Anmeldelse

Chaos Legion

Capcom prøvar seg igjen. Har du først funne ei ku som gir god melk, er det berre rett og rimeleg å melke den for kvar dråpe den er verd. Først fekk vi Resident Evil, som for så vidt produserte god melk i mange år. Ei stund seinare fekk vi Devil May Cry, og denne melka var frisk og god, sjølv om mange ikkje likte smaken av oppfølgjaren.

Side 1
Side 2

Gjentakande og kjedeleg
Til å byrje med kan det tenkast at du synest det er litt vrient å halde oversikta blandt alle monstera, noko som eigentleg ikkje er særleg rart. I noko som vitnar sterkt om svak tru på seg sjølv, får du faktisk tilbodet om å setje ned vanskelegheitsgrada, svært tidleg i spelet. Dette for å lettare kome seg gjennom bretta, og for å kunne ”nyte historia” uforstyrra. Ein ting er når utviklarane har misforstått arbeidet sitt, noko heilt anna er det når eit spel misforstår seg sjølv. Toppen ti timar kan du rekne med på å måtte vie Chaos Legion ,om du skulle ønske å fullføre det. Kanskje ikkje så mykje, men tru meg når eg seier det er meir enn nok.

Den største feilen med spelet er at det ikkje krev noko av spelaren. Kan du trykke på ein knapp, mange gongar etter kvarandre, så burde du ikkje møte nokon problem. Fiendane er ikkje spesielt smarte heller. Ser dei deg, spring dei mot deg, og ventar på å kome fram. Det at du ganske tydeleg lagar rømmegraut av alt som nærmar seg, verkar det ikkje som om dei registrerar. Dette er svært representativt for heile spelet. Det er ingen form for mål eller meining med noko av det du gjer. Du slår, slår, og slår litt meir, utan å få noko belønning for det. Det same gjeld for sjefane du møter rundt omkring.Dei er sjeldan spesielt vanskelege, etter å ha funne den rette taktikken for å unngå skade, blir du igjen nødt til å trykke på same knappen veldig mange gongar.

Det blir etter kvart forferdeleg kjedeleg. Spesielt kjedeleg blir det når ein sjef gjenoppstår tre-fire gongar, berre med nokre kloner av seg sjølv hengande på slep. Konklusjonen av det blir enda meir knappetrykking. Skal spelaren vere nødt til å trykke på ein knapp om igjen, og om igjen i fleire timar, så må han føle han får noko tilbake for det. Det einaste du får tilbake her, er at spelet er slutt, og at du endeleg kan gå tilbake til ditt verkelege liv. Om ein skal trekke noko positivt ut av det, så er det eit spel som fungerar bra i små doser, når du kun har tid til å spele nokre få minutt.

I denne tragiske brutalitetsoperaen er det gledeleg når du finn noko som fungerar. Musikken gjer faktisk det, av og til. Eit par rocka melodiar, og litt stemningsfull synth, gjer sitt beste for at du skal hate spelet litt mindre. Av og til, får den faktisk til akkurat det. Sjølv om musikken ikkje akkurat er noko av det mest originale du kjem til å høyre i år, så fungerar den ganske bra til denne typen spel. Riffa of melodiane er akkurat passe engasjerande. Når det er sagt, så gjer ikkje lydsida ellers, ein spesielt bra jobb. Bortimot alle lydane som kjem når du hakkar opp ein fiende er dei same som neste fiende, og når du hakkar opp så mange fiendar samtidig blir det som å ha konstant øyresus. Lyden er ikkje akkurat dårleg, men på same måte som grafikken, følest den noko uferdig. Hadde Capcom anstrengt seg litt meir, kunne det blitt svært mykje betre.

Konklusjon
Det er synd å sei det, men dette er sløvt arbeid frå Capcom si side. Vi veit alle at dei er fullt i stand til å lage gode og engasjerande spel, men det er ikkje akkurat det vi har fått denne gongen. Med ein grafikkmotor som er meir fokusert på å putte mest mogleg monster inn på skjermen samtidig, blir det raskt klart at det må gå på bekostning av noko. Logisk nok går dette først og fremst ut over den visuelle opplevinga. Trass i at hordar av besit kjem mot deg samtidig, ser det ikkje bra ut. Det blir rotete og ufokusert, noko som igjen påverkar spelbarheita i stor grad. Det er enkle kontrollar, kanskje til og med litt fòr enkle, men dei blir raskt forverra når du ikkje ser kvar du er, eller når det er praktisk talt umogleg å slå meir enn fire slag på ein fiende før du finn deg sjølv på veg bort frå denne.

Dessverre blei ikkje dette det spelet vi blei lova, noko vi forsåvidt er ganske vande med, men det er ekstra bittert når det kunne ha blitt så bra. Chaos Legion har eit konsept som faktisk burde ha vore ganske enkelt å gjere bra, men mangelen på val, og den einsformige spelestilen, øydelegg for eit spel som ganske sikkert snart vil forsvinne inn i gløymeboka.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden