eg har hatt uhorveleg mykje moro med, og eg veit at det første eg kjem til å gjere når eg er ferdig med denne teksten er å spele nokre timar til. Det er eit spel med kampar som kjekkare og kjekkare etter kvart som du får bygd opp karakterane dine, og som verkeleg skapar ei herleg kjensle av å vere ute på eventyr med ei gruppe eventyrarar.

Tenk mo utviklarane berre hadde fått gjort spelet ferdig før lansering? Eg kan ikkje fatte og begripe at ingen såg dette spelet var langt frå klart. Det er så mange bugs her, både store og små, nokre finn stad på slutten av eit nivå og kastar bort all tida du har investert, andre får angrep til å gå skeis, andre igjen berre lurer deg til å tru ting ikkje er heilt som dei er.

Det er litt utmattande, og det må gjerast noko med om dette spelet skal ha nokon sjanse for å overleve. Lanseringa burde ha blitt utsett til om ikkje heilt til hausten, så i alle fall seinare i sommar. Då kunne dei ha fått stramma opp enkelte gameplay-element litt, og ikkje minst fått inkludert moglegheita for speling på delt skjerm før lansering, i staden for seinare.

Alt det til tross. Dark Alliance byr på mykje moro, og eg har håp for at det i vekene og månadane som kjem kan bli det spelet det burde ha vore ved lansering.

Vurdering

"Det må gjerast noko med om dette spelet skal ha nokon sjanse for å overleve."

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen