Fatal Inertia til Xbox 360 i september

Av og til går ikkje alt som ein forventar. Fatal Inertia var først tenkt som ein lanseringstittel til PlayStation 3. Det har sett mange utsetjingar, og i fjor høst blei det annonsert at spelet i tillegg vil kome til Xbox 360. PlayStation 3-versjonen står no utan lanseringsdato, medan Xbox 360-versjonen kjem til Europa i september.

Skjermbilde frå Fatal Inertia
Skjermbilde frå Fatal Inertia

I følgje Gamespot, som har snakka med KOEI, er utsetjinga av PlayStation 3-versjonen grunna eit problem med programvara spelet brukar for å kommunisere med maskina. Utsetjinga betyr på ingen måte at KOEI trappar ned si støtte for Sony. KOEI fortel Gamespot at dei alltid har støtta Sony, og vil halde fram med det.

Fatal Inertia er eit racing-spel satt til framtida. Du har raske køyrety i klassisk Wipeout-stil, samt ei lang rekke våpen. Spelet er basert rundt ein fysikkmotor, noko som har tillete utviklarane å skape eit veldig forskjellig racing-spel. Samtidig let det utviklarane bygge dynamiske våpen du kan bruke taktisk. Keoi fortel at fysikken alltid vil la deg finne ny måtar å bruke våpna på.

Sjølv om spelet brukar køyrety utan hjul, og har ei futuristisk setting, er spelet satt til naturlege miljø og bygater. Områda skal i tillegg vere fullstendig interaktive, og kan brukast i kampen mot andre førarar.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen