Brukarinnhald i Unreal Tournament 3

PlayStation 3-versjonen av skytespelet frå Epic satsar på eit langt liv.

Om du har planlagt å skaffe deg Unreal Tournament 3 på PlayStation 3 til hausten, har vi ei gledeleg nyheit til deg. Computer & Video Games fortel at PlayStation 3-versjonen av Unreal Tournament 3 vil støtte modifikasjonar PC-brukarane har laga.

Skjermbilde frå Unreal Tournament 3

Å lage eige innhald til spel i form av kart, modellar og andre modifikasjonar er gammalt nytt i PC-verda, men på ein konsoll er saka ei heilt anna. Med unntak av til dømes Far Cry Instintcs, er det ikkje mange spel som har noko form for brukarinnhald. No får vi riktignok ikkje lage eigne ting på PlayStation 3, men det vil bli mykje innhald å få tak i etter kvart som spelet har vore ute ei stund.

Epic har testa forskjellige måtar å overføre filene med modifisert innhald frå PC til PlayStation 3, til dømes ved å bruke ei minnestikke. Målet er at du ikkje skal måtte bruke PC i det heile for å få tilgong på modifikasjonane. Om det vil bety ei form for nedlastingsteneste i spelet gjenstår å sjå.

Om du har planlagt å kjøpe Unreal Tournament til Xbox 360, stiller saka seg i eit heilt anna lys. Microsoft har strenge sikkerheitsreglar som har satt kjeppar i hjula for ting før. I følgje Computer & Video Games er det høgst usannsynleg at vi vil få sjå brukarinnhald i Xbox 360-verjsonen av spelet.

Unreal Tournament kjem til PC og PlayStation 3 november, medan Xbox 360-versjonen er venta på nyåret.

Siste fra forsiden