Anmeldelse

Disgaea: Hour of Darkness

Du må sannsynlegvis ta deg ein tur til bunnen av Marianergropa for å finne noko med meir dybde enn Disgaea: Hour of Darkness. Om du ikkje blir skremt av tanken, kan du forville deg inn i denne skrullete verda i lang, lang tid framover.

Side 1
Side 2
Side 3

Finn du ikkje det du vil ha? Lag det! Om du ikkje finn det du vil ha i butikken er det ingen grunn til å fortvile. Disgaea har noko så genialt som "Item World". Her kan du til dømes gå inn i eit sverd. Ved å reinske det for monster, og bevege seg ned i nivå vil gjenstanden (som kan vere alt frå våpen til sukkertøy) gå opp i nivå. Samtidig inneheld alle gjenstandar bebuarar. Du kan enkelt sjekke kor mange som er i kvar gjenstand ved å studere menyen. Der får du sjå kor mange som er i til dømes sverdet vårt, og kor mange som kan vere der. Vil du gjerne at våpenet ditt skal ha giftige eigenskapar, og kanskje litt ekstra beskyttelse, kan du berre finne gjenstandar som har bebuarar med desse eigenskapane. Når du har henta bebuarane ut frå gjenstanden kan du fritt flytte dei til andre. Moglegheitene er praktisk talt uendelege.

Ein anna del av Disgaea som du absolutt ikkje må utnytte, men som du alvorleg talt kan tene stort på, er Dark Assembly. Når du vinn kampar vil du få meir mana, noko som må brukast til det meste i Dark Assembly. Ein anna ting som er viktig er rangen din. Du kan ta ein promoteringseksamen når som helst for å gå opp i rang og få betre innflytelse. Desse kampane stiller Laharl aleine mot fiendane, og kan vere ganske vanskelege om du ikkje er forsiktig. Har du mange nok manapoeng og høg nok rang kan du begynne å ha det moro. Enten ved å lage nye karakterar, eller å prøve å få senatet av demonar til å gå med på forslag.

Kven vil du vere i dag? Når du lagar karakterar i Disgaea må du først og fremst velje kva klasse den nye karakteren skal vere. Du kan velje mellom alt frå krigarar og magikarar til monster. Deretter får du fem valg for kor dyktig denne skal vere. Dei tre første, som går frå dårleg til dyktig, kan du lage så mange du vil av (forutsett at du har mana til det), men dei to siste kategoriane, som er for høgt begava karakterar, krev godkjenning frå senatet. Når du først har laga ein karakter blir denne ein student, og karakteren som laga studenten blir mentor. Atter ein gong kjem ein herleg del av spelet fram; Når studenten går opp i erfaringsnivå, vil også mentoren gå opp. Samtidig kan mentoren bruke studentens eigenskapar om studenten er innan rekkevidde. Ved å bruke eigenskapane nok, vil mentoren til slutt lære dei sjølv.

I Dark Assembly kan du også kome med nye forslag. Forslaga du kjem med kan vere alt frå fleire klassar å velje mellom når du lagar karakterar, meir pengar, eller tilgang på fleire ting i butikken. Det er livsviktig å ha god innflytelse når du skal kome med nye forslag. Eit forslag blir presentert for senatet ved at du hamnar i eit rom der du står bak ein talestol, medan senatet sit på rekker langs veggen. Likar dei ikkje forslaget vil det dukke opp ein del "Nay", og du må enten forlate lokalet eller prøve å overbevise dei med makt. I og med at senatet består av høgnivådemonar, er det best å vere forsiktig med dette. Juler du dei først opp, vil dei vere enda meir imot deg neste gong.

Dessverre for Disgaea, har spelet eit stort problem som vil koste det mange salg. Disgaea kunne like godt vore eit spel for PSOne. Oppløysninga er låg, og det er ikkje spesielt detaljert heller. Dei isometriske bretta du spelar på er svært enkle i oppbygging, og alle figurane på bretta er i tillegg 2D-plater. Til sitt forsvar er Disgea eit veldig fargerikt spel, med ein veldig klassisk japansk stil. Likevel er det eit par ting som kan bli ganske frustrerande etter kvart. For det første er ikkje kameraet særleg praktisk. Du kan sjå eit brett frå maksimalt fire vinklar. Av og til hamnar du i situasjonar der enten fiendar eller delar av landskapet gjer det vanskeleg å sjå noko, uansett kva vinkel du ser i frå.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden