Anmeldelse

James Cameron's Avatar

Blåtur i jungelen

Høgteknologi i ein tropisk jungel betyr berre ein ting: Krig.

1: Side 1
2: Side 2

Går det opp, går det ned

Kampsystemet i Avatar er eigentleg godt gjennomført, men det er tydeleg at ikkje alt er like godt gjennomtenkt. Du vil til dømes møte fiendar veldig ofte, men der du gjerne trur at det berre er å likvidere dei for så å gå vidare, tek du veldig feil. Mange av kampane i Avatar er av sorten der fiendane berre kjem på i pulje etter pulje til evig tid. Det er så ille at eg meir enn ein gong kunne sjå fiendar dukke opp frå lause lufta rett framfor meg.

Du innser etter kvart at du enten kan stå her i timevis i kamp mot dei same fiendane, eller du kan gi blanke, og springe vidare for å gjere oppdraget ditt.

Det ironiske er at det er førstnemnde som byr på mest moro, sjølv når du innser at du har vore i ein kamp lenge nok. Historia i spelet er ikkje mykje å skryte av, og skodespelet gjer ikkje ting betre. Det verste er likevel korleis personen din har fått det for seg at han eller ho er veldig kul. Spesielt om du er på Na'vi-sida, vil «avataren» din lire av seg så mykje piss at det er lett å forakte heile greia. Når du på død og liv skal kalle ein Na'vi-krigar for «Big B», blir det lett å rulle auga så langt bak i skallen at det gjer vondt. Om dette hadde vore eit spel om Faith frå Buffy the Vampire Slayer hadde eg forventa det, men Avatar blir noko litt anna.

Maktmarsjen

Når du drep fiendar vil du heile tida få ein liten sum erfaringspoeng. Større summar får du av å klare eit oppdrag, og alle desse poenga går med til å gi deg betre utstyr. Våpna dine blir gradvis kraftigare, og du får betre rustning. I tillegg blir dei spesielle eigenskapane til både Na'vi og menneska kraftigare. Du har ingen erfaringsnivå, men du vil likevel merke at du blir meir effektiv.

Ein anna bonus gjennom erfaringspoeng er at dei kjem til god nytte i Avatars vri på Risk. I eit lite minispel kan du akkurat som i Risk plassere ut soldatar for å ta til deg nye område. Erfaringspoeng blir konvertert til ein liten sum pengar, og med dei kan du kjøpe soldatar i tre variantar. Det heile fungerer rimeleg greitt, og det er noko du kjem tilbake til ofte, sidan du heile tida finn det nødvendig å sanke fleire erfaringspoeng for å ta over fleire område. Det einaste verkeleg kjipe med denne delen av spelet, er at du ikkje kan vinne. Du kan aldri ta over hovudbasen til fienden din, og det er difor litt antiklimatisk når du først har teke alt, og kronjuvelen står igjen.

Avatar har òg ein fleirspelarmodus som tek i bruk forskjellane mellom Na'vi og menneska på ein grei måte. Vi får dei typiske modusane med blant anna «Capture the Flag» og «Team Deathmatch». Det mest interessante er forskjellane mellom menneska og Na'vi, og det blir tydeleg klart at Na'vi har ein stor fordel. Bogen deira kan plukke ned fiendar frå lang avstand, og det kan såleis bli veldig lett for ein usportsleg gjeng å slå seg ned ved basen til menneska.

Samtidig er Na'vi vanvittig sterke i nærkamp, og med smart speling kan du mørbanke ei heil gruppe med spelarar med eitt slag. Menneska har litt for dårleg variasjon i våpna, og det blir raskt tydeleg at spelet er temmeleg ubalansert til Na'vi sin fordel.

Avatar på nett er moro ei lita stund, men det held ikkje så lenge. Samtidig er du ganske heldig om du finn nokon å spele med. Det tok meg snaue tjue minutt å kome inn i ein kamp med meir enn éin medspelar, så det blir lett å tvihalde på spelarane du finn når du først finn dei.

Konklusjon

Avatar er eit spel eg eigentleg likar ganske godt. Det er ikkje for avansert, og byr på heilt kurant underhaldning som ikkje dyttar nokon grenser. Sjølv om spelet har fleire gode element, er det likevel vanskeleg å vere for positiv. Trass sine vakre skogar, sine underhaldande kampar, den trivelege Risk-klona, og to eventyr til prisen av eitt, har spelet eit svart hol det ikkje er mogleg å kome utanom:

Avatar er for einsformig.

Du gjer det same igjen og igjen i time etter time, og du blir rett og slett litt lei. Hadde Ubisoft stramma inn regien litt, bygd opp ei skikkeleg historie saman med James Cameron, og gitt oss meir variasjon i kva vi faktisk gjer i dette spelet, kunne Avatar raskt ha blitt eit flott eventyr. Det er framleis eit heilt OK spel, men reisa burde hatt meir innhald.

James Cameron's Avatar-spillet er i sal for Xbox 360 (testet), PlayStation 3, PC, PSP, Wii og DS.

5
/10
1: Side 1
2: Side 2

Les også

Siste fra forsiden