Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Storspela veltar over oss i ein av årets mest intense månader.

Det må vere lov å seie det. September har ikkje heilt levert varene. Vi såg fram til fleire store, saftige spel denne månaden, men enda opp med ei rekke spel som burde ha prestert langt betre. Destiny blei kanskje ein kassasuksess, men var det bra? Joda, ganske, men ikkje bra nok etter vår meining. Det same kan seie om actionfesten Hyrule Warriors, og ikkje minst The Sims 4. Alle er spel som ikkje var gode nok til at vi kunne strekke oss langt nok til å heilhjarta anbefale dei.

Vi måtte ty til ein gammal travar for å finne ei verkeleg perle. For dei som enno ikkje har forvilla seg inn i klosseland, Xbox One-versjonen er ein glimrande plass å byrje.

Vi satsar på at oktober har langt meir kvalitet å by på. Månaden er stappa full av lovande spel i mange ulike stilar og sjangrar, og om vi ikkje finn ei perle eller to blant desse, blir vi ærleg talt ganske grinete. Vi kastar oss ut i det.

Alien: Isolation

Kan Alien: Isolation leve opp til filmen det hentar inspirasjon frå?

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One, Windows
Ute: 7. oktober

Alien-filmane har hatt ei noko ujamn historie i den interaktive verda. Vi hugsar vel alle møkkaspelet Aliens: Colonial Marines frå i fjor. Alien: Isolation frå Creative Assembly ser derimot ut til å kunne levere varende, og vel så det. Her møter vi dottera til Alien-helten Ellen Ripley, og målet er strengt tatt berre å overleve. Du skal ikkje slakte ein bråte livsfarlege beist, du skal gøyme deg frå eit. I vår sniktitt meinte vi spelet formidlar den klaustrofobiske stemninga frå originalfilmen på meisterleg vis:

«Då eg først høyrde at nokon skulle lage eit skrekkspel basert på Ridley Scotts science fiction-meisterverk blei eg ganske spent og full av forventning. Alien og dens tilhøyrande figurar, historier og stemning gjer seg godt i ei skrekkspelsetting. Etter å ha testa spelet i omlag ein time er eg framleis spent og full av forventning. Det ligg et godt skrekkspel under overflata i Alien: Isolation, og eg håpar det kjem til fulle ved lansering.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Alien: Isolation

DriveClub

DriveClub lovar lekre bilar, fart og spaning.

Plattform: PlayStation 4
Ute: 8. oktober

DriveClub er årets store bilspel for Sony. Det blir levert av dei kløktige nevane bak Motorstorm-serien. Dette blir likevel noko heilt anna enn villmannskøyringa vi kjenner frå PlayStation 3-eraen. Køyringa blir framleis vill, men her snakkar vi om lekre bilar på asfalterte vegar. Med vakker grafikk og eit markant sosialt fokus som skal la spelarane rotte seg saman i klubbar, har spelet stort potensiale til å bli ein publikumsfavoritt i år. I vår sniktitt blei vi spesielt imponerte over grafikken:

«DriveClub er utan tvil eit ambisiøst prosjekt. Racing-spelspesialistane Evolution Studios har lagt tusenvis av timar med arbeid bak den nydelege grafikken og alle detaljane. Det er ei sann fryd å sjå sola stå opp over indiske fjell, eller nordlyset slange seg over himmelen på veg over norske Sentraltind.»

Les også
Anmeldelse: Farming Simulator 15

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Driveclub

Bayonetta 2

Bayonetta 2 lovar enda meir fargerik og sprelsk action.

Plattform: Wii U
Ute: 24. oktober

Om du var fan av Bayonetta til Xbox 360 og PlayStation 3 kan du takke Nintendo for at vi får sjå actionheltinna igjen. Med fersk hårmanke er heksa klar til å sparke rumpe i alle vinklar atter ein gong, og vi reknar med det blir minst like absurd og intenst som det første spelet. Actionmeistrane hos Platinum Games har levert varene gong etter gong, og det er ingen grunn til å tru dei ikkje vil gjere det igjen. Det vi har prøvd av spelet lovar i alle fall godt:

«Eg har gode nyhende til alle Bayonetta-fans: Dette ser ut til å bli akkurat den oppfølgjaren du har venta på. Vi får fleire av dei same kampscenario der Bayonetta sparkar frå seg slik berre ho kan. Kampsystemet sit som støypt, og spelets overveldande visuelle presentasjon sørgjer for at Bayonetta 2 – lik sin forgjengar – blir noko for seg sjølv.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Bayonetta 2

Sid Meier's Civilization: Beyond Earth

Sid Meier's Civilization: Beyond Earth er Aplha Centauri II i alt anna enn namn.

Plattform: Windows
Ute: 24. oktober

Om du har lengta etter ein oppfølgjar til Aplha Centauri er dette spelet for deg. Firaxis tek turen ut til det ytre rom, og i Civilization: Beyond Earth handlar alt om å terraforme og kolonisere nye planetar. Både krig og diplomati blir viktige ingrediensar, medan du byggjer opp sivilisasjonar langt ute i rommet. Harde val vil bli ein del av tilværet, og du må velje om du vil satse på å utnytte alle ressursar ein planet har å by på, eller å tenkje økosystem først, og pengar etterpå. Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år, og likte det vi såg:

«Klarar Firaxis å utnytte styrkane til Civilization uten å binde seg fast kan Beyond Earth bli svært artig. Dei ser ut til å ha fokus på dei riktige tinga, og dei viste med det fantastiske XCOM: Enemy Unkown at dei evnar å plukke dei gode elementa frå ein gammal serie og levere eit moderne og underhaldande spel. Forhåpentlegvis kan dei gjere det same med Beyond Earth.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sid Meier's Civilization: Beyond Earth

Sunset Overdrive

Galskapen rådar i Sunset Overdrive.

Plattform: Xbox One
Ute: 31. oktober

Det vakte reaksjonar då Insomniac Games avslørte at deira neste spel ville bli eksklusivt for Xbox One. Med Sunset Overdrive vender studioet tilbake til sine humoristiske røter, og det i eit spel som blandar action med fart og spenning på finurleg vis. Ei leskedrikk har enda opp med å lage mutantar av alle som drikk den, og med rock og roll på slep blir det din jobb å lage Cola og Menthos av dei. Vi har kika på spelet, og ser fram til å få galskapen i hende:

«Sunset Overdrive kan bli eit riktig så bra spel når det dukkar opp ein gang midt på hausten. Insomniac har alltid laga gode og fargerike eventyr (med unntak av 2012-flausen Fuse), og alt tyder på at deira første Xbox-eksklusive spel vil vidareføre dei positive trendane. Her har vi et interessant univers, kreative våpen og hopp og sprett til krampa tar deg.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sunset Overdrive

Frå midgar til helvete

Det blir skrekk og gru The Evil Within.

Resten av spela i oktober ser ikkje ut til å vere noko å kimse av. Vi møter ei lang rekke lovande spel som alle kan ende opp med å underhalde stort. Vi får til dømes ta ein tur tilbake til Tolkiens verd i Middle-earth: Shadow of Mordor der vi døyr, berre for å kome tilbake til live for å slakte orkar alt vi er gode for. Meir fantasy får vi i det Dark Souls-inspirerte rollespelet Lords of the Fallen, eit spel som lovar å utfordre til og med den beste.

Vandøde skapningar og skrekk og gru blir vi lova når Resident Evil-skapar Shinji Mikami vender tilbake til sine skrekkrøter med The Evil Within. Om du vil ha litt mindre skrekk, litt meir action, men likevel vandrande lik og uhygge, kan Escape Dead Island vere eit alternativ.

Om alt du vil ha er action, kan derimot Borderlands: The Pre-Sequel vere spelet for deg. Her blir vi lova meir av den herlege actionpakka vi kjenner frå før, men i vektlaus tilstand på månen.

Vi rundar av månadens liste med nokre spel som godt mogleg er av litt trivelegare natur. Double Fine er tilbake med ein oppfølgjar til Halloween-rollespelet Costume Quest, medan musikkekspertane i Harmonix omsider har gjort seg ferdige med musikkspelet Fantasia: Music Evolved.

For gardsentusiastar minnar vi om at Farming Simulator 15 er klart for lansering i oktober.

Vi får òg ei rekke nyversjonar av meir eller mindre eldre spel. Ubisoft slepp ei samlepakke med Assassin's Creed-spel, Final Fantasy XIII kjem til PC, og det same gjer Ryse: Son of Rome. I tillegg dukkar Sleep Dogs opp på PlayStation 4 og Xbox One.

Heilt til slutt finn vi lenge etterlengta Super Smash Bros. for Nintendo 3DS. Mange vil nok reagere på at dette spelet ikkje klatra opp på topp 5-lista, men vi valde å gjere det slik sidan Wii U-versjonen ikkje blir lansert før neste månad.

Nyt oktober, vi har ein mistanke om den vil bli minneverdig.

Siste fra forsiden